27. Shit happens, keep going (og en gaffel i øyet?)

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Vi skulle begynt på nytt 
skulle øvd oss litt før livet blei alvorlig 
Skulle visst ka som gjør ondt 
og ka som gjør nesten usårlig 
kor vi skal hente ei tru 
ka som e blindvei og ka som e bru 
ka vi skal drep og ka vi ska beskytt 
Vi skulle begynt på nytt

(Kari Bremnes)

Å bli kjend med K var fantastisk! Ho var den første ‘medsamansvorne’ mora eg vart kjend med. Eg hadde tørsta. Eg hadde lengta etter noko å lese, nokon å snakke med, nokon som kunne fortelje og forklare. Eg var sveltefora! Ho på sin side fann like mykje nytte, glede og trøyst i å snakka med meg, for då dei to tilbrakte sine ørten veker på rehabilitering året før, hadde ho ingen. Ho kjende seg dønn åleine. Når vi to no fekk utveksla, gav det den eine sa ufatteleg mykje gjenklang i den andre. Begge to sukka letta då vi forsto at ting vi hadde tenkt på, måten vi har takla alt, korleis vi begge har reagert underveis var heilt normalt.

Vi var ikkje springande sinnsjuke nokon av oss. Vi var berre mødrer som hadde opplevd store kriser.

I blant var det ein og annan pappa som var der. Ei veke var det faktisk tre. Dei såg tilsynelatande ut til å takle hendingane noko betre, eller i alle fall noko annleis enn mødrene. Dei var meir roleg og fatta, og handterte sine eigne reaksjonar med å vera praktiske. Dei styrte med forsikringsgreier og flybilletter, dei jobba meir, dei klarte i mykje større grad å kopla ut og av med bøker og film. Ja, dei verka på ein måte kulare enn oss ‘hysteriske kvinnfolk’ som gjekk inn i dette med hud og hår og kropp og sjel, med tjukke lag av kjensler både i og utanpå kroppen.

Rundt påsketider hadde det hendt saker og ting. Barneavdelinga hadde plutseleg fått barn. I rommet attmed vårt flytta det inn ein 4-åring som året før ut av det blå fekk hjernebløding. Eg undra veldig på kvifor han var der. Det gjekk ikkje an å sjå noko som helst på han. Men det slo meg jo fort at det var heilt typisk, dette var jo verkeleg sjukehusavdelinga for dei som ikkje var synleg sjuke.

I tillegg var det ei åtteårig jente der. Ho hadde vore utsett for ei akeulukke, og hatt eit hardt og uheldig møte med eit tre. Kraniebrot og hjernebløding. Pluss ti knekte ribbein og ei punktert lunge. Til tross for dette hadde ho eit kort opphald på sjukehuset med oss.

I alle fall. Det var pappaene eg skulle snakke om.

Den eine kvelden var jenta mi snyt fornærma då ho måtte leggje seg til vanleg tid klokka sju, medan dei andre ungane fekk springe rundt. Det hjelpte akkurat ikkje at naboen på fire sto i døropninga:

– Hva? D’ække leggetid nå! Jeg ska’kke legge meg før åtte, jeg!

– Eg trur eg er den strengaste mora på avdelinga, sukka eg til A-L, ei av sjukepleiarane og såg meg om, -….eller vent litt… eg er den einaste mora på avdelinga!

Det er ikkje berre berre å vere kontrollfrik-mor langt vekke, og ikkje ha litt koll på rutinar og den slags på heimefronten. Eg skal ikkje ein gong nemne kor mykje kjeft mannen min ofte fekk fordi guten vår så ofte var for sein i seng. Eller fordi han fekk spele for mykje SuperMario. Eller fordi han levde på P-mat. Pølser, pizza, pommes frites og paghetti.

Og eg skal ikkje snakka høgt om episoden då far skulle stelle heime og syntes at guten var blitt for langhåra. Det var saks og barbermaskin inne i biletet. Eg seier ikkje meir.

Men det eg kan snakka høgt og ope om, er dei første dagane etter ulukka. Då det var så mykje fram og tilbake om han skulle kome til sjukehuset eller ikkje. Mannen hadde  bretta opp erma og slipt og olja heile trappa heime. Det var dette med den praktiske måten å reagere på…

Dette var ikkje lett for nokon av oss. Vi hadde heilt ulike måtar å takla hendinga og reagere på. Eg har opparbeida inntrykket av at menn går meir inn i en slags ‘halde kvardagen i gong-modus’. Ofte kan dei kjenne seg tilsidesett, føle at dei ikkje har noko konkret å bidra med – og då er det beste å halde hjula i gong. Mannen min reagerte med sinne og frustrasjon, eg med hjartesorg og tårar.

Mødrene var styrt av kjensler. Kvinner viste seg å vere lengre sjukemeldt. Dei taklar dårlegare å gå attende i jobb, og slit tilsynelatande i det store og det heile meir enn fedrane. Ting som skjedde med borna deira set seg meir fast i kroppen på mødrene ser det ut til.

Shit happens, keep going, sa mannen min ved eit tilfelle. Og eg hadde lyst å gje han ein gaffel i auget.

Korleis i hulaste kunne ein ta så lett på det? Shit happens, det seier når ein riv hol i buksa, eller mobilen går i knas. Ikkje når ungen din pådreg seg hjerneskade. Bagatellisera så til dei gradar!

Sjølvsagt tok han ikkje så lett på det som det let. Det var dottera hans og, han var like redd og lei seg som eg.

Og inst inne visste eg at han hadde heilt rett.

Grufulle ting skjer, og ein har ikkje noko val, ein må berre gå vidare. Alternativet er å berre legge seg ned å døy.

Eg merka at eg la litt krav på opplevinga. Han hadde jo ikkje vore der, dei sekunda då livet snudde. I det avgjerdande augeblikket. Han var ikkje til stades dei første grufulle dagane. Det gjorde ikkje sjokket og sorga i han mindre, men eg ønskte å gje han heile historia i detalj så han kunne skjøne kva eg hadde vore gjennom og kvifor han såg meg så nedbroten. Det var ikkje lett for han.

– Eg har aldri sett deg grine så mykje, sa han fleire gonger, – eg har eigentleg aldri sett deg sånn, og eg veit ikkje kva eg skal gjere for å hjelpe deg.

Det var ikkje noko å gjere, han måtte berre forstå. Eg ville tvinga han til å forstå. Gni det inn. Eg vart illsint og fortvila for at han tilsynelatande berre brydde seg om – i mine auge – praktiske filleting. Dette var ein gjengangar, fortalde psykologen, basert på røynsla ho hadde med pårørande. Mødrene grein og fedrane var praktiske. Vi har ulike måtar å reagere på i krisetider. Det hjelpte meg å få vete det. Og fedrane grein dei og.

Det er skilnad på kvinner og menn, det er toskaskap å tenkje noko anna. Og sjølv om eg meiner heilhjarta at menn og kvinner skal dere likestilte med same rettar, er eg ikkje nødvendigvis samd i at vi for ein kvar pris skal vere dønn like i eitt og alt. For det er vi ikkje.

Utfordringa no handla om å sameine desse to ulike reaksjonsmønstra, slik at ein kunne stå samla i opplevingar som  er noko av det verste ein kan oppleve.

Lett var det ikkje. Men vi var – og er seige, og har på mange måtar fått ein ny forståing for kvarandre sine reaksjonsmønstrar. Mars og Venus eller ikkje, ein kan lett hamne på kvar sin planet, særleg når ein av foreldra var til stades, og den andre ikkje. Her skulle eg gjerne kome med ei oppskrift på korleis lukkast, men den har eg ikkje. Det gjeld berre å prøva. Halde ut. Snakke. Og ikkje minst lytte. Og der ein ikkje kan forstå – akseptere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.