28. Nytt ordforråd og erter i nasen

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Vem vet, inte du
Vem vet, inte jag
Vi vet ingenting nu
Vi vet inget idag

(Lisa Ekdal)

Dag for dag, steg for steg vart ungen betre. Ho kunne leike meir. Sove mindre.

Ho såg ut til å takle sjukehustilværet bra, sjølv om heimesaknet greip henne innimellom. Det var no ikkje mykje tid å kjede seg. Kvar fredag kom det plan for veka etter, og timane gjekk slag i slag. Den som trur det er lite å ta seg til på sjukehus, må tru om att. Til tider kunne det vere heseblesande. Samvitet let meg ikkje nytte timane hennar til å kvile sjølv den første tida, men så slepte eg meir og meir taket.

Dei ulike terapeutane kom til rommet og henta ungen med seg til ulike opplegg. Alt var kjekke ting for henne, og ho hadde det storveis. Det var skuletimar med logoped (sjølv om ungen som oftast klarte å lure henne med på å spele ymse spel), fysioterapi med varierte aktivitetar som teppecurling, ballspel i gymsalen, treningar i fysio-salen og mykje meir. Ergoterapeuten tok henne ofte med på kjøkenet i ergo-salen, der dei laga smoothier (som regel så mykje at vi kunne delt med to avdelingar), ‘murfins’ som ho kalla det, kaker og granola. I blant undra eg på om dei planla å ta livet av meg med mat.

Det varma hjartet å sjå kor fort ungen vart trygg på alle dei vaksne rundt seg, kor ho koste seg i lag med dei og med alt ho måtte vere med på.

Ho vart fort glad i folk, sto det i rapportane vi fekk i ettertid. Det er ein fin eigenskap. Om enn ikkje heilt optimalt når det er forbigåande og ein etter ei viss tid må forlate dei ein har knytt seg til.

Endeleg vart ho bra nok til bassengtrening. På tide, ettersom løgna mi om spa-hotell med basseng hadde blitt noko frynsete i kantane med tida. Men heilt løgn var det ikkje – det er det nærmaste spahotell-opphald eg har vore. Berre det å kunne stå opp, ete frukost, slenge på seg badekåpe og rusle hand i hand eit par etasjar ned i det oppvarma treningsbassenget med sjøutsikt, og duppe rundt på rygg i det varme vatnet medan ungen trena med fysioterapeuten.

Etter første besøk i vatnet vart ho heilt utslått. Ho måtte berast attende til rommet og senga der ho slokna tvert. Men det vart ei særs god treningsform for ho, med herlege frynsegodar for meg. Fasilitetane var flotte. Sjølv utsikta frå do var så spektakulær at eg måtte snappe til dei heime.

Ein skulle tru det var mykje tid til sutalause kaffipausar sidan ho hadde opplegg til godt ut på dagen. Men det var travelt. Telefonar og skriving av diverse søknader til NAV, prøve å få oversikt over det som skulle sendast til forsikring, organisere jobblivet heime. E-postane og innkomne anrop viste at verda ikkje hadde stoppa opp sjølv om vi hadde det. Som frilans skodespelar måtte eg finne andre til å ta over framsyningar og oppdrag, og seie nei til det som ikkje gjekk å gjennomføre. Eg var livredd for å verke useriøs og upåliteleg dersom eg flytta rundt eller takka nei til for mange førespurnader. Ein vert fort gløymd i mi bransje. Det står som regel nokon rett bak klar for å ta over, og eg håpa å ha eit liv å kome attende til når alt dette på eit eller anna tidspunkt var over. Korti no det skal bli.

I byrjinga av tida på rehab-sjukehuset var ungen framleis prega av posttraumatisk forvirring. Eg for min del er framleis kraftig ramma av det. Sjølv så lenge etterpå har eg trøbbel med å akseptere og forstå. Ikkje berre ulukka, men og konsekvensane det har fått for oss alle.

Etter påske sette dei i gong ei omfattande testing og kartlegging av dei kognitive funksjonane. Ordforrådet vart kraftig fornya. Vi vart godt kjend med ord som adekvat (kvitkledde er usedvanleg glad i det ordet), kognisjon, posttraumatisk forvirring og persepsjon.

– Skal seie du har lært deg mange fancy ord, kommenterte nokon då eg prøvde å oppdatere verda der ute.

Ja tenk eg har det, tenkte eg snurt, dei fancy orda er kvardagen vår i praksis.

Då ungen vakna til liv etter dei fire første medvitslause dagane fekk vi inntrykk av at alt var der, alle minne og all hugs. Desse vekene fekk vi jamne glimt av at dette ikkje var tilfelle. Korttidsminnet var merkbart prega, og ho hadde problem med å hugse kva ho hadde gjort same dag.

Tanter, onklar og andre kjende var blåst bort frå minnet. Eg kunne ikkje vise henne bilete av dei sidan ho ikkje fekk sjå på skjermar.

Rutinar og ritual festa seg. Ungen følgde dagsplanen slavisk, og vart ekstremt oppteke av klokke og tidspunkt. Frukosten måtte vere lik kvar dag – to hardkokte egg og ei skål med havregraut. Den eine morgonen sette eg grauten framfor henne, men ho åt ikkje. Berre rørte rundt i han, sniffa og snuste på skeia.

– Mamma, dette luktar graut, utbraut ho overraska.

– Eh ja..?

Ho såg undrande på meg.

– Det er jo… eh… du veit jo kva det er? eg trudde ho tulla med meg.

– ?

Ho tulla ikkje.

-…graut? Det er graut.

– Aaaah!

Alt fell på plass.

———

Eg lærte om kognisjon.

Kognisjon tyder erkjenning, og vi brukar det til å tileigne oss og bruke kunnskap, las eg på nett.

Psykologen hadde råda meg frå å google.

Ikkje putt erter i nasen.

Hovudskade. Hjerneskade. Kognitiv svikt. Eg googla det eg var god for.

Kognitive utfall (utfall er følgen av en skade) gjør at det blir vanskelig å bearbeide informasjon, og informasjon er noe vi får kontinuerlig i dagens samfunn. Også inntrykk man får på bussen er en form for informasjon.

At det blir vanskelig å bearbeide informasjon betyr at det blir vanskelig å velge ut hva som er relevant og å filtrere ut det som ikke er viktig. Man kan få vansker med å forstå informasjon man får, med å huske den og med og ”hente” den fram når den er relevant. Det er kort sagt utfordrende å resonnere og bruke informasjon.

Noen kognitive funksjoner er mer avgrenset, det er et spesielt område i hjernen som har den oppgaven, mens andre er avhengig av samspill mellom flere områder i hjernen. Eksempler på områder som krever samspill er hukommelse og oppmerksomhet, og disse funksjonene er derfor også svært utsatt etter hjerneskader. 

IKKJE LES MEIR!

Eg las meir.

Mulige symptomer på kognitiv svikt

  • Redusert mental kapasitet og trettbarhet
  • Hukommelsesvansker
  • Vansker med fortolkning av sanseinntrykk
  • Oppmerksomhetsvansker
  • Vansker med regulering av atferd og følelser
  • Redusert tempo
  • Reduserte problemløsningsevner og logiske evner
  • Vansker med å bruke språk, å snakke og si riktige ting i situasjonen.

LEGG VEKK IPADEN ELLER SJÅ EIN FILM!

Eg las.

Eksekutiv dysfunksjon.

Ordet eksekutiv kommer fra latin “executio”; utføre, fullføre. Nedsatte eksekutive funksjoner er blant de vanligste konsekvensene etter en hjerneskade. Eksekutiv dysfunksjon kan få konsekvenser for barns læreevne og psykososiale tilpasning. Mange opplever vansker med å målrette atferd, og mange har svikttegn som miljøet ikke forstår.

GÅ PÅ FACEBOOK! SJÅ PÅ KATTEVIDEOAR!

Men eg las.

I tillegg er disse barna risikoutsatt for å utvikle psykiske lidelser og har ofte vansker med å inngå i sosiale relasjoner. Utviklingen av eksekutive funksjoner er nært knyttet til grunnleggende aspekter for mellommenneskelig samhandling, som for eksempel evnen til å lese og forstå sosiale signaler fra andre, evnen til å regulere egen adferd og følelser, ta andres perspektiv og tilpasse egen adferd i interaksjon med andre barn. 

Eg la vekk iPad’en. Prøvde å vere her og no. Eg tok opp att ipad’en.

Redusert mental kapasitet

Ikkje tenk på det, ikkje tenk!

Oppmerksomhetsvansker

Ikkje tenk på det, ikkje tenk. Barn kjem seg mykje fortare enn vaksne, det er det alle seier.

Vansker med regulering av atferd og følelser

Hjernen er plastisk og fiksar seg sjølv.

Vansker med å inngå i sosiale relasjoner

Barn taklar slike skadar fantastisk bra. Godt det ikkje var meg.

Eg tok opp iPad’en og søkte på utvikling av barnehjernar etter skade.

Et av problemene med hjerneskader hos barn er altså at selv om man kan vurdere hvilke konsekvenser skaden har her og nå, kan de egentlige og kroniske følgevirkningene først vurderes når barnet er ferdigutviklet. Hjerneskader hos barn kan sammenliknes med en vifte som langsomt foldes ut. Først når viften er hel foldet ut, kan man se hvordan den egentlig er. Det ser ein først rundt 20 års alder.

– Vil ho bli bra att?

– Ein må berre ta tida til hjelp og sjå.

– Men vil ho bli bra att? Heilt som før?

– Ho vil bli betre. Og ho vil bli eldre, lære seg teknikkar for korleis å handtere ting.

– MEN VIL HO BLI BRA ATT??

– Ho vil få eit godt liv uansett. Tid. Gje ho tid.

Nevrokirurgisk kontroll. Spesialist i nevrokirurgi frå akuttsjukehuset på visitt. Second opinion. Dei ville alltid det, at en lege nummer to skulle sjå på bileta og gå gjennom beskrivinga av dei. Eg kjende meg trygg og komfortabel med han, fekk tillit. Han snakka norsk, og ikkje doktorsk. Teikna og fortalde, viste bilete, peika og informerte om kva, kor og korleis.

– Ho var heldig som ikkje fekk Diffus Aksonal Skade.

Eg pusta letta ut, – så då har ho ikkje hjerneskade då altså?

– Jo det har ho.

Kor treig i oppfatninga ho var denne mora, følte eg blikket hans sa, – Sjå på bileta, dei talar sitt tydelege språk, og det er innlysande at dette kjem til å ta lang, lang tid. Men betringskurva er vi nøgd med så langt.

Tid. Gje ho tid.

– Har du spørsmål?

Ja.

Korleis ete ein elefant?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.