15. Carpe Diem & dei

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Bak Berget det blå song fuglane støtt
og solå gjekk aldri ner.
Va det sant at høyet va mærre søtt
og villgraset grønnare der?

Nei, livet låg og blenda blikket
– tett innpå meg, her og nå!
Og dagane lyse på denne siå
av løgnå om Berget det blå.

(Kolbein Falkeid)

Det var ein siger då sonder, slangar, leidningar og intravenøse greier vart kopla frå, og ho i det minste tok til seg eit minstemål av næring (sitér meg aldri på at eg har kalla is for næring til henne, ho kjem til å misbruke det hemningslaust).

Ho drøymde mykje, og sov uroleg. Posttraumatisk forvirring, kalla dei det.

Og ho forsto såpass mykje sjølv at noko var gale med hovudet hennar. Den andre morgonen ho var vaken var det eit lite tilbakesteg. Ho verka annleis enn den første relativt oppegåande dagen. Meir passiv. Ho hadde snautt vakna før ho oppdaga at halve hovudet hennar var mjukt. Eg gløymer ikkje uttrykket i andletet hennar, kunne ikkje avgjere om ho såg redd eller lei seg ut.

– Er du lei deg, jenta mi?

– Eg vil sove, sa ho, snudde seg på sida og slokna.

 

I dagane som følgde, fann ho stadig eit påskot til å kjenne på hovudet.

– Kjenn kor mjukt håret mitt er, kunne ho seie.

Verdas dårlegaste påskot, for håret var så langt frå mjukt som det gjekk an. Vi snakkar alle flokar si moder. Monsterfloken. Floken frå helvete. Den var hard som stein – då ho dusja vart ikkje heile håret vått ein gong, vatnet berre rann over og ned forbi stålulla. Det var første gong eg trudde vi måtte skalpera ungen.

Det var då eg fekk mitt store revolusjonerande møte med mindfullness’en og dei!

Enkelte augeblikk festa seg djupt i sjela. Slike stunder der ein ikkje er nokre andre plasser i hovudet enn akkurat der ein er der og då. Slike augeblikk der det ikkje finst nokon annan viktigare plass i verda å vere enn akkurat der ein er. Ein finn ro i slike stundar.

Og å børste ut monsterfloken var ei av dei.

Å berre sitje der i senga med ryggen til jenta mi tett inntil meg, å varsamt løyse ut hårlokk etter hårlokk medan ho teikna sumarfuglar med fargestiftane ho fekk av sjukepleiaren. Vi sat lenge sånn.

Det er rart å både tenkje og seie det med tanke på situasjon og stad, men det var ei magisk stund, og eit av dei finaste minna eg har.

Og eg slapp å kome heim med ein skamklipt unge, eg løyste floken!

 

Vi vart drilla i skjermingskonseptet, systera mi og eg. Vart ekspertar på å bevege oss roleg, snakke med biblioteks-røyst. Berre sitje. Berre vente.

Og no som det verste var over, fann vi merkeleg nok heilt roen i oss sjølve. Det var overraskande godt. Eg tok meg i å tenkje at eg hadde utruleg godt av det.

Heime er det alltid noko som dreg i ein. Ein ‘skal berre’ så utruleg mykje. Rydde ut av oppvaskmaskina. Henge opp klede. Laga middag. Sjekke Facebook.

Kor ofte tek ein seg heilhjarta tid til å berre sitje å sjå på at ungane teiknar? Kor ofte tek ein seg tid til å berre setje seg ned og berre vere? Berre kose med ungane, eller kvarandre, snakke saman, stire litt tomt ut i lufta medan tankane surrar lett – utan at ein ‘berre skal’? Utan at ein kjenner den der litle uroa i magen, den vesle rastløysa som kitlar deg i tolmodet som ein irriterande, nærgåande floge?

 

Eg sat midt i mitt livs verste mareritt, med timar og dagar fulle av sjokk og frykt og usikkerhet på tilstand og konsekvensar og utfall og mén.

Eg var gjennom ei kjenslemessig og kaotisk berg- og dalbane av dei sjeldne, og sleit meg fullstendig ut på å ta meg saman for ikkje å rakne i saumane.

 

Men her eg sat og kjende på ei ro eg aldri har kjend maken til. Eg kjende på ei heilt eineståande, sjeldan nærleik til dottera mi. Det kjendes som om det var berre vi to, systera mi, i eit uendeleg hav av tid og rom.

 

Eg tør nesten ikkje sei det høgt, ikkje ein gong til meg sjølv – men sjølv om alt var så traumatisk og ille som det var, så tenkjer eg tilbake til glimta frå desse dagane, og månadene som låg føre oss, med eit snev av vemod og sakn og. Eg tek meg i å tenkje at eg har fått oppleve noko heilt spesielt, noko fint og midt oppi alt . Ein kan jo verte mentalundersøkt for mindre. Men sånn er det.

Eg lærte noko.

Trur eg då.

Det vil jo vise seg på sikt.

Og det gjorde det. Nyleg vart eg påmeld eit kurs i mindfullness av psykologen min. Ho meinte eg trong det…

Eg seier ikkje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.