13. Å for ein strålande morgon

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Litt om litt                                                                                                                                                   med små og store skritt                                                                                                                               du prøver varmt og kaldt                                                                                                                             du smaker søtt og surt og salt

(Christine Sandtorv)

– God morgon, mamma, kvitra ei lys og blid røyst mot meg då eg opna auga den fjerde morgonen.

Deretter var det ikkje råd å stoppa munnen på henne. Blikket var nokolunde kvikt og vakent, sett i forhold til omstenda og skaden, og med tanke på kor daude auga hadde vore dei få gongane ho gløtta på dei.

Ho skravla.

Ho spøkte.

Ho lo.

Ein kan bli religiøs av mindre.

Eg takka og eg takka og eg takka!

Skravlebøtta framfor meg kan ikkje kallast noko anna enn eit dobbelt mirakel. Først fordi ho i det heile tatt flytta inn i magen til ei halvgamal kjerring som ikkje trudde ho hadde anlegg for den slags. Deretter fordi ho, ja, ikkje døydde.

Eg skjønar det framleis ikkje.

Slå meg hardt dersom eg nokon gong tek for gitt at eg framleis har ho.

 

Natta hadde vore prega av kvalme hovudverk og uro. Men frå no av vart det tut og køyr. Vi fekk ein stram tidsplan for heile dagen. På den sto det kva tid ho skulle vakne, ete, sove, trene, sove, ete, kvile. Det sto kva tid lyset skulle vere av, og gardina skulle trekkas for. Ho sov enormt mykje. Tålte ekstremt lite.

Men dei neste dagane gjekk unna.

Det er utruleg kor sakte timane kan gå, medan dagane flyg. Tida flaut forbi i eit mørkt rom det meiste av tida, og kvart gløtt av dagslys var pur lukke. Eg trur ikkje nokon andre enn dei som har opplevd å sitje time etter time, dag etter dag i eit mørkt og stille rom kan forstå korleis det er. Ein kan førestille seg mykje her i livet. Ein kan prøve å setje seg inn i korleis det er å hamne i ei slik situasjon. Men enkelte ting kan ein ganske enkelt ikkje forstå utan å ha opplevd det sjølv.

 

Så var det eting. Å helsike for eit styr!

No dreidde alt seg om mat. Ungen ville ikkje ha noko som helst, verken vått eller tørt.

Banan med sjokopulver…null suksess.

Vi prøvde alt. Og då meiner eg alt! Yoghurt, pannekaker, pizza, graut, sjokoladekake, karamellpudding, chips, snop. Når systera mi og eg kunne sitje ved sida av henne i senga med ei gedigen pose med smågodt – og ungen ikkje så mykje som såg i vår retning – då treng eg ikkje nevrologspesialistar til å fortelje meg at ho hadde skada hovudet!

Systera mi fekk besøk av kjærasten, som er ernæringsfysiolog. Vi var sikker på at ho ville vere løysinga her, den ultimate, saliggjerande faktoren som redda det heile.

Gløymesak!

Ungen nekta plent å ete. Ikkje ein gong då ho såg lyset, og utbraut ‘taco!’ med stjerner i auga, og tanta klarte å trylle dette fram via nokon som kjente nokon som kjente nokon som hadde hybel med komfyr ein busstur unna og ho kom andpusten, raudkinna og triumferande springande inn i det grøne rommet med eit brett med nylaga, fredagsduftande taco!

– Eg likar det ikkje. Det smakar ikkje godt.

Ordet ‘frustrasjon’ er ikkje dekkande.

 

I blant fekk ho i seg nokre bitar av eit eller anna, men spydde det opp att. Alt mas og styr rundt matinntak vart for belastande for jenta, formana ein sjukepleiar, og gav oss instruks om at berre eg fekk vere hos ho i vaken-tida.

Eg hadde aldri trudd at det som skulle få meg til å grine av glede var å sjå ungen ete is! Sjølv om isdronninga, som glatt kunne ete fem is på rappen til vanleg om moglegheita var der, gav seg etter ein halv. Så smakte den og rart.

Det vart spekulert i om smakslaukane hadde fått seg ein smekk, noko som slettes ikkje var ein urimeleg tanke. Då vi seinare var på rehabiliteringssjukehuset, møtte vi ei jente med liknande skade. Ho meinte at alt smakte annleis.

– Det smakar svensk, sa ho, utan eigentleg å ha noko formeining om kva det inneber å smake svensk.

 

Tida gjekk og ungen åt ikkje. Drikke ville ho heller ikkje ha. Ikkje i nærleiken av nok i alle fall. Ein bit her, ein slurk der. Næringsdrikker vart testa ut. Vi laug og sa det var milkshake, utan hell. Ungen elskar vanlegvis sjokolademjølk, og det vart henta næringsdrikk med sjokoladesmak.

Niks. Ho lukta lunta.

Det var tanta som til slutt knakk koden. Ho lova å lage i ‘tantesjokomjølk’, og brygga si eiga finurlege blanding av næringsdrikk blanda med ukristeleg mange skeiar med Oboy-pulver. Eureka! Det gav ungen nokre av dei kaloriane og proteina den vesle kroppen så sårt trong. Til og med ernæringsfysiologen applauderte. Eg for min del utvida lista mi med ting ungen måtte på avvenning frå når alt ein gong ville vere over.

 

Ut i frå mengda med Oboy skulle ein tru det gjorde susen, men det rekte endå ikkje.

 

Sonde-temaet vart teke opp att.

 

I kombinasjon med at jenta var livredd kvar gong dei skulle gje medisin eller næring intravenøst, vart vi redda av ei ny sjukepleiarsolstråle, C. Ho hadde smil i auga og ei framtoning ein fekk ro i sjela av. Ho laga premieplakat, og fauk rett til førsteplassen der og då på sjukepleiar-rangeringa. Sjukepleiaren hadde klipt ut bokstavar og pynta med klistremerke, og lokka med fine premier for kvart tiande klistremerke ho samla.

Ei lukke at eg har ein unge med konkurranseinstinkt og sans for premier!

Her må eg få nytta høvet til å skryte hemningslaust av sjukepleiarane. For eit tolmod dei hadde! Dei var så imponerande gode på å forklare ting ungar syns er skumle og vonde på ein forståeleg og trygg måte. Dei tok seg den tida det tok, og var så milde og snille at eg vart heilt varm i hjarterota. Englar i kvitt. No brukar no englar å vere kvite til vanlig, men du skjønar kva eg meiner.

 

Premieplakaten funka. I alle fall sånn delvis. Ho klarte å ta medisinar, ho tillét at dei fikla med veneflon og intravenøse greier, ho lærte seg til og med å svelgje tablettar.

Men maten sleit ho framleis med.

Eg skal vel ikkje kasta kampestein i glashus, sjølv fekk eg verken svevn eller mat i meg på vekevis. Men det fortalde eg henne ikkje.

Eg syns det var i drygaste tidlege laget med spisevegring og kaloriteljing for ein seksåring. Men dra på saga kor vi telte. Og kor vi dikkederte. Og lokka. Og lurte.

– Kvar gong vi seier ‘pling’, tek du ein slurk. Kvar gong vi seier ‘plong’ tek du ein bit.

– Og kvar gong eg seier ‘plang’ vil eg ha kake!

Hadde det no berre vore så vel. Ho skulle fått ete så mykje kake at ho skulle blitt kurert for resten av livet.

Det vart omsider avgjort å leggje inn sonde, sjølv om ungen blånekta herfrå til månen. Men løftet om heile ti klistremerke (då ville ho ha sanka 30 – og oppnådd sin tredje premie) gjorde susen.

Vi sukka letta ut, heilt til kontrameldinga frå legane kom. Sonde var ikkje aktuelt likevel. Ein måtte vere medisinsk stabil for å flyttas til rehabiliteringssjukehuset. Behov for sonde tydde at ho ville vere for svak til å sendas dit. Ventelista der var lang, og vi var av dei heldige få som hadde fått plass der berre 9 dagar etter ulukka. Og Dagen nærma seg… Vi måtte få henne til å ete. Men det ville vore lettare å få Bin Laden til å konvertera til å bli from kristen.

Og han er trass alt daud.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.