8. Det går alltid eit tog

Når mørket er som mørkest

og ingen klokke slår

Da virker det som natten har vart i hundre år

(fra Jul i Svingen)

Det var fleire hjernar som ikkje verka. Då vi innsåg kor alvorleg det heile sto til var det for seint. Det ville vore ein god plan at faren kom over til Oslo likevel. Då kunne han få sjå jenta si, og hente broren med seg heim. Men det var ikkje lenger råd å få flybillettar, ikkje begge vegane. Det var slutten på vinterferien, og det var ein eller anna hot konsert som alle skulle på. Etter planen skulle ungane og eg reist heim att fredagen. No lufta vi alle moglegheiter. Systera mi kunne ta min togbillett og følgje guten heim, for så å fly tilbake til hovudstaden. Men eg trong henne der, og vi kunne ikkje sende guten åleine med tog. Til slutt vi klarte å få tinga flybillett til han fredag kveld.

Faren fekk bli heime. Det var ikkje lett for han å sitje på andre sida av landet, men i blant har eg undra på om han eigentleg ikkje våga å sjå det som ville møte han. Det vart eit tilbakevendande tema mellom oss.

Men i staden for å sitje å tvinne tommeltottar, slipte og olja han trappa. Aldri så gale, osv.

I blant fekk ho panikkanfall. Eg hadde lagt merke til at når pulsen hennar gjekk i veret, så sank hjartefrekvensen med 40-50 slag i minuttet når eg haldt rundt ho. Så eg spurde, til tross for strenge instruksar frå barnenevrologen, om eg kunne leggje med opp i senga attmed henne og halde roleg rundt ho. Dei konfererte med legen, og eg fekk lov.

Eg låg der i tre timar. Heilt stille. Våga ikkje røre meg, av frykt at det skulle vere for mykje for hjernen hennar. Kvar gong panikken greip ho, klemte eg armane litt tettare om henne. Då roa ho seg på få sekund, og pulsen sank. Det var påfallande. Ein skal altså ikkje undervurdera effekten av ein klem. Verd å merke seg før du les vidare.

Sjukepleiarane trylla fram ei seng til meg som fekk stå tett inntil hennar, og sa det var ‘hensiktsmessig’ at eg sov saman med ho sidan ho reagerte så bra på nærleiken.

Det hadde nok og litt å gjere med at dei var underbemanna den natta.

Det var som å vere kasta tilbake til tida som nybakt mor då tvillingane var nyfødde. Ein ligg på vakt, søv halvhjerta og står i senga ved kvart minste klynk.

Dei kom før tida, og var så skøyre og små.

Mamma er her, mamma passar på.

Eg kviskra det då, og eg kviskra det no.

Då sjukepleiarane kom for å byte væske på veneflonen hennar, lurte eg på om det ikkje hadde vore mogleg å få litt intravenøst eg og. Ein dunk med vin til dømes.

Dei syntes eg var skikkelig løyen, og trudde eg ikkje meinte det…

Eg sov ikkje mykje. Lista meg ut i gongen for å gå på do, og sneik i skåpet på pårøranderommet for å finne nokre kjeks for å døyve murringa i magen. Natta hadde senka eit stille og mjukt og stille teppe over avdelinga, og eg sto eit augeblikk heilt i ro utanfor isolatet og berre tok inn stemninga. Lydane. Tankane.

Heile natta spant det i hovudet, og eg prøvde å finne meining og logikk i det heile. Men både meininga og logikken hadde teke ferie og svara verken på mail eller telefon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.