17. Kvite lygner på sølvfat

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Og dætti er visa om løgna
Du høre så lindt som a læt
Sæinnheta syng og marsjere,
løgna går omvæg og græt

(Alf Prøysen)

Å herrefred, no kom eg på noko, eg har jo ein unge til!

Ikkje ta dette personleg, guten min, mora di var ikkje heilt tilrekneleg i denne tida.

Eg hadde mann óg. Far til ungane mine, sambuar, livsfølgjesvein, min betre/verre halvdel, alt etter som.

Eg berre gløymte dei litt til tider.

Aldri har eg vore så glad i teknologien som då. Kvar kveld snakka eg med gutane på Facetime.

Løgn og forbannet dikt, som salig Ibsen treffande sa det. Eg snakka med dei innimellom. Når eg hugsa det. For dagane var intense, det skjedde noko heile tida, og når det ikkje skjedde noko sat vi med telefonforbod i det mørke sjukehusrommet.

Sjela verkte av dårleg samvit dei gongane eg innsåg at det var langt over sengetid for guten, og at eg hadde gløymt å ringe han. Eg fekk jamleg prisen for verdas verste mor, det får no vere måte på å vere til stades og mindfull!

 

Verda forsvann rundt oss. Det var berre der og då, på godt og vondt.

Sonen min hadde framleis ikkje fått vete at mora og tvillingsystera skulle vere vekke i endå åtte veker, at denne våren skulle pregas av sakn og annleisheit.

Eg ante ikkje korleis eg skulle seie det til han.

Eg hadde nok ikkje innsett alvoret og realiteten i kva som venta eg heller. Eg hadde heller ikkje fortald det til jenta, som etter kvart meinte det var på tide å dra heim.

Korleis seier ein til ein unge at ein ikkje skal heim på fleire månader? At ein ikkje skal på skule, treffe vener, eller sjå besteforeldre og familie på lang, lang tid?

 

Ein lyg. Så det renn!

Det var då det byrja. Mi karriere som lystløgnar.

Det skal seies til mitt forsvar at alle løgner i denne tida var i beste og kjærlegaste meining. Eg er overtydd om at Han Der Oppe har full forståing, og at eg ikkje har øydelag kvota mi av god karma for resten av livet. Hadde det vore ei Ho Der Oppe hadde eg ikkje trengt å uroa meg på ein flekk, men eg trur eg slepp unna med det uansett.

Eg bløffa ungen huda full, og fortalde skrøner om at ho og eg skulle på lang hotellferie. Eg hadde googla og visste at det var basseng på rehabiliteringssjukehuset, så eg la ut om kor mykje vi skulle bade og kose oss på skikkeleg mor-og-dotter-ferie.

Då ho hørte ordet basseng, var ikkje alt heime så viktig lengre.

Men korleis seier ein til dei andre ungane ein har, når det framleis er februar, at mamma ikkje skal kome heim før i mai?

-….har ikkje borna ein far…? spør du deg kanskje no. Jo det har dei. Ein god ein til og med. Eg fekk ikkje lov til å køyre heile løpet åleine, det fekk eg streng beskjed om då vi fekk meldinga om kor langt sjukehusopphald vi gjekk i møte. Dette var ikkje noko sololøp. Men eg ville det. Og det var ikkje lett for mannen min å ta seg fri frå jobben sin. Det var strengt tatt ikkje lett for meg heller, men som frilansar fekk eg til å flytte på dei fleste oppdraga i min jobb meir enn han kunne som arbeidsleiar på ein snikkarverkstad. Så då fekk det bli sånn.

Eg veit ikkje, kan hende det er det ekstra mammagenet som slår inn med full kraft. Den eine ungen min hadde knekt kraniet og fått hjernebløding. Det var ikkje nokon annan plass i verda eg ville vere.

Mamma er her, mamma passar på.

Det var der eg måtte vere.

 

Eg veit altfor godt at eg hadde ein til som trong at mamma var der og passa på. Det var ikkje lett! Men den eine ungen min trong mora si hakket meir enn den andre akkurat då. Mamma er her, mamma passar på. Eg gav det løftet allereie før ho vart fødd, og det var viktigare enn nokon gong å halde det. Eg ville gjort nett det same dersom det var sonen min det skjedde noko med.

Så eg gjorde austlending av meg den våren.

 

Dagen før overflyttinga kom ei dame frå rehabiliteringssjukehuset og snakka med meg. Ho skulle informere litt om kva og korleis og alt eg trong å vete. Skjerminga var endå strengare der enn her (dei orda skule ho få ete i seg).

– Har du nokre spørsmål? undra ho.

– Neida, svara eg, med tusen av dei svirrande i hovudet.

Eg hadde meir enn nok med å halde maska og ikkje grine. Men eg hadde sjølvdisiplin som ein drankar på Vinmonopolet etter stengetid.

 

Eg grudde meg intenst til å forlate sjukehuset vi var på, og synst alt verka skremmande og usikkert. Vi hadde endeleg slege oss til ro her, og funne tryggleik og rutinar som var kjende, gode og føreseielege. Vi visste kva det gjekk i her. Vi var rasande gode på skjermingsrutinane, og vi visste kor vi fann det vi trong. Vi fann tryggleik i lydane, luktene, vi kjende sjukepleiarane og legane. Det mørke rommet med grønskjer var vårt rom no, og det var vanskeleg å gje slepp på alt og ta steget ut i det ukjende.

Overlegen på avdelinga hadde møte med meg. Eg likte han straks. Han hadde ein lun og roleg veremåte, glimt i auget og snakka så vanlege folk forsto, samstundes som han ikkje la fingrane i mellom på harde fakta. Men han sa det så det vart leveleg å høyre.

Eg veit sanneleg ikkje om det er effekten av ulike legar som uttrykk seg forskjellig om same tinga, pakka inn i faguttrykk og sjukehusspråk – eller om det er pårørande med bomull i hjernen som ikkje begrip og får med seg ein brøkdel av ting som seiast. Men overlegen kunne fortelje at der var skade djupare i hjernen (iiiik) men ikkje av det slemme slaget (puuuh).

Ho hadde heldigvis ikkje fått DAI – Diffuse Axonal Injuri, eller diffus aksonal skade, som ein seier på godt, men framleis uforståeleg norsk.

Namnet på denne type skade refererer til aksoner. Desse kan samanliknas med leidningar eller kablar som lar ulike delar av hjernen kommunisere med kvarandre. Viss aksoner er skada, så er sdei ikkje lenger i stand til å overføre signaler eller ‘informasjonsflyt’ – noko som resulterer i svikt i ulike kroppsfunksjonar.

Dette bør ein helst unngå…

Overlegen bekrefta at det ville bli åtte veker på rehabiliteringssjukehuset, anten ho hadde DAI eller ikkje. Eg hadde vore overtydd om at den framtidsutsikta hadde endra seg etter at ho hadde vakna og såg ut til å vere seg sjølv på alle måtar.

– Det er viktig å forstå at dette vil ta lang, lang tid, sa han og sette blikket i meg for å sikre at orda gjekk inn, – det er betre å gje henne dei åtte vekene enn å haste vidare i livet og risikere seinskadar. Det kan forsinke betringa, og auke utfordringane hennar. Det er ei investering i liv og helse på åtte små veker, sett i samanheng med at ho skal bli friskast mulig resten av livet.

Eg såg poenget.

Det er utruleg kor fort ein klarar å omstilla seg når ein berre må det nok.

Fakerten, no laug eg att. Var det noko i verda eg var heilt sinnsjukt, pinleg krisedårleg på den perioden, så var det omstilling og forandring.

Eg takla det ikkje!

Eg synst det var vanskeleg viss ei sjukepleiar gjekk med hestehale eine dagen og håret laust den neste. Men endringar i livet kjem anten ein vil eller ikkje, så det er berre å henga seg på så godt ein kan.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.