26. Sure tær

 

Ver du glad i den nasen du har

Da gjer ingenting om den er både krokete og rar

Om han peiker mot sky, berre smil og ver kry

Og ver glad i den nasen du har

(Ivar Medaas)

 

Fleire pasientar var etter kvart kome til på barneavdelinga, og vi fekk nye vener, både jenta mi og eg.

Det var kjelde til pinleg nysgjerrigheit kvar gong ein båre med ein ny unge vart trilla inn på eit rom. Eg gjorde ein tapper innsats på å late som om eg var heilt uanfekta, men vrei halsen så mykje av ledd for å få med meg kven og kva at det var nummeret før eg fekk nakkekrage sjølv. Du kan jo tenkje deg sjølv. Ein vert aldeles sveltefora på kontakt med andre foreldre, og ein undra seg jo i hel på kvifor ungane deira var her.

Det var barn som kom på såkalla kontrollopphald, det vil seie 7-10 dagars innlegging eit års tid etter ein skade eller sjukdom.

Og det var ungar som kom for å bli der i månadsvis for å trena seg opp att til å bli – om ikkje heilt som før – så i alle fall så bra dei kunne etter skadane sine.

Nevropsykologen kopla meg opp med ei anna mor, K. Ho var med sonen sin på kontrollopphald. Psykologen meinte vi ville ha godt utbyte av å snakke saman. Då denne mora fortalde kva som hadde hendt han, bleikna vår eiga historie. Guten hennar, S, som då var 11, ramla ned fire-fem meter frå eit tre i skulegarden eit år tidlegare – og landa med andletet ned. Så godt som alle bein i fjeset var brekt, og han vart lagt i kunstig koma i tre døgn. Guten var ikkje til å kjenne att, såg eg på bileta mora viste meg. Ikkje ein gang ho kunne sjo at det var sonen som låg der.                       Tilsaman åtte dagar låg han på barneintensiven på same akuttsjukehus som oss, før dei flytta inn i det grøne skjermingsrommet ‘vårt’. Vi er blitt ein eigen og sær liten klan alle vi som har vore innom dette rommet. Talet på familiar som har budd der, møtt dei same sjukepleiarane og trakka nervøst i dei same korridorane har berre auka ettersom nye venskap og kjennskap har vakse fram i tida som har gått.

Tre veker måtte S og familien hans slå seg til ro i skjermingsrommet. Deretter vart dei flytta til rehabiliteringssjukehuset dei påfølgjande to månadene.

S var så hoven og forslått i andletet at det tok ei veke før han klarte å gløtte litt på eine auget. Berre tanken. Å vere elleve år, vakne opp på eit sjukehus utan å kunne opne auga, utan å ane kva som har hendt.

Dei måtte operere auga hans, og synet på det eine vart aldri som det var. Luktesansen mista han i eit heilt år. Framleis med seinfølgjer av skaden han fekk i hjernen.

Sjølv om denne guten vart hardare skadd enn jenta vår, var det frykteleg interessant å utveksle erfaringar om korleis dei to ungane var påverka. Likskapstrekka var mange. Og desse likskapstrekka gjekk igjen i alle eg møtte som hadde skada hovudet og påført seg hjerneskade. Problem med konsentrasjon og oppmerksemd. Oversensitivitet for sanseinntrykk. Endringar i reaksjonsmønster og åtferd. Og mest av alt kor fort slitne dei vert. Når hjernen vert sliten, påverkar og forverrar det alle dei andre utfordringane og.

Likskapstrekka i korleis mor hans opplevde det heile var og slåande like mine eigne røynsler.

Denne guten og mora ligg eit år framfor oss i løpet. Dermed hadde dei møtt ein del av dei utfordringane ein ofte møter med usynlege skadar eller sjukdommar.

Dei rundt ein er så sprettande glad for at ungen i det heile tatt lever, og det er ofte ikkje mogleg å sjå at dei feiler noko som helst. Av den grunn kan ein fort bli avfeia. K opplevde og at mange rundt dei tok lett på konsekvensar etter skaden til sonen, til dømes det med at han mista luktesansen. ‘Det kunne då ikkje vere noko å grina over’ meinte nokre, ‘det kunne jo vore så mykje verre’.

K såg det ikkje heilt sånn. Ikkje eg heller.

Ein tek sansane sine for gitt. Eg går i alle fall ikkje rundt til dagleg og reflekterer over kor fantastisk det er at eg kan sjå, lukte og høyre.

Men førestill deg at du aldri meir skulle kunne bruke luktesansen. Du ville aldri kjenne lukta av jul. Du ville aldri gå gjennom ein hage og kunne nyte dufta av nyslått gras og roser i blomstring om våren. Du ville aldri kunne stikke nasen bak i nakken på ungane dine og kjenne den heilt særeigne, trygge gode lukta av uendeleg kjærleik. Du vil ikkje kunne kjenne eimen av dei sure føtene dine før andre forlot rommet når du tek av deg skoa.

Du ville faktisk ikkje kunne kjenne røyklukt om det byrja å brenne rundt deg.

Dei var på sydentur, fortalde K, og hadde vore litt for raus med ein eller annan illeluktande og sterk insekts-spray. Stanken gjorde at dei var nøydd til å springe hostande ut av bungalowen medan dei heldt seg for munn og nase.

Den einaste som sat att og ikkje fekk med seg ein skit, det var guten utan luktesans. Han sat inne i eit anna rom utan å merke stanken.

Lukkeleg nok var det ikkje brann. Og lukkeleg nok kom luktesansen gradvis tilbake. Ein har rett og slett ingenting å miste, verken lemmer eller sansar.

Det er ikkje lenge sidan vi møttes att, eg og mora. ‘Sånne som oss’ har alltid mykje å snakke om. Mykje å utveksle. Samanlikne. Det går framover med han. Sjølv om han i selskap av mange, slit framleis med etterverknader av skaden han pådrog seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.