9. Korleis ete ein elefant

Sjå koss augun mine renn
Hjarta mitt blør
Psykisk kan du vera sjøl
Kom hit og sett deg ned
Du kan vel sjå litt stort på det

(Stein Torleif Bjella)

Nattevakta kunne rapportere at ungen hadde vore roligare den natta enn i dagane før. Kvar gong dei kom for å gje medisinar eller sjekka pupillane, heldt eg armane tett omkring henne, og panikken heldt seg unna.

I 10-tida kom ei ny sjukepleiar og sa dei skulle byrje å trene henne opp att.

Trene henne opp att? Ein medvitslaus unge?

Lukke til med det!

‘Treninga’ gjekk ut på heilt daglegdagse handlingar, som å kle på seg, pusse tenner og den slags. ADL heitte det. Allmenn daglig liv. På den måten skulle ein vekkje hjernen. Sjå om han kjende att heilt vanlege rutinar og gjeremål.

Resultatet var gitt på førehand. Ungen vart hjelpt opp i sittande stilling, men satt berre med open munn og stirra tomt framfor seg. Ho klarte ikkje å knipe fingeren til sjukepleiaren på oppmoding. Tannbørsten ramla ut av handa, og ho spydde utover heile meg av tannkremen. Tissa på meg klarte ho og. Eg svor på å ta ein grufull hemn når eg ein gong kjem på gamleheimen.

Sjukepleiaren innsåg avgrensingane sine, det var berre å la ungen få fred. Ho vakna ikkje.
Det gjekk for seint for meg no. Kvifor vakna ho ikkje? Eg ville sjå framsteg, sjå teikn til betring, og eg ville sjå dei no!

Men korleis ska ein ete ein elefant?

 

Besteveninne M kom med guten min ut på føremiddagen. Han gjekk (overraskande nok) rett i is-skuffen.

På veg til sengepost, skjerma frå lys, lyd og alle andre stimuli

Alt hende samstundes. Ungen vart flytta opp ein etasje til sengeposten samstundes som sjukehuspsykologen kom for å snakke med M og meg. Eg ville ha henne med, ho såg ulukka, og trong og å få snakka av seg hendinga.

Systo mi hadde følgd med niesa til den nye avdelinga, og no greip eg greip tak i første og beste kvitkledde menneske.

– Guten må følgjas til rommet der systera og tanta er. Eg anar ikkje kor, men det finn du vel ut av du som jobbar her.

Han traska i veg, hand i hand med dama i kvitt. Takk og lov at dei er trygge og tillitsfulle ungar frå før av.

Psykologen fortener eit eige kapittel (men det får ho ikkje). Ho snakka på inn- og utpust. La meg presisere at ho var ei særs klok og god dame! Vi likte henne godt, fann straks tillit og kjende oss trygge. Men ho var akkurat slik ein ser for seg tøyseversjonen av psykologar. Og vi var over gjennomsnittet lett å vippe av pinnen, i både eine og andre mentale retningen.

– Jah, jah jah, akkurat ja, nettopp, jah jah, ikkje…? Neih, neih, akkurat ja, nettopp jah!

Ho trakk  pusten inn kvar gong ho sa ‘ja’, – Og du er mor hennar då då, henvende ho seg til M og nikka mot meg, – jah, jah, ikkje? Nei akkurat. Bestevenninna jah, nettopp, akkurat ja.

Magemusklane vrei seg. Latteren som sprenga på var av det hysteriske slaget. Dei hadde vore nøydd til å skrapa oss opp att av golvet om vi let han sleppe ut. Så vi tvinga den attende.

Men den skal ho ha – psykologen var god, det var enorm hjelp i henne. Når vi kom til orde, då. Godt at ho hadde lang røynsle og visste kva ho dreiv med.

Med hennar hjelp innsåg vi at vi hadde stira Dauden i kvitauget. Han hadde vore farleg nære, men hadde vald å lat oss vere i fred denne gongen. Eg er han evig takksam for det.

 

Eg fekk vete meir om kva som faktisk hadde hendt. Aladdin på det flygande teppet, som M no kalla henne, hadde floge på akematta ut forbi kanten på knausen, før ho brått forsvann ut av synsvidd. M såg henne liggje livlaus på fortauet der nede, men trudde ho berre hadde slått pusten ut av seg. Ho hadde kava seg gjennom djup snø og ned til ungen. Telefonen hennar låg att i huset, og ho fekk ikkje kontakt med verken meg eller andre. Ikkje eit menneske var å sjå. M var redd ho hadde brekt noko vitalt, men ungen hadde stabla seg meir eller mindre på beina. Tilsynelatande verka kroppen nokolunde, men auga snurra rundt i skallen på henne. M måtte gå ein omveg opp til huset, og ungen hadde svima av i armane hennar tjue-tretti gonger på vegen.

Då dei kom opp og ringde på døra var eg omsider ferdig kledd, klar til første vinterferiedag med glade ungar, aking og leik i snøen.

– Ho har ramla, sa broren, – og ho mista brillene sine.

– Lille venn, har du slått deg du då, trøsta eg, – kor gjer det vondt?

Ho klarte ikkje gjere greie for seg, det kom berre merkeleg klagande lydar.

– Eg trur kanskje vi burde tatt ein tur til legen med henne, sa M.

Så ramla ungen saman i armane mine, og dekninga forsvann – vi fekk ikkje kontakt med henne lenger.

Då ringde vi 113.

M var kraftig prega av hendinga. Bileta av fallet og ungen som låg livlaus svirra på netthinna døgnet rundt. Ho var redd for at det var hennar skuld, og at eg ville vere sint på henne.

Det var eg ikkje.

Frykta for at ho hadde forverra noko då ho bar ungen opp att til huset plaga henne og. Dette fekk vi avkrefta. Det skulle bli naudsynt å få det avkrefta mange gonger, i lang tid.

Det gjorde godt å snakke med psykologen – og kvarandre. Dette var ikkje tida å bruke på å leggje skulda på nokon eller vere sint på kvarandre. Dette var tida for å hjelpe og støtte kvarandre gjennom ei traumatisk oppleving. Det har vi heldigvis klart. Både då, og heile tida etterpå. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan henne. Det skulle visa seg uvurderleg å ha eit anna menneske som visste kva det gjekk i, som hadde vore gjennom same sjokkarta hending. Eit anna menneske som verkeleg forsto. Eg skulle kome til å samla på slike menneske.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.