14. Mirakel

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Opp til gleder, opp til sorger
Opp og si god morgen Norge
Opp til gleder opp til sorger
Opp og si god morgen Norge

(Lorentzen /Dolmen)

Etter at ungen vakna var det som å restarte ein datamaskin. Det framsto som total systemsjekk. Kjærasten til systera mi kom ut av rommet i lettare sjokk.

– Ho driv med matematikk..!

Ungen telte og rekna alt ho var god for.

 

– 10+10 er 20, 20+20 er 40, 40+40 er 80, 80+80 er 160

Ho fortalde om skule og vener og ting ho har opplevd. Snakka om barnehagen og venene der. Alt såg ut til å vere på plass.

Mirakel.

Eg berre seier det.

Reinspikka mirakel.

 

Fysioterapi vart sett i verk. Den gjekk ut på at ho vart trilla i rullestol opp til lekerommet i fjerde etasje. Kroppen var ikkje ramma, men ho sjangla som ein russ på 16. mai då ho prøvde å gå.

Berre det å gå inn døra i dette lekerommet var som å entre ei magisk leikeverd av ein annen dimensjon! Ho, som ikkje skulle utsetjast for stimuli av noko slag, vart bombardert av fargerike, fantasipirrande glimt av himmerike berre ved å gå inn der.

Fysioterapeuten sjekka rørsla i ledd, balanse og motorikk – og ungen fekk sjå seg litt rundt. Så var seansen over, ho vart trilla ned til rommet – der ho slokna tvert og sov tungt i timesvis.

Ho tålte ingenting.

Ho, som vi kalla Duracell-kanin, med ei tilsynelatande utømmeleg energi som eg har drøymd om å få berre 3% av, tålte ikkje ein gong å dusje. Ho naut dei fem minutta under vatn ho vart innvilga nokre dagar etter at ho vakna, men Tornerose ville vore lettare å vekkje etterpå.

 

På sengeposten møtte vi att foreldra med den litle guten frå intensiven, og kom i snakk med dei. Guten hadde alvorleg epilepsi, og hadde hatt samanhengande epilepsianfall i to heile veker. Legane hadde prøvd ulike typar medisinar, men ingenting hadde gitt særleg verknad. No hadde det begynt å roa seg og dei såg endeleg betring, etter lang tid med frykt, nattevåk og uro.

Dei var særs hyggelege, og særs slitne! Sjølv om fedrar kan ha mykje fint på hjartet, har eg opplevd at mødrer i krise finn kvarandre fortare og lettare. No er jo kvinner fødde med eit ekstra snakke-gen. Det seiast at kvinner brukar 5000 ord i døgnet, medan menn berre brukar 2000. Eg har ikkje faktasjekka dette, men erfaring tilseier at det ikkje er langt unna sanninga.

Spør mannen min.

 

Det er interessant å sjå på andre pårørande som står midt i vanskelege og hjarteskjerande opplevingar. Ein samanliknar seg, granskar dei litt, leitar etter teikn på om dei klarar dette betre enn ein sjølv. På korleis dei taklar det heile.

 

Det var mykje vondt å observere på avdelinga. Ein baby med deformert ansikt, og tilhøyrande pusteproblem. Ein annan baby hadde fått Cerebral Parese etter at dei feila på fødeklinikken og ikkje tok mora sine varslar om at fødselen var i gong på alvor. Guten hennar kom til verda med oksygenmangel som førte til skade på hjernen.

 

Det var mykje elendigheit. – Sjå deg rundt, vi er utruleg nok dei heldigaste her, påpeika systera mi ofte.

På avdelinga var det mange alvorleg sjuke barn. Nokre ville kan hende aldri bli frisk att. Nokre overlevde kanskje ikkje. Så midt oppe i alt – vi var så utruleg heldige.

Jenta vår levde.

Ho ville forhåpentlegvis bli heilt bra att.

Då får det ta den tida det tek. Då fekk vi berre ete den elefanten på den einaste måten ein kan. Bit for bit.

 

Vi var – og er framleis heldige. På mange måtar.

Berre det å vere i trygge Noreg, med dei helsetilboda som finnes her. Trygghet, ekspertise, medisinar, eg nemner i fleng.

Det ligg ein uendeleg takksamheit i den enkle kjensgjerninga – å ikkje hamne i ulukka i Syria. Eller Libya. Eller Amerika for den del. Ein bør helst ikkje tenke på kva dei ti sjukehusvekene som låg føre oss ville kosta der. Utan forsikring ville vi ikkje hatt råd til at ungen vår overlevde.

 

Det var i velferdsstaten Noreg det hende. Ei lukke.

Sjølv om vi på eit seinare tidspunkt skulle innsjå at vi har fått oppleve både det beste ogdet verste av Helse-Norge. Særleg når det gjeld kor skremmande lite kunnskap og kompetanse Noreg har når det kjem til erverva hjerneskade.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.