42. Trampolinehelsike og ein ny kvardag

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Orker ikke, gidder ikke, passer m’ække, raker’ække
Vi’kke, ha’kke, må’kke, ska’kke, få’kke, bø’kke, ta’kke, tø’kke

Kvardagen altså. Vi kom i alle fall heim til rette tida på året. Mai. Sol. Fuglekvitter. Varme. Frukttre i blomstring.

Og trampolinar…

Trampolinar, eller fandens verk som eg  vel å kalla dei. Nabolaget var fylt av nyerverva konfliktgrunnlag. I somme stunder tenkte eg at det ville vore enklare å koma heim på vinterstid, sol eller ikkje. For kva seier ein til ei 6-åring som sjølvsagt berre vil hoppe på trampolinen med dei andre ungane, men som ikkje kan gjere nett det? Ein 6-åring som helst vil vere som andre 6-åringer og gjere det dei andre 6-åringane gjer. Som fell utanfor når ho er den einaste som ikkje får lov. Eg har berre takka min skapar for at me er velsigna med ungar som ikkje spelar fotball eller driv med andre sportslege aktivitetar, då hadde ho flytta heime frå. For godt.

– Ein bør vere ekstra forsiktig MINST heile det kommande året’, var instruksen frå sjukehuset, – elles kan og bør ein prøve å leva som normalt’. Vi nikka og forsto. Heilt til vi møtte problemstillinga i praksis, ca. 2 timar etter vi landa heime.

Dei to jentene i gata vår kom jublande mot henne då ho steig ut av bilen.

Sjølvsagt fekk ho leike med dei trass i at det var seint på kvelden, reisa hadde vore eit mareritt, og ho snarast burde i seng.

…men dei hadde fått trampoline…

Eg er blitt verdas verste mor. Ungen ønskjer meg ofte alt verst tenkeleg når ho har møtt igjen kvardagen med sine nye avgrensinger. Det hjelp ikkje med logiske forklaringer om at ho ikkje bør skada hovudet sitt igjen, og at eg seier nei fordi eg elskar henne. Ho opplev det som stikk motsett, at eg er vond, og ikkje vil henne vel. Og eg skjønar det.

Det var sommar og sol, og kva gjer ungar då? Dei hoppar på trampoline. Det er jo sjølve definisjonen på norsk sumarhageidyll der det bur ungar.

– Jenta mi, vil du ikkje høyre litt lydbok i staden for..?

SØK DEKNING…..

Ein heil del av raseriutbrota hennar er for oss foreldre komplett umogleg å begripe. Men slike som dette kan eg lett forstå. Eg kan veldig lett forstå henne. Men det hjelp så forsvinnande lite å forstå. Livet hennar etter skade, sjukehus og utskriving er fullstendig endra. Framleis er det mykje ho ikkje kan, får, eller orkar å vere med på. Ungen, som tidlegare elska bursdagsbesøk, har fleire gongar takka nei, fordi ho merkar sjølv at det blir for mykje for henne. Sjølv om enkelte ting har betra seg, er det somme ting som har sett seg fast. Batteriet hennar legg store føringer på livet og kvardagen hennar. Får ho ikkje nok kvile, så rasar alt. Ingen veit om det vil betre seg eller forsvinne. Alle veit berre at det har vart lenge, lenger enn alle har trudd og håpa. Utan mengder av tilrettelegging og tilpassing fungerer ho ikkje. Det fine er at vi byrjar å bli gode på det, det har snike seg inn som ein naturleg del av tilværet.

Uansett kom eg attende til livet vårt med ambisiøse intensjoner. Alt eg skulle gjere då eg kom heim!

Eg hadde nokolunde innfunne meg med lagnaden som heimeverande mor i uviss tid framover, og eg tenkte å gjere det beste ut av det. Nyte roa heime. Den ein sjeldan får kjent på i travle jobbkvardagar.

Vèret så lovande ut. Mai er favorittmånaden min, då naturen vaknar for fullt, og verda er like lysegrøn som håpet. Heimbyen er særleg vakker i mai, det ville bli ei fin tid å kome heim på.

Eg skulle ta ungen med ut i hagen. Skulder ved skulder skulle mor og dotter sitte og grave i beda, plante blomar og dyrke i drivhuset.

Eg skulle baka rundstykke, og vi skulle gå turar i skogen saman.

Det skulle bli idyll og harmoni.

– Eg trur du har gløymd kva du har vore gjennom, sa psykologen tørt då eg hulka sjølvmedlidande over at eg ikkje ein gong orka å gå på do sjølv, – kanskje du skal jekke ned forventningane dine kraftig…? Det er ein grunn til at mange foreldre er sjukemeldt i månadsvis etter slike traumatiske hendingar, og kor lenge har du vore heime..? Var det 8 dagar..?

Forventningane mine til meg sjølv var ikkje berre skyhøge, dei var fullstendig urealistiske. I tillegg til dei forventningane eg følte – eller trudde – at andre hadde til meg. At no som vi endeleg var komen heim, skulle alt vere som vanleg og gå som normalt. Eg skulle vere den gamle meg, den som folk smilande rista litt på hovudet:

– Skjønar ikkje kor du tek energien din frå, du får jo til så utruleg mykje, har eg alltid fått høyre.

Og eg FEKK til mykje.

Eg kunne spele to-tre framsyningar per dag. Teaterkompaniet mitt hadde 3-4 premierar i året. Eg skreiv nye stykke. Eg var tvillingmor.

Eg haldt huset plettfritt.

(…det siste der var blank løgn, det såg like bomba ut hos oss som hos andre barnefamiliar. Som regel verre.)

Men eg fekk gjort mykje. Sjølvsagt vart eg sliten, ofte kjende eg meg som ei vridd vaskefille, likevel fekk eg gjort ting.

No gjorde eg ikkje det. Tiltakslysta og energien var gått ut på dato.

Ingenting vart som eg hadde førestilt meg. Og ein kan jo undrast på kva det var eg eigentleg hadde førestilt meg.

Nokon gav meg eit godt tips. Ein skal prøva å re opp senga kvar morgon. Dersom ein ikkje får gjort noko som helst anna den dagen, kan ein i alle fall sjå på ei ryddig og velstelt seng før ein legg seg, og tenkje at ein i det minste fekk ein ting til denne dagen.

Det var faktisk ikkje så dumt, merka eg då eg prøvde det. Det funka. I alle fall i fire-fem dagar.

Livet er framleis saktegående. Verda utanfor går i rasande tempo, og eg lever i ei forvirrande blanding av å roe ned karusellen i magen, døyve uroa og rastløysa, den som i alle år har drive meg framover – og det å klare å setje ned tempoet. Rett og slett tillate seg å leve litt saktare enn andre – og ein tidlegare versjon av seg sjølv.

 Somme stunder klarar eg det. Og då nyt eg det. Inni hovudet mitt veit eg at livet er kort, og tida går så altfor fort. Og då zoomer eg inn til mikronivå. Og opplev til mi store overrasking at det faktisk er noko eg burde byrja med for lenge sidan.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Annonser

41. Pasientreiser & dei (eller heimreisa frå helvete om du vil)

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Nu är vi här och du ler emot mig
fast resan varit svår
Och vi glömmer att det varit vinter
se nu är det vår
Vi försvann, vi var långt, långt borta
Nu kan vi gå hem

Pasientransport tinga til klokka elleve. Herleg. Taxi. Ikkje etappevis med buss og båt og tog. Sutalaust og fint.

Det tek si tid å ta farvel med alle ein har vorten glad i, både tilsette og utsette. Vemodet var stort då vi gjekk dei faste rutene ein siste gong.

Livet rundt oss haldt fram. Folk kom og gjekk frå treningar og behandling, kantina fylltes opp med svoltne pasientmagar, travle sjukepleiarar hasta forbi.

Systera mi var komen for å hjelpe oss å pakke, og hjelpe oss på heimreisa. Det som hadde vore heimen vår i lang tid forsvann ned i kofferter. Veggene vart reinska siste kvelden, og tredde fram like nakne og uvelkomne som då vi kom.

Den morgonen vi skulle reise heim ville ikkje ungen stå opp. Ho kraup opp i gjestesenga til tanta, og snudde ryggen til verda. Alt var feil, klede, frukost – alt. Vrangsida ut. Det hjelpte ikkje same kva vi sa og kva vi gjorde, vi fekk henne ikkje ut av senga.

Eg kan berre spekulere i kva som plaga ho. Det var ikkje lett for nokon av oss å dra frå sjukehuset, og ho var nok like uroleg og til og med lei seg som eg. Det var merkeleg vemodig.

Teamsjukepleiaren vår, EM, gjorde ein aller siste innsats, og nådde som alltid gjennom. Fekk stelt henne, kledt på henne og sett håret opp i ein klassisk ‘EM-tutt’, av den sorten berre EM kunne. Og fekk lov til…

E vart og ei redning, ho hadde ekstra risgraut å dele.

Det var organisert slik at E og A skulle dra saman med oss, det var deira tur å teste ut daglegliv på permisjon, og dei skulle fly ein halvtime før oss.

Tre vaksne, to ungar, fire koffertar, to ryggsekkar og ei barnevagn. Alt var godt førebudd.

11.08

Stor bil var tinga. Liten bil kom.

Sjåføren klaska handa i panna og okka seg. Hjelpepleiaren frå teamet vårt hadde følgt oss ned. No vifta ho med rekvisisjonen der alt sto svart på kvitt, alt skulle vere rett og riktig. Det hjelpte ikkje, bilen vart ikkje større.

Ja ja, det ordnar seg nok. Då sender dei stor bil.

Stor bil var ikkje å oppdrive, hjelpepleiaren kasta seg inn i kampen, og to vanlege bilar vart tinga.

Sjåføren sa at dei andre bilane ikkje hadde barneseter. Vi kunne få låne dei dersom dei kom frå same selskap. Han tok dei ut. Vart usikker på om det var rett avgjersle, og lempa dei inn att.

Pleiaren drog dei ut att.

Sjåføren tok dei inn att.

Pleiaren drog dei ut att.

Sjåføren drog inn.

Pleiaren drog ut.

Hjelpepleiaren var ei eldre, ganske lita og veldig søt dame, lys og mild i røysta. Vi kunne ikkje førestelle oss å sjå ho noko som likna sinna. Men dette likna. Veldig.

– Du dreg ikkje herifrå med dei setane! Røysta var like lys, men med ei klang som ikkje let seg ta feil av.

Setene vart ståande, og taxien køyrde. Vi kjende lukta av svidd gummi og hissige ord.

 

11.39

Telefonen til hjelpepleiaren vår byrja å lukte svidd den og. Hadde ho hatt skritteljar, hadde ho fått full pott på dagkvota av steg og trappetrinn.

Småjentene var slitne, det nærma seg kviletid. Det ville ikkje bli kviletid. Auge og humør nærma seg raudt.

Klokka tikka og gjekk ubønhøyrleg. Flyene våre venta ikkje. Vi hadde avgangstid klokka 15.30, E og A ein halvtime tidlegare.

Ein sjukepleiar vi berre hadde hatt som vikar på avdelinga ein gong sat og mata ein pasient som var lenka til rullestolen utan førlegheit, og oppfatta den prekære situasjonen. Han kom med kald drikke og is til jentene før han trilla pasienten sin inn frå solsteiken.

– Men så kom igjen’a, vi ha’kke hele dagen på oss! Han klappa i henda for at pasienten skulle sette fart.

Vi lo. Sjukepleiaren lo. Og pasienten lo aller mest.

Eg har ikkje oversikt over kor hjelpepleiaren vår ringte og kven ho snakka med, men apparatet vart sett i gong. To bilar skulle kome. Pust ut!

Vèrgudane feira utskrivinga med full sumar, solen steikte, og vi sette oss ned i hagemøblane og naut omgjevnadene til sjukehuset på sitt beste. Vi saug inn eit siste inntrykk av den mirakuløse utsikta over fjorden, og prøvde å prente inn kvart einaste glimt i minneboka i sjela.

 

11.53

Ingen bil.

Hjelpepleiaren vår kom, ringte og gjekk.

12.07

Pasientreiser ringte. Fekk kjeft fordi tinginga av bil var gjort feil. ‘En kunne ikkje berre tinga felles bil til to ulike pasientar, det var ikkje reglement.’

Fornuft versus regler. Fornufta tapte.

Det spelte ikkje noko rolle at vi skulle same veg, at det var enklare å fylle opp ein bil og at to mødrer med ungar med hjerneskade kunne hjelpe kvarandre undervegs og på flyplassen. Det hjelpte heller ikkje at ei av mødrene – og ei tante (heldigvis i kvar sin familie) hadde utprega flyskrekk, i tillegg til å reise med eit funksjonshemma barn.

Regler er regler.

Ingen bil.

Hjelpepleiar kom, ringte, og gjekk.

 

12.16

Ingen bil.

Pleiaren kom, sa det skulle kome to bilar. Pleiaren gjekk.

Ein unge hylte.

Systera mi lufta tanken om å tinga om flyet til litt seinare.

Mor mi sendte sms.

 

12.32

Ingen bil.

Hjelpepleiar kom.

– Er ikkje bilen komen?

Ho ringte, ho gjekk.

To ungar låg på bakken og vrei seg.

Mor mi ringte.

 

12.40

Bil kom.

Ein bil.

Halvanna times køyretur til Gardermoen.

– E og A dreg først, sa eg, – dei må rekke flyet sitt, vi har litt betre tid.

Barnesete og kofferter inn.

A inn.

 

12.41

Taxisjåføren spør om det er A som er jenta mi.

– Nei, svarar eg og peiker på jenta mi, – det er ho.

Sjåføren viftar med bestilling.

– Då kan eg ikkje ta dei hine med. Det står dykkars namn på bestillinga, eg har ikkje lov å køyre andre.

A ut.

– Det er ikkje ein kjeft som veit kva ungen som sit i bilen din heiter, og dei må rekkje flyet sitt.

– Reglar er reglar. Berre dykk i min bil.

 

12.57

Kofferter ut.

– FLYET DEIRA GÅR FØR VÅRT OG VI VAR LOVA TAXI KLOKKA ELLEVE OG NO ER HO SNART EITT OG EG DRIT I REGLANE SÅ LENGE  VI ALLE REKK DEI FLYA VI SKAL REKKE FÅ DEN MINSTE JENTA INN I BILEN!

Kofferter inn, A inn.

Sjåføren står på sitt.

– Det er ikkje min feil, reglar er reglar.

Kofferter ut.

 

12.58

Småjentene er snart små tidsinnstelde bombar. Mødrene og. Viss ikkje dette ordnar seg snart kjem vi ikkje gjennom sikkerheitskontrollen utan at alarmen går.

 

12.59

– Drit, eg skjer i gjennom, no er eg raud i toppen, – då tek eg og dottera mi den bilen – MEN DEI TO ANDRE SKAL VERE MED!

Sjåføren tør ikkje protestere, han har lese ein plass at ein ikkje skal argumentere med ustabile menneske.

Systera mi (ho med flyskrekk) skrik ut.

– Du dreg ikkje frå meg, eg flyr ikkje åleine viss eg må dra seinare!

Eg kan ikkje ta slike smålege omsyn no.

– Vi dreg. Neste bil kjem snart, du kjem rett etter oss, dette fiksar du!

– Ikkje dra utan meg!!

– NO GJER DU DEG, DET MÅ BLI SLIK, DEI TO ANDRE REKK IKKJE FLYET SITT ELLES.

Dei andre to hadde billigbillettar, vi hadde dei dyrare som kunne tingast om.

Vi drog. Ungen hylgrein. Tante sto att.

Det var som ein dårleg film der eg såg avstanden gjere ho stadig mindre gjennom bakruta.

 

13.02

På veg.

Pust ut. Svingete vegar. Kokvarm bil. Gal sjåfør.

– Er du kvalm, jenta mi?

– Nei, eg fekk bilsjuketablett.

Det fekk ikkje eg.

 

13.03

Sms frå systera mi. Ingen bil

 

13.04

Sms frå systera mi. INGEN BIL!

 

13.05

A sovnar i bilen. E og eg vekslar blikk og veit ikkje om vi skal le eller grine av sjåføren. Karakter, er å seie det mildt.

 

13.06

Eg ring systera mi. Ingen bil. Eg snakkar med hjelpepleiaren som og er der.

Bil er lova seinast 13.10.

 

13.10

Ingen bil.

 

13.15

Ingen bil.

Ungen søv ikkje.

Sms frå systera mi:

‘Eg sit her framleis.’

Ny sms:

‘Vi rekk ikkje flyet’

Enda ein:

‘EG KLIKKAR SNART’

 

13.19

INGEN BIL.

Ungen mørknar både i og under auga.

– Dette går fint, jenta mi, eg er kald og roleg, – tante kjem snart. Mamma er her. Mamma passar på.

Sms frå systera mi:

‘Kva er det latinske namnet på noverande traumatisk stressreaksjon?’

 

13.20

Eg ring pasientkoordinatoren på avdelinga. Kjem ikkje gjennom. Dei sporar opp taxier for harde livet.

Sender panisk Facebook-melding til H, mora til åtteåringen på avdelinga:

‘MÅÅÅ SNAKKE MED KOORDINATOR, FINN HENNE OG BE HENNE RINGE’.

 

13.22

Ungen søv ikkje.

Eg ring systera mi att. Vi prøver å byte fly.

Koordinatoren ring. Dei står på vent på linja med Pasientreiser på ein annan telefon. Dei skal sjekke om endring av billetter og ringe attende.

Eg ring SAS:

«Ver venleg hald linja, du er no nummer femte -»

Eg legg på og googlar SAS og flytider. Vi flyg allereie, sjåføren køyrar som ein galning. Eg finn ikkje info om endring av billettar, nettet er dårleg. Eg spyr snart.

 

13.24

Ingen lyd frå sjukehuset eller Pasientreiser. Eg ring SAS.

 

13.29

Eg kjem gjennom til SAS. Jau då, vi kan byte, det er nokre få ledige plassar  på 17.15-flyet, og berre to plassar att klokka 22.50.

Det er himmelsprett og langhelg – alle flyg.

Det er ikkje noko gebyr, men mellomlegget kjem på 10.000,-.

– Takk for meg, kanskje eg ring attende, kanskje ikkje.

 

13.31

Eg ring sjukehuset, nemner ikkje mellomlegg. Dei ring Pasientreiser.

Eg ventar på tilbakemelding.

Ungen søv ikkje.

 

13.34

Sms frå tanta:

‘Nettopp kjørt, 120 i 90-sona. Det einaste som manglar no er ein fartskontroll’.

Sjåføren vår ønskjer dei lukke til, no startar rushtida gjennom byen.

 

13.35

Ungen søv framleis ikkje. Treng ikkje vera sporhund for å lukte stresset i mora, kor avbalansert ho enn forsøker å vere.

 

13.51

Eg ring mannen min.

– Vi rekker ikkje flyet.

– Scheisse! utbryt han på høveleg høgtysk. – Kva skjer?

– Har ikkje tid å forklara, det er ikkje vår feil Må legge på no.

Sjukehuset ring. Pasientreiser går med å booke om fly. Dei er på saka, skal gje tilbakemelding.

 

14.01

Gardermoen. E og A rekk flyet. A er nettopp vakna, og heilt på tulletur.

 

14.09

Eg hjelp dei med bagasje og innsjekk samstundes som sjukehuset ring. Dei har ikkje høyrt noko frå Pasientreiser, og lurer på om eg har det. Det har eg ikkje.

 

14.12

E og eg innser at dette er eit avskil. Vemod, sakn og mykje kjensler. Alt vi har delt og vore gjennom – no er det brått slutt på dagleg kontakt og felles opplevingar.

I slike tider elskar eg Facebook!

Så går dei frå oss, og forsvinn dei gjennom sikkerheitskontrollen.

 

14.17

Ungen er farleg sliten. Eg er rådvill. Peilar ut service-skranken til SAS, og trekk kølapp.

Min tur.

– Hei du, byrjar eg rasjonell og sakleg, – vi har altså hatt ein relativt tøff dag, taxien frå sjukehuset der vi har vore i ni veker og no er utskrive frå kom ikkje, fordi at Pasientreisa- uhuuhuuuuuu…OG UNGEN MIN ER SJUK SJØLV OM DET IKKJE SYNS PÅ HO OG UHUUUUHUUUU……!

Eg bryt saman.

SAS-dama trommar med fingrane på disken. Det er fleire med kølapp.

Eg tek meg saman, formidlar problemstillinga. Har dei billettar i våre namn? Det har dei, til 15.30-flyet – ikkje noko anna. Eg forklarar at vi ikkje kan dra med det. Dama i skranken gjentek det eg visste,  det er få billettar og dyrt mellomlegg.

 

14.25

Eg ring Pasientreiser.

‘Takk for at du ring, ver venleg å halde linja, du er no nummer…’

Eg held linja. Får ein mann på tråden. Forklarar i mindre venlege ordelag at eg i halvanna time har venta på info om nye billettar og at eg no står i skranken og kan få tre av dei siste og at dei kostar 10.000,- og at eg ikkje har tenkt å betale det sjølv fordi at det er DEIRA skuld!

– Vi fann ikkje bestillinga på namnet ditt –

– EG STÅR I SKRANKEN OG SER JO BESTILLINGA FRAMFOR MEG!

Hysteriet er i ferd med å ta meg.

– Ja det er beklageleg, seier han og legg seg så flat han kan. Det er ikkje i nærleiken av flatt nok, høyrer eg.

Når eg nemner prisen må han konferere med ein kollega og ringe meg opp att.

– Gjer det kjapt, snart er alle fly fullbooka, og då lovar eg deg trøbbel!

 

14.29

Ungen er sveiseblind av trøyttheit. Og svolten. Eg har trekt ny kølapp og er redd for å hamne bakarst viss eg går.

– Kan du vere så snill å halde auge med jenta i 43 sekund medan eg spring rett bort der og kjøpar mat til henne?

– Vi har ikkje lov til det, diverre.

– Men ungen er sju-

– Eg er lei for det.

Eg vurderer lynsnart. Kva kan skje om eg spring frå henne dei sekunda?

Ho kan skade seg. Det har ho allereie gjort, og verre kan ikkje det bli.

Ho kan springe vekk. Det orkar ho ikkje.

Ho kan verte kidnappa (då ønskjer eg kidnapparen lukke til på dette tidspunktet, og veit at han snart kjem til å returnere henne)

– Jenta mi, eg set innstendige auge i ho, – BLI HER! Eg må hente mat!

Ho lovar.

 

14.33

Eg spring baklengs til kiosken med auga på henne. Kjøper pølse og bolle. Spring tilbake.

 

14.36

Ungen et, eg ser på telefonen. Pasientreiser skulle ringe tilbake. Eg ventar.

 

14.41

Eg ventar.

 

14.44

Eg ventar.

Trekk ny kølapp, og høyrer andre fly fyllast opp, og håpefulle passasjerar bli avvist i skranken.

 

14.47

Eg ventar framleis. Enda ein kølapp.

 

14.51

Ring Pasientreiser.

‘Takk for at du ring, ver venleg å halde linja, du er no nummer fire’

Eg bannar, men ventar.

 

14.53

Eg rykk stadig framover i køen.

Pling. Min tur i skranken. Ikkje på telefonen.

Det einaste flyet heim går 17.15 via Stavanger, og det er nesten heilt fullt.

– Kva skjer om Pasientreiser tingar billetter og eg gjer det same? Kan noko refunderas?

– Berre med full flex.

Et augeblikks overveiing. Framtida passerar i revy. Eg, systera mi og ein sjuk unge på ein benk på Gardermoen midt på natta.

– Drit og dra, eg tek dei siste tre og eg betalar gladelig kontant for det er ikkje eg som skal betale det!

Eg får dei siste tre moglegheitene til å kome heim, og det luktar svidd visa rundt oss.

 

14.55

Pasientreiser ring.

– Ja hei du, då har eg klarert at du kan kjøpe de-

– EG HAR ALLEREIE KJØPT DEI OG DE SKULLE HATT I RÆVA MED ØKS HEILE GJENGEN, KVA I HELSIKE GJORDE AT TRANSPORTEN IKKJE KOM OG DE IKKJE FIKK FIKSA BILLETTER TIL OSS TIDLEGARE DETTE HAR TEKE TO TIMAR OG EIT MAGESÅR!

– Ja, det er beklageleg-

– EG SKA GJE DEG BEKLAGELEG!

Eg legg på, og forbannar at ein ikkje kan smelle på røret med mobiltelefonar.

 

15.01

Sms frå systera mi:

‘Er der snart. ‘

Boardingkortet ligg til henting i skranken.

Leverar kofferter, kjem oss gjennom kontrollen, og opp i loungen.

Eg pustar ut, ein gong for alle.

 

15.31

Lukkeleg familiesameining. Alle samla. Billetter i boks. Gratis mat. Gratis brus til ungen, gratis vin til mor (som eg har sagt før – vin eller valium!).

Fryd og gammen. Hell og lukke.

Tvungen lydbok-kvil for frøkna, aktiv skuldersenking for dei vaksne.

– Gud, for ein dag, seier systera mi, – men no kan vi le av det.

– Ja no kan vi le av det, stemmer eg i.

– Kofferten min hadde overvekt, eg orka ikkje meir då, seier ho, – så eg brukte det siste eg hadde – grinekortet. Eg sa eg måtte finne systera mi og den sjuke ungen hennar snarast. «Eg hadde dei nettopp her, berre gå du, det ordnar seg»

Vi stranda ikkje på Gardermoen. Vi var på veg, overvektige eller ikkje.

Men det er ikkje over før den tjukka dama syng.

 

16.01

Sms frå SAS:

‘SK4043 Oslo (OSL) – Stavanger (SVG) 17.15 – ny avgangstid: 17.50’

Vi ser på kvarandre. Kva då med flyet vidare frå Stavanger til Bergen. Vi reiser oss samstundes. Systera mi ring mora vår. Ungen må tisse.

Eg går for å finne eit SAS-menneske som kan seie noko vettig, og finn eit venleg andlet ved inngangen til loungen.

– Hei du, byrjar eg rasjonell og sakleg, – vi har altså hatt ein relativt tøff dag, taxien frå sjukehuset der vi har vore i ni veker og no er utskrive frå kom ikkje, fordi at Pasientreisa- uhuuhuuuuuu…OG UNGEN MIN ER SJUK SJØLV OM DET IKKJE SYNS PÅ HO OG UHUUUUHUUUU……!

Eg bryt saman.

Denne SAS-dama trommer ikkje med fingrane, men ventar tolmodig.

Eg tek meg saman.

Formidlar problemstillinga.

– … og no står vi i fare for å ikkje kome oss vidare frå Stavanger til B… UHHUUUHU!

– Pasientreiser ja, fnys dama, eg har lese ein del i media om dei. Vent her du.

Dama tek telefonen og seier kven ho har med seg her.

– …dei ja… ja? Jaha? Ho tastar på maskina framfor seg, – Den er grei. Takk, du.

Så vender ho seg mot meg.

– No vert det slik at de blir sendt med direktefly klokka 17.45.

– ?

– Er ikkje det flott då?

– Jammen, stotrar eg mellom snott og tårar, – var ikkje alt fullbooka då..?

– Du veit, då er det nokon andre som ikkje får reise då, auga hennar glitrar konspiratorisk, – men nokre passasjerar er viktigare enn andre. Ho blunkar til meg

– Men ikkje sei det til nokon.

– UHUUUHUUUUU, kaukar eg, denne gongen i takksamheit, – kan eg få gje deg ein klem?

Ho rekk ikkje svare før eg kastar meg over henne.

– Eg berre elskar SAS, eg skal aldri fly med nokon andre, aldri. Eg elskar deg og, forresten!

Mor mi ring.

– Då er eg eit tastetrykk frå å tinga billetter med Norwegian i kve-

-Iiiiikje gjer det, nærmast skrik eg, – Drit i Norwegian, vi kjem heim, VI KJEM HEIM og eg ELSKAR SAS!

 

17.30

Ungen er segneferdig, og det kan smelle korti som helst. Det er eit under at det ikkje allereie har skjedd. Vi hamnar langt bak i boarding-køen.

– Orsak..? Vi har snike oss fram til skranken, kviskrande viftar vi med sympatikortet for alvor. Flydama bøyer seg fram.

– Ehm… vi har ein unge som er har skada hovudet, og som snart har nådd tålegrensa, er det mogleg å få gå først inn i flyet..?

Blikka til dei andre passasjerane då vi får lov er ikkje vanskeleg å tolke.

– Frekt, tenker dei, – snike seg i køen på den måten.

Det var oppe til vurdering å henge eit skilt rundt halsen på ungen:

«Eg har ein usynlig sjukdom/skade, som ikkje kan sjåast på meg. Svært få menneske har  forståing for det, og det er utroleg vanskeleg til tider. Lik og del viss du kjenner nokon som slit med den slags du og.»

Vel inne på flyet brakar det laus. Det går i ball for ungen. Det ligg an til å bli ein av dei flyturane, slike du veit, når du sit som barnlaus passasjer og anten får vondt i hjartet i sympati, eller ergrar deg grenselaust over udugelege foreldre som ikkje får kontroll på rabiate ungar.

Atter ein gong takka eg himmel og univers for tantekløkt, velvillige passasjerar som bytte sete, og ei dropseske vi hadde på lur.

– Er ikkje livet ei pussig greie, fjasar eg til flyverten som kjem forbi med tralla si, – i går var det siste kveld på sjukehuset vi har vore heile våren, og der trefte vi ei dame som hadde knekt nakken i eit flykrasj for 25 år sidan. Og i dag sit eg her og berre elskar SAS og dei!

– HYSJ! freser systera mi.

Turen over fjella vart ein smule turbulent, og då snakkar eg ikkje om flyet. Men vi flaug, vi landa – vi kom heim.

Eg kan ikkje ein gong førestelle meg korleis det var for ungen. Men då vi gjekk ut av flyet, i strålande sol – vart eg så overvelda av det heile at tårane fløyma fritt. Det var ikkje til å fatte at vi var komne gjennom og ut på den andre sida, at livet på sjukehus no var over, at vi var heime. Eg skulle ikkje dra frå guten min fleire gonger!

Vemodet spilte ei sterk rolle, det var mykje godt å reise frå og.

I rulletrappa gav eg berre opp å ta meg saman, det hjelpte ikkje uansett. Andre passasjerar skjegla på meg frå augekroken. Betrakta i smug denne mora, som med dottera i handa gjekk i oppløysing framfor auga på dei og hulka seg opp rulletrappa. Eg undrar på kva dei tenkte og trudde, kva slags historie eg vart tildelt.

Eg er av den observerande sorten, og når eg ser andre som på ein eller annan måte utmerkar seg, tillegg eg dei bakgrunnshistorier og fantaserer livleg på deira kostnad.

Mann og son venta på oss på flyplassen. Mor mi og dei var der og, klare med flagg.

Men det var guten eg kasta meg over, før eg drukna skuldra på dei andre. Gud hjelpe, kor glad eg var for å vere heime hos han att. Eg såg at han vart skeptisk i blikket då eg klemte han så hardt, og måtte forsikre guten om at det berre var gledestårer som fløymde.

Vi var heime.

Det var ikkje til å tru.

Vi var heime.

…no gløymde eg nesten å nemne at systera mi hadde kjøpt ‘velkomen heim-gåve’ til ungen.

Det var Den Forsvunne Diamanten

HO SKULLE HATT I RÆVA MED ØKS!

PS…For orden skuld… dei 10.000,- fekk eg aldri tilbake frå Pasientreiser. Mannen eg snakka med, som gav muntleg klarsignal for at eg kunne legge ut og få tilbake, loggførte det aldri. Det vart ord mot ord, og medførte ei uoverkommeleg oppgåve å ‘sannsynleggjere og gjere greie for’ midt oppi alt anna vi sto i då vi kom heim.

Annonser

40. Stockholmsyndromet

Eg trodde solen var borte                                                                                                                              at du aldri mer skulle se                                                                                                                               bladene springe ut                                                                                                                                          Eg trodde dagen var over                                                                                                                               at du aldri mer skulle kjenne                                                                                                                vinden piske mot kinnet                                                                                                                                       Men våren og du                                                                                                                                          kom tilbake

Nedteljing. Ved vegs ende. Eller ved byrjinga av ein ny veg.

Om to dagar, 9. mai, skulle vi utskrivast frå sjukehuset, og møte att verda.

Ungen var frisk nok til å kome heim. Ikkje frisk. Frisk nok, med fare for å høres negativ ut. Men det var det dei sa. Betringa hennar vil halde fram i fleire år framover.

Ho var seg sjølv. Til forveksling lik. Ho var pigg og bra på mange måtar, men hadde nokre utfordringar i forhold til tidligare. Men det var ting som ikkje gjekk an å sjå på henne. No var det Habiliteringstenesta på sjukehuset heime som skulle følgje oss  vidare, og det ville bli mykje nytt å bli kjent med.

Utskrivingsmøtet føregjekk som videokonferanse mellom rehabilliterings-sjukehuset og sjukehuset heime. I møterommet der, sat heile teamet til jenta og fortalde og formidla til dei sju personane på skjermen. Det var to frå skulen, to fysioterapeutar, PPT, ein nevropsykolog og min kjære.

– Alle desse fagpersonane, dette enorme apparatet berre for å få ei lita jente opp att i salen, tenkte eg rørt, og takka nok ein gong min skapar for at vi ikkje bur i Amerika.

Det var no avklart at ho skulle halde fram på Montessoriskule. Ei tid tilbake hadde det spøkt for nettopp det. Nevropsykologen signaliserte at det lause, sjølvstendige og frie Montessori-undervisningsopplegget som tidlegare hadde vore kjempebra for henne, no ville bli ei utfordring. Ho ville trenge rammar. Struktur. Rutinar. Og vi vart førebudd på at vi kanskje måtte overføre henne til vanleg skule.

Eg kjende eg vart sveitt.

No skal eg ikkje gå inn i ei lang tirade om kvifor eg held ein knapp på Montessori, men det handla og om endringane for henne. Skulevener, lærarar og tryggleik ho måtte forlate.

Så vart det klart at ho ville trenge ein-til-ein-undervisning, og då ville det ikkje spele noko rolle kva type skule ho gjekk på. Rektor på skulen vart lettare oppgitt då ho kunne fortelje at det ikkje ville vere noko som helst problem med meir styrt og rammesatt undervisning. At dei elevane som treng det får tilrettelagt undervisningsopplegget ut i frå kva dei behova og utfordringane dei har.

Eg veit at det er mange som stadig byter skule av ymse årsakar, og at det pleier å gå heilt fint, men likevel pusta eg letta ut. Glad for at vi sleppte den store endringa eg følte det ville vere for både ho og oss. Og fordi vi er stornøgd med skulen, både vi foreldre og ungane sjølv.

Tida hadde gått fort. Samstundes som 10 veker er nok tid. Nok tid til at ein omstilte seg fullstendig. Det vart kvardag der. Ein la seg til vaner og rutinar, og slo seg til ro. Årstider skifta. Det var full vinter og snø då vi kom, no var det grønt og frodig og sumarvarme ute.

Det var skummelt å skulle møte verda og kvardagen igjen, for vi hadde levd i ein lukka, skjerma og verna boble i lang tid, og vår verd vart utruleg liten og snever. Mødremafiaen på barneavdelinga filosoferte over kor rare ting vi vart opptekne av. Kva er det til middag? Kven si seng står på gangen no? Korleis er ‘dei nye’ som ‘flyttar inn’? Kven har kveldsvakt? Kvifor er det tomt for cornflakes? Kven er dei på besøk hos? Kva har hendt med han? Jøss, har det forholdet overlevd?

Vi vart pinleg nysgjerrige, så enkelt er det.

Innetter i familien merka vi ein haug med ‘ringverknader’ av sjølve ulukka og alt det den innebar, og møtt overraskande utfordringar undervegs. Det er mange ting som knyt seg til ei hending som dette, som mange utanforståande ikkje ser. Det er eit stort, stort bilete alt i alt. Det var heftig, på veldig mange måtar.

Vi opplevde ting som røska tak djupt i sjela, og som har sett djupe spor. Både på godt og vondt. Eller vondt og godt.

For denne tida var full av gode, glade, morosame, fine, varme stunder, opplevingar og augeblikk óg. Ungen og eg vart supergode på å finne gode ting kvar einaste dag.

Og vi vart glade i folk. Vi ble så ufattelig godt teke vare på, omgitt av kvitkledde englar som lukta når ein hadde det vondt. Som tok mor eller barn på luftetur så ein fekk henta seg inn, tilbydd klemmer, skuldrar til å grine på, gode ord og fine samtaler. Utømmeleg tolmod og godleik.

Venskap og intern humor med andre mammaer. Fellesskapet. Kjensla av å vere fleire i same båt. Rusleturane ned i kantinen for å hente alle måltider (kven skulle NO syte for ferdig oppskore frukt til meg kvar morgon?), vakne kvar morgon og tusle med trøytt tryne, bustehår og pysj ut på avdelinga for å hente kaffi og veksle nokre ord med kven det nå måtte være, for vi kjende dei alle. Stillheten på avdelinga når kveldsroen senka seg, og nattevaktene kom for å sjekke om alt var bra og seie at vi berre måtte ringe viss det var noko, småklaging på at vi var lei av maten og at alt smakte likt. Lukka over ei badebalje, yatzyrundar med ungen (som omsider lærte å spele utan å fjuske eller bli sur viss ho tapte), hjerneskadegalgenhumor. Begeistringa over å observere når folk som har sett fortapt ut der dei trilla i rullestolene sine plutselig kom på krykker gjennom korridoren, små skrivestundar i senga i mørkret medan ho sov rett ved sidan av, gleda når nokon overraska oss med pizza eller kaker levert på avdelinga, fryden (og stresset) når broren var på besøk.

I det hele tatt 10 000 små og store ting og hendingar som ein kanskje ikkje ville lagt merke til ‘normalt’ sett.

Men kanskje aller mest roen. Roen og nærværet ein på ein måte vart nøydd til å lære seg. Eg har aldrig nokon sinne kjend noko liknande. Berre det å ta seg tid til å sjå ti minutt på maurene som kryssa vegen ein vårdag, utan eit snev av stress i magen. Sitje i ein stol og stire tomt ut i lufta. Vandre ein tur rundt sjukehuset og plukke blomster. Ligge i senga ved sidan av henne for å få henne til å kvile fleire gonger dagleg. Sitte stille og sjå henne teikne 27 sumarfuglar på eit ark.

Alt saman med ro i magen, fri for alle desse ‘burde’ og ‘skulle gjort’ og konstant uro over alt ein ikkje rekk over.

Summen av alt gjorde enormt inntrykk og det var derfor det kjendes sårt og vanskeleg å skulle reise heim. Frå verdas godaste, tryggaste plass (seier ho som hataå vere der, og berre ville lengst mogleg vekk der ifrå den første tida, prikk prikk prikk – ein møter seg sjølv i døra, ja).

– Det må vere utruleg godt å endeleg få kome heim, sa folk.

– Nei, sa eg.

Det høyres nok rart ut for mange når ein ikkje udelt jublar for å få reise heim frå et 10-ukers sjukehusopphald. Når ein heller gruer seg, og kjenner at ein kjem til å sakne plassen, omgjevnadene, tryggleiken, rutinane – og folka.

I seinare tid har eg møtt utallege menneske som seier det same, som snakkar om ‘sjukehusbobla’, den som ikkje er udelt godt å kome ut av.

Vi vart kjent med alle dei tilsette rundt oss. Og med andre pasientar, både små og store, og deira pårørande. Nokre med like skadar, andre med lettare og mange med verre. Ein vart pepra med perspektiv.

Vi hadde vore heldig. Det kunne vore så mykje verre. Men det kunne vore verre for nesten alle der. Ungen kunne hamna i rullestol med brekt rygg eller nakke. Men for dei som satt i rullestol med knekt rygg eller nakke kunne det i mange tilfelle og vore verre. Dei kunne blitt heilt lam. Og for dei som varthelt lam kunne det og ha vore verre. Dei kunne døydd.

Samanlikningsgrunnlaget for korleis ein taklar og opplever ei ulykke og ein skade var eigentleg litt spesielt der, dette rehab-sjukehuset var ein ganske heftig plass å samanlikne seg med andre.

Der var hjarteskjerande mange skjebnar. Likevel sa alle eg møtte at ein ikkje skulle samanlikne seg med andre. Fordi for kvart enkeltindivid vart livet annleis enn før, og på en måte er det det einaste samanliknbare grunnlaget. Før og nå. Ikkje med andre.

Livet var blitt annleis, for alle som var – og er på det sjukehuset. Så spørs det jo berre kva ein gjer ut av det. Og det bør jo berre vere best mogleg, for livet er (kan være) kort og uføreseieleg. Det lærte eg denne våren. The hard way.

Vi har vore så heldige. Men samstundes ein hårsbreidd frå total katastrofe. Og derfor såg verda annleis ut. Kva som er viktig og ikkje fekk nye definisjonar.

No skulle vi heim, og det kjendes som å bli slept ut med tvilsam fallskjerm frå 10 000 meters høgde. For vi ante jo ikkje korleis jenta – og vi – og alt dette var kompatibelt med kvardagslivet heime.

Ein 14-årig på avdelinga, sat heime i stova si på permisjon. «Nei pappa, kva seier du, skal vi dra heim?» Tilbake til sjukehuset meinte han då.

I rest my case.

Men livet går seg til. Det gjer det jo alltid. Sjølv om omstilling og forandring kan vere utfordrande å takla, så vil jo ting gå seg til.

Alt er en overgang, sa reven då han vart flådd.

Eg håpar det gjekk seg til for han. Reven altså.

Annonser

39. Korti kjem du heim??

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Men Mor                                                                                                                                                          Å Mor                                                                                                                                                                       Eg lengtar heim til Mor                                                                                                                                   Eg er stor                                                                                                                                                          Eg er stor,                                                                                                                                                     men ikkje så stor:                                                                                                                                           Eg lengtar heim til mor.

(Odd Nordstoga)

Kva skulle ein gjort utan teknologien?

Kvar kveld ringte eg heim. Det vil seie, det hende stadig at eg såg på klokka og oppdaga at det var over leggetid for guten. Eg hadde rett og slett gløymt dei.

Sjølv om teknologien var til stades og til god hjelp, var det ikkje alltid like lett dette med å ringe heim. Ofte krasja det med kor dei var og kva dei gjorde heime, det passa ikkje alltid. Andre gonger var det midt i ei eller anna greie med ungen på sjukehuset. Leggetid, tussabyger eller ho sat i badet.

Broren hadde fått ‘særleg løyve’ til å spele tv-spel. SuperMario fekk han vanlegvis berre spele hos mormor, men no hadde han fått spelet heim for å døyve sakn og einsemd. Det bur ikkje andre gutar – eller jamnaldrande for guten i gata vår, og no var bestevenen hans ute av livet hans i månadsvis. Så han fekk spele.

Enkelte gonger var han heilt inne i verda til Mario, men ofte ville han berre ikkje snakke med meg. Eg fekk inntrykk av at han etter kvart distanserte seg, i forhold til kor ivrig han var på telefon i byrjinga.

Det smerta og uroa. Forsterka kjensla av at han kjende seg svikta.

– Det går fint med han, fekk eg høyre frå alle kantar, – ungar er så tilpassingsdyktige. Dei omstiller seg lettare enn oss vaksne, og viss han er lei – er det gløymd så snart han snur ryggen til. Det går fint med han.

Ofte vart eg snurt på hans vegne. Eg syns dei tok lett på det, avfeia og bagatelliserte saknet og opplevinga hans om det heile.

Sjølvsagt vart det godt å høyre at det såg ut til at guten hadde det bra, men eg veit at det var hardt for han. Eg såg det i blikket hans, og eg høyrde det i røysta dei gongane faren fekk han på tråden med meg. Nokon gonger kan ei overføre eigne kjensler på ungane. Når ein sjølv syns at ein situasjon er vond, tek ein for gitt at det er slik dei og opplever det. Men eg visste det. Eg kjende det.

Etter at vi vart utskrivne og ungen byrja på skulen att, kommenterte ein av lærarane at det var tydeleg at broren var glad for at mamma endeleg var komen heim for å bli.

– Han verkar rolegare, meir harmonisk, svara ho då eg undra på korleis ho såg på det.

Dagleglivet på sjukehuset svusja oss vidare. Det let oss ikkje stoppe for mykje opp og dvele. Pasientar kom, og pasientar gjekk. Det vil seie, ikkje alle gjekk. Ikkje alle kunne gå. Men dei drog, ved hjelp av bein, krykker eller hjul.

Andre pårørande gjekk og vandra dei og, med glødande telefonar og alvor i røystene. Ein kunne oppfatta brokkar av samtalane til kvarandre. Uro, otte, forsikringar, tvil og håp.

– …ja nei, det ser betre ut, dei veit ikkje om han vil kunne gå att, men han er i betre form…

– …og no kan ho ete sjølv…

– …han er i det minste ved godt mot….

– …også fekk han eine spelaren over seg, og ryggen tålte ikkje det…

-… på dei nye skia….

-….treng hjelp til alt frå no av, men dei er flinke her….

Leikerommet vart min telefonplass, når ungen hadde sovna, og eg hadde nokre få timar for meg sjølv før leggetid. Det var ikkje mange vener eg ringte og snakka med, eg orka ikkje. Dei ville sjølvsagt høyre kva som hadde skjedd, korleis det hele hadde gått til, men eg klarte ikkje å seie orda høgt utan å grine. Dei gongene eg klarte det var eg så utlada og mørbanka i kroppen at eg måtte legge meg.

Saknet etter sonen min var overveldande, men det var ikkje udelt godt å sjå han og høyre stemma hans.

– Korti kjem du heim, mamma? Det var som eit mantra, – Korti kjem du heim?

Eg kunne ikkje svare han. Ei lang tid var det for lenge til for at svaret ville gje noko trøyst.

Når vi snakka saman på Facetime og kunne sjå kvarandre ‘live’, snudde han ofte telefonkameraet og tok meg med på guida tur heime i huset vårt. Viste meg bilete han hadde teikna på skulen, Lego han bygde på, og andre ting han var oppteke av.

Og eg måtte vise han.

– Kor e du no, mamma?

Eg snudde kamera og tok han med på tur.

– Aah, leikerommet. Å ja, der er Utsikten. Kor er systera mi?

Dei første seks vekene fekk han verken snakke med, eller sjå systera på videosamtaler. Ho hadde jo skjermforbod og fekk ikkje nærme seg ein telefon. Eg merkte at han synst det var vanskeleg. Han sakna henne, ville sjå henne, høyre røysta hennar.

Då tida kom og ho endeleg fekk lov å snakke med dei heime, og til og med vere med på videosamtaler, ville han ikkje så ofte. Det var som om han distanserte seg endå meir. Og ho forsto ikkje kvifor han reagerte surt og avvisande. Det var like leit for dei begge.

Telefonar til og frå heimen var sjølvsagt uunnverlege og gode, men dei var og ei dagleg påminning om avstand, åtskiljing og sakn. Desse tre faktorane var dei verste ‘biverknadene’ til sjølve ulukka og skaden. Og dei sat lenge i oss alle.

38. Tjue bøy & tøy – peisa på!

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Opp og gå, gå, gå,
et troll har satt seg i magen
Opp og gå, gå, gå,
gå og venta på dagen.
Ein bør’kje gå og tråkkå
der minner og spøkelser bor,
men dei gir meg’kje fred
¬dei gir meg’kje fred

 

Sjølv om dagane var sosialt lettare, var dei utfordrande og.

All rastløysa. Frustrasjonen. Sorga. Og ingen plass å gjere av det. Ungen var saman med meg så godt som tjuefire timar i døgnet, så eg måtte halde att. Måtte halde inne.

Det var ikkje heftig heile tida, men dei gongane det var knute på tråden mellom mannen og meg, når eg fekk brakkefeberen over meg, eller vi fekk dårlege nyhende, då var det ikkje lett å vete kor ein skulle gjere av seg.

Så eg trava.

Eg vandra kvilelaust og mållaust rundt i korridorane. Att og fram, rundt og rundt. På eit tidspunkt byrja eg å leite etter slitasjemerker i golvet, av den sorten Onkel Skrue lagar når han går i ring i Pengebingen og grublar.

Bestevenninn M løyste det på eit vis. Ho fekk meg til å kjøpte skritteljar-klokke då eg var heime i mars. Endeleg fekk eg mål og meining med all trakkinga.

Eg vart ein jækel i konkurransar og utfordringar som handla om kven som gjekk flest skritt og trappetrinn i løpet av ei helg eller ei veke. No gjekk det sport i det.

På eit av team-møta om jenta mi vart det konstatert at ho var dekondisjonert.

Eg var kraftig dekondisjonert sjølv. Eller pill ròte, som ein og kunne seie, om ein skulle kalla ein spade for ein spade.

Eg elska ordet.

Dekondisjonert.

Mykje snillare ut enn min variant, så eg tok det til meg på flekken.

Skal seie den klokka gjorde susen.

Då eg sat på det første sjukehuset og grudde meg til overgangen og ny plass, prøvde eg å vende det til noko positivt. Eg hadde bilete i hovudet om korleis rehabiliteringssjukehuset såg ut (stemte ikkje litt ein gong), og eg hadde planen klar. Ikkje planar om at eg skulle kome heim som ei sekk med fjorårets poteter.

Eg hadde nett byrja på ‘Prosjekt Overskot’ då vi drog på vinterferie. Eg var godt i gang med yoga på stovegolvet kvar morgon, og hadde teke rosenrot for å gje energien ei lita dytt. Og eg merka det. Gnisten i kroppen byrja å vakne, no skulle eg nytte vinterferien til å sove godt, og komme frisk og pigg og opplada heim til mann og daglegliv. No gjekk riktig nok ikkje det akkurat som planlagt. Men når det vart som det vart, skulle eg bruke tida fornuftig, nytte mange, lange sjukehusveker til å bygge opp både mental og fysisk energi. Eg skulle gjere yoga kvar dag. Eg skulle gå turar. Eg skulle ete sunt.

Ja ja. Kva skal ein seie? Det gjekk ikkje heeeilt som planlagt det heller. Når ein opplever eit traume går energien med til heilt andre ting. Som å kreke seg gjennom dagane.

Men eg prøvde, den skal eg ha. Skritteljar-klokka fekk opp farten på meg. Å kor eg gjekk. Passerte pasientar som målmedvitne trakka spor i golvet dei og. Ein vart på nikk og på hels med folk. Det var nett som turgåarar på fjellet. Då helsar ein hjarteleg, på vilt framande folk.

Det var ein eldre mann eg la særleg merke til. Først såg eg han i rullestol. Deretter stavra han seg bestemt framover med preikestol, det er ein slags høg gåstol, og til slutt kom han gåande utan hjelpemiddel. Eg hadde teke meg ei pause på Utsikten,og kommenterte kor sprek han hadde blitt den relativt korte tida eg hadde sett han. Han sette seg ned og slo av ein prat. Han fekk høyre om ulukka til ungen, og eg fekk høyre om hans. Han hadde sklidd på ein isholk utanfor huset. Det eine beinet hans mista fotfestet, han velta omkull og rutsja ned mot huset der han knalla hovudet i veggen. Han kjende det small, men klarte å kome seg rundt hjørnet og inn i huset der han sette seg på ein kjøkkenstol og ringde etter sjukebil. Rommet snurra, men han fekk likevel låst opp kjøkkendøra så ambulansefolka kunne kome seg inn, før han la seg ned på golvet slik han hadde fått beskjed om å gjere.

Då dei kom for å hente han, hadde han ikkje kjensle i beina. Nakken var brote på to stader, og han vart lamma i beina.

No hadde han vore av dei heldige utvalde som hadde fått plass på sjukehuset her, og akta å gjere maksimalt ut av opphaldet.

– Du veit, i min alder kan det vere vanskeleg å kome på beina att dersom ein først vert satt ut av spel, og det aktar eg ikkje å utsetje meg sjølv for.

Skal seie vilja og staheita gav resultat!

Eg var glad den dagen eg ikkje trefte han att på rundane mine, det tydde at han hadde blitt bra nok til å reise heim. Eg fekk vere litt sta eg og, då.

Eg kunne gå opp i 16000 skritt om dagen, og kjende lukkeleg på noko som i det minste likna stølheit i beina. Forma vart betre, steg for steg, bokstaveleg talt. Heilt til E og H kom (eg vel å legge skulda på dei, eg). Det vart jo så utruleg sosialt og fint! Eg hadde ikkje tid til å kjenne så mykje etter på vanskelege ting, og det var mykje kjekkare å sitje i sofaen og sludra med Mødremafiaen, drikke Pepsi Max og ete smågodt. Du vil ikkje tru den smågodtdisken dei hadde på nærbutikken! Det skulle ikkje vore lov!

Dei andre var like dekondisj..- nei drit i, la oss vere ærlege. Vi var like pill ròte alle tre. E hadde planar om å ta Trolljegerprøva når hausten kom, og sveitta kaldt berre ved tanken.

– Kom igjen, piska ho oss ein dag, – eg har nokre øvingar til oss.

Treningsmattar vart henta inn på rommet hennar, og ho køyrde i gong. Hopp og sprett, brett og vreng, rumpeløft og tjue bøy og tøy (stemora mi hadde elska det, tjue bøy og tøy er universalmidlet hennar mot alt i frå luft i magen til kjærleikssorg og brotne bein).

Sjokkerande. Det finnest ikkje noko betre måte å beskriva det på. Forma var sjokkerande. Dårleg altså.

Eg sleit meg gjennom fire og ein halv armheving, før eg kollapsa på matta.

– Godt vi allereie er på sjukehus, pesa eg.

Slavedrivar, det var det E var. Gav seg ikkje heller veit du, berre pusha på. Ho er det nærmaste eg har vore personleg trenar.

Då H kom forbi vart ho og shanghaia, og vi flytta oss inn i leikerommet der pininga haldt fram.

Var det noko som fekk trena seg, så var det magemusklane. Ikkje fordi vi følgde instruksane hennar så godt – men vi lo sånn.

Då ungane våre kom attende frå timane sine lurte dei på om mødrene deira hadde vippa over galskapen ein gong for alle. Blikka deira på dei tre slakta med mørkeraude andlet som prusta på golvet var ubetaleleg.

Det vart med den eine treningsøkta, for å seie det sånn. Vi drog heim like utrent og dvask i skinnet som då vi kom.

Men gladare

37. Elskede ekkokammer

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Når verdo bler dumme, så leita eg fram nåken gode ting;                                                                 Ein støvete blom i ei veita, ein måse som fyke i ring.                                                                             Ein måne e go’ nå’ han velta på ryggen og slappe av,                                                                             og føllte drops mens di smelta, ei velstelte, gammadle grav.                                                              Og ungar e og’ når di grine, ein hund nå’ du kjeme him,                                                                          ei kalde pils e vel fine?                                                                                                                                  Og så e eg så glad i rim.

(Kolbein Falkeid)

Det var godt å møte att E då eg kom attende etter permisjonen.

Alt E sa var som eit ekko av meg sjølv. Ting eg hadde sagt, tankar eg hadde tenkt, korleis eg hadde reagert og følt og opplevd alt. Ho hadde og trudd at ho mista jenta si. Ho hadde sete skjerma i eit mørkt rom i lang tid. Ho visste nøyaktig korleis alt var.

Vi snakka om alt!

Utveksla og samanlikna endringar, teikn, reaksjonar og konsekvensar i ungane våre. Reflekterte over livet før og etter skader. Frustrasjoner over ungar som ikkje skjønar eigne avgrensingar. Bekymra oss litt for å trøytte ut familie og vener med alt som vi er fylt til randen av. Det har liksom vore lite plass til andre ting. Verda har gått vidare, vi har stått stille, og er mogelegvis verdens verste samtalepartnare for tida. Bortsett frå for kvarandre.

Sakn etter dei andre ungane våre. Korleis det ville vere å kome heim. Kva skjer når far skal stelle heime. Og ikkje minst det at våre respektive menn ikkje var der då ulukkene hende. Korleis påverka deira takling og handtering av krisa?

Seinast i går kveld sat mannen og eg og såg ein dokumentar på NRK om menn og kjensler. Sjølsagt kan ein ikkje skjer alle over ein kam, men ut i frå det mennene i dokumentaren sjølve gav uttrykk for, kjem ein ikkje unna at vi har ulike måtar å handtere ‘sånne kjenslegreier’. Dei held ting mykje meir inni seg, vi damer deler villig vekk.

Det er ingen garanti for at begge foreldra er til stades når noko skjer. Det er ikkje ein gong nokon garanti for at nokon av foreldra er til stades, slik det var i Sebastian sitt tilfelle.

Ein kan seie det sånn at E og eg var med frå side ein i boka, medan dei to fedrane på ein måte kom inn midt i handlinga. Det er tilfeldigheiter som avgjer kor ein kjem inn i biletet eller ikkje, og det er ingen som vert lasta for det. Men det er ein uunngåeleg del av tankerekka å reflektere over om dei ville opplevd det annleis enn dei gjorde dersom dei hadde sett desse to småjentene når dei låg på sitt verste. Vi såg dei då dei skada seg. Vi så dei då dei vart tatt hand om på akutten. Vi såg dei medvitslaus, og kopla til slangar og maskiner. Vi såg dei tomme, daude blikka deira då dei i blant gløtta på auga. Vi var der og tok i mot alle dei skremmande beskjedane frå legar og kirurgar. Vi såg dei då vi trudde vi mista dei.

Då karane våre kom, hadde jentene vakna. Dei var, i alle fall tilsynelatande, seg sjølv. Og verken E eller eg har klart å leggje vekk tanken på om dei ville reagert annleis om dei og hadde opplevd den første traumatiske tida.

Begge har prøvd å formidle alt til dei, prøvd å få dei til å forstå kvifor vi var som vi var og reagerte som vi gjorde. Og dei har begge prøvd å forstå. Og dei har forstått. Men berre til ein viss grad, for ein kan ikkje forstå heilt til fulle om ein ikkje har gått i dei same skoa sjølve. Mannen min seier sjølv at han ikkje anar korleis han ville reagert og takla det. På ein måte er han glad han ikkje var til stades då ulykka inntraff.

Kan hende det er like bra at det vart slik, at ikkje alltid begge foreldrepara står midt i kjernen av dramatikken. At éin lettare kan halde seg oppe og vere den rasjonelle. Begge jentene til E og meg har sysken, og har ikkje vore tent med to foreldre som sleit like mykje som desse to mammaene som skulle vere der og passa på.

Men pappaene var viktige dei og. Dei måtte vere der og passe på dei andre ungane.

Då E og H (mora frå ‘nokre kapitler sidan) kom til sjukehuset endra mykje seg. Dagane og kveldane fekk nye rutinar og nytt preg. Det vart sosialt og kjekt. Eg møtte likesinna.

Litt etter litt vart vi og betre kjend med H, og vi fekk mykje moro saman. Eg fekk nokon å snakke med. Vere frustrert i lag med. Le med. Glede oss over framsteg med.

Dei første lange vekene var det ingen andre foreldre der, og eg var ein blanding av sveltefora på nokon å prate med. På den anna side var eg veldig usosial og lite tilsnakkendes, eg hadde meir enn nok med å ta inn alle inntrykka.

Etter kvart vart fleire ungar innlagt. Men det var dei som berre sveipte innom på kontrollopphald, og som drog heim att akkurat då ein byrja å bli kjend. Det var strengt tatt ikkje mykje tid til seg sjølv. Dagane gjekk i eitt med behandlinger, samtaler og møter med legar og terapeutar, for både ungen og meg. Innimellom slaga var det kviletider og måltid. Når ho hadde lege seg for kvelden skreiv eg for det meste dagbok eller tok ein og annan telefon til familie og vener. Eg fekk mange gode samtalar med dei mange skjønne og gode sjukepleiarane på avdelinga. Dei var aldeles eineståande fine menneske alle som ein, og eg saknar dei framleis.

Eg har aldri skrive ei dagbokside i heile mitt liv, men no rann orda berre ut når eg fann fram bok og penn, og det hjelpte meg enormt. Boka vart min beste ven, den berre tok i mot. Lytta venleg og tolmodig, same kor skrullete ting ho fekk høyre. Boka var aldri kritisk eller dømmande, den berre tok i mot med ein klapp på skuldra, og fekk meg aldri til å føle at eg tenkte dumt eller feil. Eg fekk sortert og plassert mykje, samstundes som eg fekk oversikt over dagane. Dei var valdsamt innhaldsrike, men på same tid kunne dei vere veldig like – og alt flaut i ein annan. Det var ikkje alltid like lett å sjå der og då at ungen vart betre og utvikla seg, men når eg las gjennom sidene og dagane i boka, openberra framgangen seg klart og tydeleg. Å skriva dagbok var saliggjerande på mange ulike måtar, og er noko eg anbefaler folk i liknande situasjonar å gjere. For meg vart det ein uvurderleg og viktig del av å jobbe meg gjennom alt.

Den siste tida vart fin! Kvar morgon då eg kom ut var det nokon der å seie god morgon til (andre enn sjukepleiarane då), drikke kaffi med og slå av ein prat med før dagens program braka laus. Vi fekk nokon å ete lunsj og middag med, og då alle ungane var i seng måtte dagboka pent vente, då var det tid for treff i ‘mødremafiaen’ som vi kalla oss.

Vi skravla og vi skravla. Vi lo og vi grein. Vi beundra den magiske solnedgangen kveld etter kveld. Vi tjuvlåna Pepsi Max frå korga i kjøleskapet til dei som var på perm. Vi utvida den intellektuelle horisonten og såg på spanande og interessante tv-program saman (Campingliv og Ullared, red.anm.).

Vi tok muddermaske og hand-spa og fjelga oss som best vi kunne i den tørre sjukehuslufta. Vi hadde jordbær med fløyte-fest på rommet,  og ungane fryda seg.  Våren hadde snike seg innpå, og vi sneik vi oss til små lukkestunder i sola medan ungane kvilte eller hadde behandlinger. Eg lærte å setje pris på dei aller minste gleder i livet.

Vi hadde ei frigjerande galgenhumor.

– Kor jobbar mannen din då?

– Han er arbeidsleiar i ei verna bedrift. Den kommande arbeidsplassen til dottera, faktisk.

– Høhøhøhø! knegga vi og klaska oss på låret.

Seint på kveldane sneik vi oss stille og fnisande inn på romma våre, med kjensla av å vere på ei pussig miks av hotell, folkehøgskule og sjukehus. Og Big Brother.

Venskap vart knytt, og kontaktinfo utbytt. Dette var nokon ein definitivt ynskte å ta med seg vidare i livet. Ein skulle kome til å samla på slike. Det skulle visa seg at det ikkje finnes nokon forening eller lag for erverva hjerneskade hos barn, og vi hadde alle tre fort lært at det var viktig med nettverk og fellesskap. Det vil seie, der tok eg feil. Det finst ingen spesifisert forening, men gud hjelpe kor mange støttegrupper og denslags eg er med i på Facebook. OG:

Forrige helg var eg på julebord. Som sjølvstendig næringsdrivande vert det ikkje store greiene når det kjem til julebord. Det vert liksom meg. Og sjefen. Som også er meg. Fordelen er jo at eg alltid får vere med sjefen heim, utan at det blir pinlig dagen etter.

Men no var eg altså invitert til julebord – med Handikappede Barns Foreldreforening (….!…) Jepp. Prikk prikk prikk. Er det nokon samanheng i verda eg aldri trudde eg skulle gå på julebord, eller ha noko som helst anna med å gjere for den del, så er det ei slik forening. Det sat laaaangt inne å melde seg på. Handikappede Barn. Kva har det med meg og oss å gjere, liksom? Realiteten er at vi har alt med det å gjere. Det tar si tid å få inn i skallen at det er det vi har, eit barn med handikap. Særleg fordi det ikkje synes. Men greit. Det er som det er, og no var poenget mitt samhold og nettverk. Gjennom ulike grupper og foreninger og anna har vi møtt utruleg givende menneske. Du veit, desse eg stadig kjem attende til, som skjønar og forstår. Anten det handlar om sjukehusdramatikk eller upresise skoletaxi-hentingar. NAV-klagar. Skjema-veldet. Kampen for oppfølging. For alle seier det same – det er en kamp. Helseministeren & dei burde fått seg ein realitetsorientering av dei sjeldne. Men det kan vi snakke mykje om ein annan plass.

Men attende til den gong då.

I helgene senka roen seg over heile sjukehuset. Ein kunne sjå det som keisamt, eller nyte freden. For småbarnsmødrene på barneavdelinga kravde helgene meir av oss, då alle behandlingar og timar av naturlege årsakar tok pause.

Barneavdelinga var no fylt av liv og røre. Det bobla av sosial fryd hos både ungar og mødrer. Ungane våre, på 3, 6 og 8 år fann tonen, til tross for aldersskilnaden.

Nokre dagar leikte dei to yngste skule i skulerommet, og sysselsette seg sjølv i timesvis. Dei skreiv brev, klippa og limte og grisla på. Leikte og fryda seg saman.

Andre gonger såg vi nesten ikkje ungane. Hjelpepleiar HJ, sveiva i gong piratleik og skattejakt for dei tre små den eine dagen. Dei fekk herja fritt borte i korridoren på ryggmargsskade-avdelinga. Og det kan eg sei, HJ leikar ikkje butikk når ho set i gong. Ho hadde til og med ordna ekte skattar! Ungane var ekstatiske då dei kom attende med både ekte ‘diromantar’ og smykke. Dei to jentene kom lukkeleg trillande på åtteåringen, M, i rullestolen, strålande nøgde med piratjakta alle tre.

HJ, som allereie hadde ei høg stjerne hos meg berre i kraft av at ho var den ho var, nådde nye høgder. Denne sjukepleiar-rangeringa falt i fisk etter vi kom til rehab’en. Dei dela førsteplassen alle som ein. Sjølv om han eine, som var dansk, skapte mykje hovudbry med språket. Han var omgjeve av vestlendingar med diverse knotadialektar sjølv, så det gjekk nok begge vegar, trur eg.

Ungane våre kravde mykje av oss, og som E sa, – Det er ikkje plass igjen til å vere meg. Eg føler eg har mista meg sjølv.

Eg forsto godt kva ho meinte. Det same gjorde H. Vi forstår det framleis.

Men gullenglane på avdelinga kan ikkje rosast nok for alt dei var og gjorde for både dei små pasientane, og for foreldra deira. Desse folka var av ei anna verd, og det er jaggu ikkje rart ein lir av sakn og vemod når ein omsider kjem heim!

Ein skulle tru at det ville vere keisamt å vere så lenge på sjukehus, og til ein viss grad er det helt rett. Men litt av grunnen til at eg ville skrive offentleg om dette, er nettopp det at vi og opplevde heilt usannsynleg gode ting og. Vi hadde det jamleg veldig bra. Og kjende på gylne og gode augeblikk utallege gonger.

Viss ein berre klarar å opne seg litt kan ein oppdage store gleder i sjølv dei minste ting.

Særleg dei siste to vekene av sjukehusopphaldet står fram med ein heilt spesiell plass i hjartet mitt. Det er heilt sjukt å seie det, men dra på saga kor kjekt vi stundom hadde det (omstenda og utfordringar teke i betraktning sjølvsagt). Vi måtte jo vere der, og kunne like gjerne gjere det beste ut av det.

Det var berre elleve dagar att av gildet då vi kom att frå permisjon, og tida flaug. Sumarfugl-koloniar vaks fram i magen like fort som vårsola fekk blada på trea til å sprette time for time.

Vår vart til sumar over natta sjølv om det berre snautt var mai, og ein av dei siste dagane var det 25 grader og steikande sol. Mødremafiaen med arvingar naut sola. Småjentene kasta kjolane og sprang berrføtt rundt i trusa. Eit par baljer med vatn vart sett ut av ei sjukepleiar som visste kva småjenter liker, og det var reine feriestemninga. Vi mangla berre kvitvin og reker. Nok ein gong forundra det meg kor fantastiske augeblikk og store gleder ein kan oppleve sjølv i ei slik koko verd dersom ein er open for det. Vi naut. Vi lo. Vi gledde oss. Vi betrakta desse to jentene som kvein av fryd, før dei byrja å småkrangla om baljene.

Dei såg så normale ut. Dei såg så vanlege ut. Dei såg friske ut. Det gjekk ikkje an å finne ein einaste synleg grunn til kvifor dei to hadde oppeheldt seg i fleire månader på sjukehus. Ine gjer det framleis ikkje, det har aldri vore mogleg å sjå noko på dei. Men akkurat der og då var dei glade. Og når dei var glade, var vi mødrene og det.

36. Same kor ein snur seg har ein ræva bak

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Det er eit privilegium                                                                                                                                        å kjenna savn.                                                                                                                                           Vondt ja,                                                                                                                                                           og tungt.                                                                                                                                                       Men det fortel                                                                                                                                                om ein nærleik                                                                                                                                             som var.                                                                                                                                                                      Om varme, lys                                                                                                                                                                og latter                                                                                                                                                            Det å savna er                                                                                                                                                 den andre sida                                                                                                                                                av det å ha fått.                                                                                                                                               Å ikkje kjenna savn,                                                                                                                                      ville vere å                                                                                                                                                    aldri ha elska

(Bente Bratlund)

 

Resten av permisjonsdagane var eit pilotprosjekt. Vi testa ut søndagsmiddag hos farsslekta, den lettare italienske eg nemnde tidlegare.

Det gjekk bra heilt til det ikkje gjekk bra lengre. All farge forsvann frå andletet, ho vart kvalm og måtte sjauast i seng.

Ho skulle ha to prøvedagar på skulen, berre med eit par timar, vel og merke. Det gjekk og for så vidt greitt, men ho gjekk rett i Tornerosesøvn timane etterpå.

Siste dagen før dei reiste var det skuletur. Dei yngste elevane skulle på eit historisk utandørs-museum utanfor byen og lære om steinalderen. Oppmøtetid på museet var halv elleve, elevane skulle først møte på skulen for å smørje niste og ta bybana og buss til museet. Det var opplagt at førebuingar og reise ville vere for mykje, så ho skulle leverast på direkten. I likskap med dei andre ungane storkoste ho seg dei to timane ho fekk vere der. Men faren rakk ikkje til hovudvegen før ho sov som ein stein i bilen, og måtte berast inn på sofaen heime. Vi var innbydd til grilling hos ein tvillingfamilie vi er gode vener med klokka fire. Ungen var komatøs, og måtte ristas liv i etter tre timar.

Det som skulle prega ho mest etter ulukka og skaden var nettopp dette, kor lite ho tålte, kor sliten ho vart – og kor mykje kvile ho trengte etter dei minste ting.

Det nærma seg enda på permisjonsvisa, og faren tok henne med attende til sjukehuset. Eg skulle bli heime med guten i endå fire dagar.

Huset vart stille då dei drog, sjølv om guten, bestevenninne M og eg haldt fortet på heimebane. Det er ikkje store og spanande ting å melde frå dei dagane, dei var farga av gleda med å vere saman for guten og meg.

M og eg skulle reise attende til Oslo laurdagen, og det var organisert overnatting hos bestemor og bestefar frå laurdag til sundag – då mannen i huset skulle kome heim til guten. Denne logistikken med ein unge og ein forelder på kvar sin kant av landet heldt på å ta livet av oss til tider.

Vanlegvis elskar guten å overnatte hos bestefar og dei. Denne gongen ville han ikkje. Guten er slett ikkje dum, han lukta lang veg kva som var i emning.

Mamma skulle reise frå han.

Kor vart det av mamma er her, mamma passar på?

Mamma svikta.

Det plaga meg til margen, denne tanken på at han skulle kjenne akkurat det, at mamma svikta.

Ei uløyseleg floke. Eit barn i kvar sin by, begge trong mora si like mykje, om enn på ulike måtar. Eg var berre ein, og eg kjende det som om hjartet skulle slitast i to. Å ikkje strekke til er ei kjensle mange mødrer kan kjenne seg att i sjølv i normale situasjonar, men dette var ikkje til å halde ut!

Ein kan gjerne spørje seg – måtte eg reise? Var det verkeleg eg som måtte vere på sjukehuset med ungen? Kunne ikkje faren vere der meir så eg kunne vere heime med broren? Jo det kunne han strengt tatt. Når det kom til stykket var det mitt eige val. Til trass for at beskjeden frå barnenevrologen som slapp nyhenda om åtte veker heime frå var klar på at eg verken kunne eller skulle gjere det åleine.

Men sei det til ei mor. Eller til denne mora i alle fall.

Det var eit vanskeleg val, samstundes som det kjendes som om ungen i sjukesenga trong meg mest i den situasjonen ho var i.

Uansett kva eg gjorde så svikta eg ein av dei. Ikkje for at faren ikkje klarte det, eller at dei ikkje er glad i han og. Men enkelte gonger verkar det som om det berre er mamma som tel (no kjem eg vel til å frå hat-brev frå fornærma fedrar rundt i landet). Eg merker jo det, at som mor set eg meg sjølv i rolla som uunnverleg, anten det stemmer eller ikkje.

Det kjendes som at eg svikta nokon, okke som.

M og eg leverte guten til bestefaren, og hadde rekna god tid. Far min hadde sett fram kaffi og bollar, og det var tid til ein god prat.

Jo meir klokka nærma seg avreise, dess meir nærma guten seg meg. Sirkla rundt meg. Sette seg på fanget. Då tida var inne hang han rundt halsen på meg, ville ikkje sleppe. Eg ville ikkje sleppe han heller.

– Det er berre elleve dagar att når eg dreg, så kjem eg attende til deg. Og då skal eg ikkje reise frå deg meir.

‘Berre’ elleve dagar.

Ei endeløyse for ein gut med hjartet fullt av sakn.

Ungen hang som klistra på meg då eg skulle setje meg i bilen, uttrykket i auga hans sa det meste. Det var nyttelaust å prøve å halde ei tapper maske, sjølv om eg visste at det ikkje hjelpte han det spøtt. Eg gjorde det heller verre for han.

Yngstebror min var god å ha, han entra rolla som superonkel, og klarte å få guten med seg opp i hagen på eit eller anna improvisert eventyr.

– Skal eg køyre…? M var ikkje overtydd at turen ville bli trygg med ein sjåfør som var blinda av tårar.

– De-he-et gå-hå-hår fi-hi-hiint.

Eg skrev kort til guten som eg sende frå flyplassen. Vi åt litt mat, og roen senka seg.

Det var som det var.

Det ville ikkje vare evig. Vi måtte berre halde ut medan det sto på.

35. HEIA BRANN & DEI del 2

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

…følede Freden, blev glad i min Aand                                                                                                        og greb til min citar med legende haand.

No kjem eg til den delen som viser for ei uansvarleg mor eg er. Eg trossa sunn fornuft og alle anbefalingar for å gje ungane (som ikkje var spesielt fotballinteressert dei heller) ei oppleving og moglegheit ein ikkje får servert kvar dag.

Eg hadde ikkje akkurat turt å seie til sjukehuset og dei at pasienten deira, ho som var på skjerming og ikkje tålte verken lys eller lyd, skulle springe inn på Stadion, hand i hand med Brann-spelarane til full jubel frå 6000 tilskodarar.

Vi over-skjerma ho tidlegere på dagen, gjorde alt vi kunne for å lade batteria mest mogleg.

Utanfor Stadion var det full halloi, med telt og hoppeslott og musikk og folk. Ungen gjekk med stivt blikk og såg framfor seg.

Dei hadde sagt vi skulle møte tidleg. Det vart gjerne ikkje heilt optimalt, for ventetida var lang. Det vil seie, den ekstra tida kom godt med til å godsnakke med ein motvillig maskot som ikkje ville ha så mykje som ei raud strømpe på seg.

Det var gratis pølser og brus i presserommet, der vi fekk vente.

Mor mi var starstruck allereie då trenaren kom inn og tok seg ei pølse. Eg hadde ikkje visst kven han var om han så hadde sete seg på fanget mitt. Trenaren rufsa broren hennar i håret. Det kunne jo vore fantastisk for han det, om han hadde visst kven det.

Eg veit nemleg eit og anna om å bli starstruck og rufsa i håret av store idol.

Då eg var på alder med tvillingane tok mor mi meg med i Grieghallen på konsert. På den tida var eg dødeleg forelska i den franske pianisten Richard Clayderman, og det var ikkje til å tru at han var i Bergen! Mor mi sydde ny kjole for anledninga, og eg stilte hand i hand med henne, nystrigla og fjong. Grieghallen var stappfull. I følgje mor mi var eg einaste ungen (han var vel ikkje heilt på høgde med stjernestatusen Markus og Martinius har på dagens ungar).

Eg minnes enno kor bratt det såg ut nedover benkeradene mot scena. Taklysa vart slekte, scenelysa var tent, spot’en leita seg fram – og der entra han scena og lyset, min helt, mitt idol, mi stjerne – sjølve Richard Clayderman. Ingen over, ingen ved sida!

Eg gapte. Eg stira. Eg fann meg i ei tilstand av vantru og febrilsk glede. Då applausen hadde lagt seg, mannen hadde vifta ‘pingvinhalefrakken’ sin vekk med ei elegant handrørsle – då vakna eg av transen. Før mor mi rakk å reagere, ‘vakna’ eg av transen – reiste meg opp og skreik

– AAAAAAAAAAAAHHHHHHHH!!!!!!!!!!!!

-Sitt!! Mor mi trakk meg kjapt ned i setet, før ho gjorde seg så usynleg ho kunne der ho sat.

Meir hugsar eg ikkje av konserten. Men etterpå, då mannen i mitt liv sto og signerte LP-plater – og mor mi hadde brukt sine siste kronar på ei til meg – sto eg heilt nær han. Eg meiner, kloss oppi han. Då han omsider oppdaga meg, som drukna i mengda, signerte han plata, strauk meg på kinnet – og rufsa meg på håret. Eg svima nesten av!

No, i den forventingsfulle stemninga i presserommet på Brann Stadion, ønskte eg det var litt sånn det kunne vere for sonen min når trenaren ruska han i håret. Eg meiner, når vi først hadde frårøva moglegheita frå ungar som verkeleg var Brannfans.

Det nærma seg kampstart. Stemninga var fortetta av spaning. Speakeren kom og helste på ungane og instruerte dei utanfor spelargarderoben der dei, tanta og eg fekk løyve til å vente.

– Kven heier du på då, vart guten spurt.

– Det raude laget!

– …som heiter..?

– Eg veit ikkje.

Bluss…

Viss Brann tapte no, ville vi bli kjeppjaga frå byen. Ansvaret tynga.

Det var ei oppleving! Eg hadde aldri trudd eg skulle seie det, men det var det.

Då oppvarmingsmusikken ljoma utover bane og garderobefasilitetar tredde vi hørselsvern nedover hovudet på jenta.

Spelarane kom ut for å varme opp, og gjorde ‘høg fem’ med maskottane sine. Kampen vart direktesend, og kamera fanga opp to små dansande raudkledde smurfar.

Guten fekk halde keeperen i handa (for all ettertid omtala av han som kompisen hans). Han var til og med austerrisk, og syns det var stas då han forsto at den vetle guten var tysktalande han og. Systera fekk æra av å gå hand i hand med sjølveste kapteinen. Eg ante ikkje kven han var eller at han var kaptein, eg syntes berre han såg litt alternativ ut på håret.

Startskotet gjekk, to litt stolte og veldig flaue tvillingar marsjerte saman med laga ut på banen, følgt av ei Branngal tante og uvitande mor luskande bakarst.

Det var fyrverkeri.

Det var musikk.

Det var øyredøyvande lyd frå 6000 fotballgale fans.

Ungane vart introdusert ved namn på høgtalaranlegget til sinnsjuk applaus og jubel.

Det var tikkande sms’ar frå stolte vener og familie som hadde sett ungane på tv.

Og eg bad.

– Kjære Gud, viss du finst… IKKJE la nokon frå sjukehuset sjå denne kampen!

Og så hende det. Det eg aldri trudde skulle skje.

Eg vart reven med! Gud forby, men eg vart det. Eg som ikkje ein gong likar fotball.

Då Nystemten runga over Stadion, klaska eg høgrehanda mot hjartet, og song med av hjartans fryd og lyst.

Og då eg såg ungane der ute på banen, ho med knallrosa hørselsvern, og han som klødde seg litt fråverande mellom begge stortærne – då dei oppdaga meg og vinka, og eg såg dei stråle meir enn fyrverkeriet – då grein eg!

Eg har aldri brydd meg om verken fotball eller Brann. Men dette slo den einaste andre kampen eg har vore på – 16. mai-kampen då eg var russ – ned i støvlene.

Faren deira kom heim frå Italia denne laurdagskvelden, perfekt tima så han kunne henta oss utanfor Stadion. Han fekk pent finne seg i å vente, dottera gjekk nemlig ikkje glipp av at kapteinen hennar sendte ballen i mål før ho forlét åstaden. No fekk dei klare seg på eigen hand, ho hadde gjort sitt.

Det høyrer med til historia at Brann knuste Stabekk. 3-0.

Ikkje overraskande.

Dei hadde jo ikkje kven som helt til maskottar heller.

34. Ute på prøve – og ei monsteroverrasking

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Lengta du vekk frå det store og tomme og grå
Vegen er lang men eg veit at du orka å gå
Inni deg brenn det ei stjerne så sterk og klar
I lyset fra den skal du finne tilbake til det som var

(Synne Teksum, Tomas Stenersen, Eva Weel Skram)

Permisjon.

Skremmande.

Eg ville ikkje.

Dei ville.

Vi måtte.

Det var ein del av rehabiliteringa og behandlinga å sjå korleis ho fungerte heime.

Berre reisa.

Buss.

Båt.

Gangtur til stasjon.

Tog.

Fly.

Bil.

Med ein unge som ikkje ein gong fekk ete i sjukehuskantina sidan det var for mykje folk og lyd der.

Det var gått så langt at eg ikkje ville ut av bobla, eg ville berre vere der. I tryggleiken.

E og A hadde nett blitt innskriven i sjukehusmanntalet, og frå å vere ho som var like forvirra som ei blind høne, var det no eg som var veteranen. Den som hadde peiling på alt. E hadde overteke rolla som den usikre nykomlingen. Eg kunne svara på alt. Kor kaffiautomaten var, korleis ein tinga barnevenleg middag utanom ordinær meny, korti måltida var, kva funksjonar dei ulike andleta rundt oss hadde, kor ein fann reine handklede, kva som feila dei andre pasientane, og kor ofte det var legevisitt. Ho var heller ikkje glad for at eg skulle reise no som vi hadde funne kvarandre.

Permisjonsdagen kom, anten vi ville eller ikkje. Kofferten var klar, og eg stålsette meg. Ei heil halv formue vi eigentleg ikkje hadde var svidd av på hovudtelefonar med lyd-demping. Det førre sjukehuset hadde gløymt å sende inn pleiepengesøknaden, og Nav & dei har den behandlingstida dei har. Så pengane let vente på seg. Eg trøysta meg med at det ville vere ei god investering, noko som viste seg å stemme.

Lydbok var allereie introdusert for ungen. Det viste seg å vere gull verd i kampen mot ein unge med aukande kvilevegring. Ho fann så til dei gradar roen med lydbok. Låg like fredeleg i senga som Snøkvit i glaskista, med henda folda på magen, lyttande til bok etter bok etter bok.

Første etappe med buss gjekk bra. Pust ut.

Andre etappe med båt gjekk bra. Pust inn.

Panikkpust inn! Bilnykkjelen låg att på nattbordet på sjukehuset! Telefonar hit, telefonar dit – ingenting å gjere noko med. Mor mi  kunne hente oss og køyre oss heim. Pust ut.

Tredje etappe, å gå frå Aker Brygge til Nathional gjekk… tja. Hovudet på ungen ville dreidd seg 360 grader rundt om det hadde vore mogleg. Første møte med verda etter ulykka og mange isolerte veker på sjukehus. Alle sansar i høggir, bombardert med inntrykk og stimuli.

Hovudtelefonane måtte på då ein gatemusikant fyrte i gong melankolske tonar på saksofonen sin. Ungen skvatt høgt, all farge forsvann frå andletet, og ho såg ut til å byrja å grine.

Pust inn pust ut.

Fjerde etappe gjekk bra. Stort sett. Lydbok redda skinnet mitt, dårleg nett fekk meg i trøbbel. Pust pust pust.

Når ein skal få dekka kostnader av Pasientreiser, må ein ta til takk med rimelegaste alternativ. Fuck det. Eg reiste med eit barn med hjerneskade, som ikkje tolte noko som helst av stimuli og inntrykk. Så eg hadde kjøpt SAS Plus, med tilgang på loungen og tilhørande ro og fred.

I avgangshallen sto det lånebarnevagnar på rad og rekke. Ungen gjekk målbevisst bort og sette seg oppi ei av dei, overdimensjonert som ho var i forhold til vogna. Kalesjen vart bestemd dratt ned, og ho skjerma seg for omgjevnadene.

Kva vi skulle gjort utan sas-loungen veit eg ikkje. Idet vi gjekk inn der, forsvann 90 prosent av flyplass-støyen. Eg fekk ta kampen med Pasientreiser seinare.

Femte etappe gjekk og bra. Forventninga og gleda sto i høgsetet.

Vi rakk ikkje til sjette etappe før det skar seg. Det hjelpte ikkje at mormor og dei sto og venta med flagg.

Med ekstrem trøytthet følgjer avgjerdsvegring. Ho var tørst. Ho var svolten. Visste ikkje kva ho ville ha. (Eigentleg trong ho berre å sove, men det var det ikkje vits i å fortelje henne).

Ho gjekk i vranglås, og vi fann ikkje nykkjelen.

Eg kjem inn på balansen og utfordringa mellom oppseding og å kome ut av ei umogleg situasjon seinare. No fekk ho det ho ville. Vi måtte få henne heim.

Mannen var i Italia med jobben, og guten skulle vere hos bestemor og bestefar til dagen etter så vi skulle få landa i fred. Men lukke! Bestevenninne M var der! Ho skulle jobbe på vår kant av landet, og bu hos meg heile veka.

Eg hugsa kor framand eg kjende meg sist eg kom heim. Det var det same denne gongen. Stova verka, eg veit ikkje… løyen… framand. Eg stira og prøvde å orientera meg, sjå kva eg såg.

Rommet var… annleis…

Eg såg det!

Den var annleis!

STOVA VAR NYMÅLA!

M mi knegga stornøgd, – Hugsar du at eg prøvde å fritte deg for kva farge du ønskte deg sist du var heime? Far din og dei kontakta meg og fortalde om planen om å pusse opp stova, og lurte på om eg kunne finne ut kva farger du likte.

Eg kjenner få betre konspiratør enn henne! I likskap med far min og dei er ho heilt rå på løyndomar og overraskingar.

Det var familien min på farssida med partnarar som sto bak! Eine svogeren min satt heime hos seg og sa plutseleg:

– Nei helsike heller, vi skulle ikkje berre ta å pusse opp den stova? Dei har snakke så mykje om det, tenk kor glad dei ville bli!

Der og då syns han det var ein briljant idé. Seinare, då dei sto til halsen i tapetsering, måling og byte av listar, og jobba på spreng for å bli ferdige før vi skulle kome heim, stilte han spørsmål om kven som eigentleg var hjerneskada, han eller niesa.

Eg hugsar eg ofte sat med veninna mi og sukka høglydt over at eg og mannen aldri ville kome til å få til å gjere noko med overflatene, og at vi i beste fall ville klara eit naudstrøk med maling for å fiffe opp litt.

No hadde dei ikkje berre måla stova i fargar vi elska, men dei hadde tapetsert med slett tapet, rydda vekk rot, og pussa vindauga. Til og med sofatrekket var nyvaska og skinande reint.

Å pusse opp stova var eit av dei mange små og store prosjekta som sto på planen denne våren, og som mildt sagt gjekk i dass. Å kome inn her no og sjå resultatet av det dei hadde gjort, var å auke trivselen i heimen to hundre prosent. I tillegg tok det brodden av det skumle det var å kome heim på permisjon, særleg sidan mannen i huset ikkje var heime då vi kom.

Hendinga vart livlig fortald om korleis dei hang i stroppane, fire dagar frå tidleg morgon til sein kveld, og kor mykje humor dei trass alt hadde hatt midt oppi slitet. Skulle gjerne vore flue på veggen der, særleg då eine gravide systera mi måtte iføre seg svart søppelsekk som maleklede.

Eg vart så inn i helsike (orsak igjen, nokre gonger er det påkravd med kraftuttrykk!) overvelda av det heile! Det var deira måte å seie ‘vi er glad i deg, vi er her’. Eg var ikkje i tvil. For ein kjærleikserklæring.

Pust med magen, kjære lesar, dersom du nokon gong kjem nær nokon som er pårørande, så er det IKKJE påkravd med slike store oppmuntringsprosjekt. Dette var noko heilt utanom det vanlege!

Men ikkje nok at stova var pussa opp. M hadde starta ‘innsamlingsaksjon’, og både familie, vener og kjende hadde bidrege. Ho og ei anna venninne hadde først rydda og kasta alt som var gått ut på dato, laga system og fylt opp kjøleskåpet til randen med friske, nyhandla godsakar av både den etande og drikkande sorten. Dei var til stades begge to då vi kom, og fryda seg over lukketårane mine.

M diska opp med middag, og eg fekk min etterlengta Aperol Spritz (lukkedråpar, red.anm.)

Dagen etter var det planlagt skulebesøk i halvanna time. Det gjorde valdsamt inntrykk på både mor og dotter. For ein rar kjensle å kome inn der. Inn til ei verd som minna oss om ei tid då alt enno var normalt.

Lærarar og ungar sto i kø for å klemme. Det vart ei utfordring for ei kronisk overemosjonell tåreperse av ei mor som grein berre nokon såg på henne.

Ungen fekk reaksjonen heime. Ho kubba og sov djupt i to timar.

Jenta fryda seg, lukkeleg for for å sjå dei att. Og dei var glade for å sjå henne.

Systera mi hadde ei overrasking på lur til tvillingane. Kamp-sponsoren til Brann hadde utlyst ein ‘konkurranse’ der dei søkte maskottar til vekas kamp. Både Brann og sponsorbedrifta vart så bevega av historia om ein tvilling som måtte vere ein heil vår på sjukehus og den andre som var heime med sakn og tomt hus.

Det var ikkje tvil om at dei var dei to som skulle veljast som maskottar, sjølv om det var vanleg å berre velje ein.

Skulen til ungane ligg passande nok på Brann Stadion. Midt i skulebesøket kom representantar frå laget og sponsoren inn for å gje ungane Branndrakter og informasjon. Dei hadde henta inn lokal-tv som skulle lage reportasje.

Det vart for mykje. Fokuset, lydane frå andre elevar, inntrykka – alt.

Vi såg kor sliten ho vart. Ungen ikkje likte oppstusset, sat berre på tantefanget, bleik og introvert.

Det var rart å sjå denne opne, sosiale og sprudlande jenta så lukka og tilknappa. Det var ikkje sånn vi kjende henne.

Vanlegvis var ho ein meister i å finne nye vener, anten dei var små eller store. Ho tøysa og skvaldra og var alltid varm i trøya før ein fekk sagt ‘hei’.

Nede på banen kvikna ho litt til, tante fekk lurt på henne drakta – og TV-folka fekk gjort opptaka. Eg hadde gjort det klart at eg ikkje skulle filmast, eg var like kameravenleg og fotogen som ei burugle i vinterdvale.

– Kva syns du om at ungane dine skal vere maskotter? eg fekk mikrofonen opp under nasen og linsa rett i synet.

– Eg ville jo aldri funne på å melde dei på sjølv, eg likar jo ikkje fotball ein gong!

Trøyttheita gav seg utslag i klikkebyge oppe i klasserommet litt etter. Garnnøste og saksar vart slengd i veggen, ungen storma iltert vekk og kasta seg dramatisk i ein sofa.

Ho måtte til slutt berast til bilen. Hang som eit slakt over skuldra på meg – totalt utlada.

– Og du tenkjer at det er smart å la ungen entre Stadion under ein kamp…? undra eg.

– Slapp av, svara tante, – det er berre ein liten kamp og ikkje så mykje publikum. Berre fem-seks tusen.

– …!!!…

Guten kom heim att frå bestemor og bestefar, som hadde teke godt vare på han dei dagane faren var i pizzaen sitt heimland. Det var godt å vere samla, men det var enormt krevjande. Begge tvillingane trong sitt, på kvar sin måte. Dei kjempa om meg. Men vi sov i same seng alle tre, og eg kjende kor heldig eg var, som låg der – med begge ungane mine tett med meg.

33. Svoltne bakteriar og Mødremafiaen

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Me får’kje vore her med heile oss                                                                                                              Me kan ikkje elska, me kan ikkje sloss                                                                                                     For med eit knips kan dei stoppa tidå                                                                                                       Alt me drøyme om blir feid te sidå                                                                                                           Me kan’kje leva – me e redd for dauden                                                                                                   Na n ana na na...

Enkelte gjorde meir inntrykk enn andre. Til dømes guten med feber som eg nemnde tidelgare. Han vart trilla inn på rommet bortast i korridoren, medan eg vrei meg av nysgjerrigheit over kven ‘desse nye’ var. Åtteåringen hadde vakna ein dag med feber, slik ungar ofte gjer.

– Du får leggje deg på sofaen og sjå litt på tv, sa H, mora hans, slik ein plar seie til ungar som kjenner seg litt pjusk.

Utover dagen fekk han kraftige smerter bak det høgre auget. Smertane vart verre og verre. Til slutt låg han og vrei seg, jamrande over kor vondt det gjorde. H valde å ta han med til fastlegen på formiddagen. Men som det alltid skjer med ungar, kjende han seg betre i det augeblikket han entra legekontoret.

Fastlegen avgjorde at dei skulle sjå det litt an, så dei drog heim igjen.

Utover ettermiddagen vart guten verre. Feberen steig, og smertene auka på. I fem-tida var det så gale at mora tok han med til legevakta. Då var guten heilt slakt. Feberen hadde bikka 41 og allmenntilstanden var elendeg.

Først vart dei sendt vidare til lokalsjukehuset, deretter skipa vidare til sjukehuset akuttsjukehuset ‘vårt’. Den natta vaks det ut ein ‘Donald-kul’ ved høgre tinningen hans. Andletet hovna kraftig opp og vart blå-raudt.

 

Omsider fann legane ut at guten hadde blodforgifting og streptokokk A-infeksjon. Illsinte bakteriar som åt på andlet og muskelen på eine tinningen.

Han vart lege i kunstig koma, og låg medvitslaus i 15 døgn medan dei prøvde å få kontroll på infeksjon og forgifting. Livet hang i ei tynn tråd. H og resten av familien visste ikkje om sonen og broren ville overleva. Det er ikkje naudsynt å beskrive korleis mora og familien hans hadde det i denne tida.

 

Men mot alle odds – guten klarte seg.

Ein skulle tru at dette var enden på historia og at alle levde lukkeleg til alle sine dagars ende. Men slik er det som regel berre i eventyra. Han fekk lungebetennelse. Så fekk han hjernehinnebetennelse. Deretter fekk han betennelse på sjølve hjernen. Og det var det siste som førte til at han kom til rehabiliteringssjukehuset i rullestol, etter seks veker der han vart send fram og tilbake mellom to store sjukehus. Hjernebetennelsen gjorde at han fekk nedsett førligheit på venstre side.

Mor hans var der. Mora passa på. Heile tida.

 

I vekene som følgde, gjekk han gjennom målretta og intensiv trening. Då jenta mi og eg langt utpå våren vart utskrivne kunne han gå sjølv, ved hjelp av ‘preikestol’ som det kallast.

Heime fekk vi sendt bilete og videoklipp frå H, dei hadde framleis vekesvis att av opphaldet. Klippa viste korleis guten dag for dag kom seg og vart betre. Det varma sjel og hjarte å sjå små filmsnuttar der han gjekk, no berre ved hjelp av ei einaste krykke.

 

Det å oppleve ei krise eller ei ulukke, gjer noko med ein, uansett kor bra eller alvorleg det er. Ein vert sjølvsagt opphengd i det ein sjølv opplev, og kjenner på at det er det verste som kunne hende med ein.

Derfor var det sunt for meg å bli kjend med denne guten og mor hans. Tidlegare i prosessen vår sleit eg når eg opplevde det som om andre bagatelliserte det vi sto i. No byrja eg sjølv å bagatellisere det heile. Eg vart flau over meg sjølv med tanke på korleis eg hadde kjend og reagert. Skamma meg over tårar eg hadde gråte. Det vi hadde opplevd, det ungen vår hadde opplevd, var jo ingenting i samanlikning til det denne guten og familien hans hadde vore gjennom.

 

Likevel opplevde eg H som smilande og glad. Ho lo og spøkte. Ho…fungerte. Sjølv sa ho sjølv at ho aldri ville trudd at ho skulle klare å verken verke eller le, men det gjorde ho.

Eg tenkte med skam på kor sliten eg hadde følt – og framleis kjende meg, og høyrde måpande på monstermora som skulle heim ein tur og bake fire kakar til barnebursdag til guten si veslesyster. Ho gav inntrykk av å vere ei skikkeleg dunderdame, som tok det heile med knusande ro, og som aldri slutta å fungere.

Samstundes var ikkje kjenslene og tårane langt unna hos ho. Det låg der, synleg under overflata då vi snakka saman. Noko anna ville eigentleg vore rart.

Superkrefter, det er det det er snakk om. Og ho hadde fått utdelt ein enorm porsjon. Mykje større enn min.

 

H viste meg bilete av føtene til sonen. Dei fleste tærne hans var heilt svarte, blodtilførsla i kroppen svikta, det danna seg ein mengde blodproppar, og tærne var i ferd med å døy.

 

Eg må nesten le når eg ser kor pragmatisk og avbalansert vi snakka om mange ting. Ting som for andre kunne fortona seg både leit og vemmeleg. Ingen meinte å vere kynisk, det var berre eit rart tilvære for oss. I snakk om eigentleg fæle ting vart tonen oss i mellom kvardagsleg, som om vi prata om kor mange is ungane hadde ete på syttande mai.

– I dag mista sonen min to tær, kunne ho seie, -og den tredje heng i ein tynn tråd, bokstaveleg talt.

– Seier du det? Korleis tek han det?

– Han taklar det utruleg bra, han skal må operere dei, sidan beinstumpane ikkje vert dekt av huda.

– Imponerande! Så. Kva er det til middag i dag tru?

 

Guten var der av heilt andre årsakar enn ungen vår. Det mor hans hadde stått i var mykje verre enn det eg hadde opplevd. Men på sjukehuset vart dei fleste foreldre – dei fleste mødrer – like. Den raude tråden i alle møter og historier på sjukehusa, og i tida etter, var frykta for å miste ungane våre. Den var lik for alle. Kva som var før eller etter spelar på ein måte ikkje noko rolle, det som batt oss saman var at alle hadde kjend den same frykta. Først frykta for at ungane skulle døy frå oss, deretter for at dei ikkje skulle bli som før.

 

Eg er så glad for at eg vart kjend med bland anna H. Ein lærer mykje i møtet med andre menneske, andre skjebnar. Ein lærer om livet. Ein lærer om perspektiv. Og først og fremst, ein lærer mykje om seg sjølv. Dei rundt meg vil nok seie at eg la att mykje av denne lærdomen då eg forlét sjukehuset. At eg gjekk rett i fella og let meg rive med av det negative og pessimistiske. At eg svartmala. At eg var for opphengd i det faktum at ho hadde fått erverva hjerneskade. At eg gløymde å vere takksam for det viktigaste – at ungen overlevde, og at det gjekk så bra med ho som det gjorde.

For ordens skuld – det gløymde eg ikkje. Eg gløymde det absolutt ikkje.

 

Men når ein kjem heim skal ein prøve å tilpassa seg kvardagen, og enkelte ting må lærast på nytt. I det minste setjast inn i nye samanhengar. Ein treng nokre påminningar. Og nok ein gong – ein treng tid. Tid til å gjera alt ein har vore gjennom kompatibelt med heimeliv og normalitet.

Eg trur det er viktig at omgjevnadene forstår dette når ein kjem heim. Mange har vore vekevis, om ikkje månadsvis på sjukehus. For dei rundt er det kanskje heile tre eller fem månader, men det for oss nærmaste er berre det.

– Samfunnet trur at både ein er fullstendig restituert når ein skrivast ut av sjukehuset, sukka ei mor vi møtte på ein rehabiliteringsleir i sumar, – men slik er det ikkje. Det er då det byrjar.

 

Det handlar ikkje om at ein av fri vilje grev seg ned i det negative grumset. Det det handlar om er at ein er fylt til randen av det ein har vore med på. Og det tek gjerne meir tid å fordøya, jobba seg gjennom og gjere seg ferdig med alt enn omgjevnadene både forstår, likar og kanskje godtek i mange tilfelle. Omgjevnadene vil så gjerne – i likskap med oss sjølve at alt skal vere bra, at alt skal vere som før. Nokre gonger er det slik, andre gonger ikkje. Det er ikkje lett for nokon å takla slikt perfekt og profesjonelt. Kva no det inneber.

 

Tid. Eg berre seier det, tid. Livet blir bra for oss og. Eg trur på det. Det blir gjerne ikkje som før, men det vil bli bra. Bra nok.

 

På same tid som guten og H kom, flytta E og dottera hennar A inn i naborommet. Det var påske, og dei hadde vore på tur på sørvestlandet, der dei kjem i frå. Treåringen A hadde ramla frå ein steingard på halvanna meter, og dunka bakhovudet hardt i ein stein. Maks uflaks, kan ein seie, at den steinen låg akkurat der. Jenta vart henta med luftambulanse, og flydd til lokalsjukehuset.

Først då mora møtte meg, og eg fortalde om behandlings- og skjermingsopplegget på sjukehuset vårt, forsto ho til fulle at dei ikkje eigentleg hadde peiling på den slags der dei hadde vore. A og familien hennar hadde oppheldt seg 17 døgn i eit mørkt rom.

E er av dei få som kjenner til kva det gjer med ein å vere i eit meir eller mindre stupmørkt rom over tid. Ho er av dei få som verkeleg veit å verdsetje dagslys. Eller kva lys som helst eigentleg. Berre lys.

Ho er av dei få som har fått innblikk i kor ulikt tid kan oppføre seg. Ho veit kor ulideleg seint den kan gå når ein oppeheldt seg i mørkret, den same timen som passerar som eit blunk i andre samanhengar.

Ho veit at ein kan bli galen i hovudet av det.

 

I likskap med jenta vår, vakna jenta til E etter fire dagar. Ho sov ikkje like mykje, og sat vaken med ein av foreldra i det mørke rommet dei neste 12 dagane. Den syttande dagen hadde dei fått beskjed om at dei kunne reise heim.

E og mannen hennar stira berre på legen. Reisa heim?! Dei hadde sete sytten dagar i eit stupmørkt rom. Skulle dei no reise heim sånn heilt ut av det blå?

– Ja, jo, de kan jo dra for gardina ei fem minutts tid, svarte ein sjukepleiar.

E og eg fekk augeblikkeleg kontakt allereie første kvelden. Vi utveksla hendingar og erfaringar om kva som hadde skjedd med jentene våre, og korleis det hadde vore.

Eg byrja å grine av ein slags bisarr form for glede då E fortalde at ho trudde ho mista jenta si der ho sat med henne i armane sine medan dei venta på hjelp.

Det høyres sjølvsagt hjarterått å glede seg over slikt. Det er absolutt ikkje det at eg ynskjer at nokon skal oppleve sånt, men eg kan ikkje beskrive kor letta ein kan kjenne seg når ein møter berre eitt anna menneske som har opplevd noko slikt. Det same. Som har kjent kva slikt gjer med kropp og sjel og hjarte. Det oppstår ei djupare forståing og eit fellesskap. Seinare møtte eg fleire, og dei sklei rett inn i det same fellesskapet. Dei som berre veit. Dei som berre forstår. Eigentleg skal eg vere glad for at eg ikkje har møtt så altfor mange som har opplevd dette, men det gjorde godt å treffe henne.

Ho fekk høyre om korleis skjermingsopplegget vårt hadde vore, og fekk bekrefta kjensla av at dei ikkje hadde peiling på den slags på lokalsjukehuset deira. Teikna på manglande kompetanse og kunnskap om erverva hjerneskade hos barn og unge har vore mange. Uavhengig av kor folk bur i landet, er det same historier som går att som ei raud tråd. Nokre har merka det tidleg i hendingsgangen, andre i seinfase og livet etterpå.

 

Ein kan jo undra seg over at ikkje dette sjukehuset innhenta informasjon og ekspertise, eller sende dei til ‘vårt’, som er utmerka på slike skadar. Dette er ikkje noko ein tek lett på.

Eg kan jo tenkje at det var hell i uhell at ulukka vår skjedde då vi var på austlandet, at det var nettopp dette sjukehuset vi der og då sokna til. I alle fall då eg høyrde om korleis E og A hadde hatt det.

A vart innlagd ein laurdag. CT-bileta viste ingenting. Tre dagar seinare vart det teke MR. Men det skulle gå endå halvanna veke før foreldra fekk vete at A hadde kraniebrot og hjernebløding med hjerneskade som konsekvens. Det fekk dei vete av Habiliteringstenesta (HaBu) i kommunen – ikkje sjukehuset. Det var og HaBu som sende E og dottera til rehabiliteringssjukehuset der vi møtte dei.

Det var kvelden før ungen og eg skulle reise heim på permisjon at E og eg fann kvarandre. Vi likte timingen like dårleg begge to, no som begge hadde funnet ein sjeleven i nauda.