18. Rå fisk i mørkret

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Og me står i dette sammen                                                                                                                         Og me tar det steg for steg                                                                                                                      Ikkje mange skritt av gangen                                                                                                                    Det klar’ ikkje eg

For me står i dette sammen                                                                                                                      Ved ein ny og fremmed bro                                                                                                                      Ser’kje lyset langt der framme                                                                                                                                 Men vett at me e to

(Sigvart Dagsland)

Systera mi og eg kom ekstra tett på kvarandre desse dagane på sjukehuset.

Slik småsysken ofte kan vere, var ho ei irriterande skitunge og ei plagsam veslesyster då ho var unge.  Men etter at ho vart vaksen har vi kome nærare og nærare. Er det nokon eg veit vil gå gjennom eld og vatn for både meg og ungane mine, så er det ho. Er det nokon eg verkeleg veit eg har i nauda, så er det ho.

Men i stå i dette saman med henne gav heilt nye dimensjonar. Det ville vore uuthaldeleg å vere åleine. Mannen min måtte halda fortet heime og ta seg av guten vår og få kvardagen hans til å vere så normal og vanleg som det gjekk an i ein unntakstilstand som dette.

Ein kjem stadig attende til behovet for å ha nokon som forstår, som har same referansar. For søstera mi og meg vart det felles tårer. Felles latter. Felles humor. Avlasting og hjelp. Det var nokon å riva seg i håret med, nokon å fryda seg over framgang og betring. Det var nokon som kom med friskt mot og nye, kreative innfallsvinklar når jenta fekk raptusar eller ikkje ville ete. Det var ei ekstra hand med tolmod når eg sjølv såg raudt eller måtte grina av meg ein skvett redsle eller frustrasjon. Det var moglegheita til å gå på do når ein måtte, eller ta seg ein dusj når ein trong det. Det var tøflar. Det var ekstra trøyst og kjærleik for jenta mi. Og for meg.

Systera mi var i utgangspunket favoritt-tanta hennar, og banda vart ikkje mindre tett no.

I skrivande stund står det ei sak i VG om ein ung mann eg nyleg vart kjend med. Han skada seg i skibakken då han gjekk på ekstremsportlinja på folkehøgskule for fire år sidan. To månader i koma, erverva hjerneskade, nesten eit halvt år på sjukehus – og

Det var ikkje mange orda mor hans og eg trong å veksle før fellesskapet mellom oss fall på plass, som to bitar i eit puslespel. Deira historie er på mange måter mykje verre enn vår, men likevel er det fleire fellesnemnarar enn skilnader.

Over heile landet har eg litt etter litt funne fellesskap. Same kva skaden til ungane våre kjem av, same korleis prosessen har vore, så møter alle som ein like utfordringar i ‘livet etterpå’. Dei skadde og dei pårørande ender opp utslitte og einsame, ofte isolert frå vener, familie og nettverk. Ein vert bitter og sur og fortvila fordi verda ikkje forstår. Og det vert ein vond sirkel. Forbitring, during og fortviling er ikkje akkurat tiltrekkjande kvaliteter…

Det er ikkje alltid vi ser lyset langt der framme, men det hjelp å vete at ein ikkje berre er to, men mange som står i dette saman. Vi er mange som går gjennom kvardagen steg for steg, og som et elefanten på den einaste måten den kan etast – bit for bit.

Den siste kvelden på akuttsjukehuset tinga vi sushi.. No fekk eg gleda av vipps-pengane frå far min og dei, det var fint å kunne unna seg noko ekstra godt den kvelden. Kusina mi kom på vitjing att. Den kusina eg ikkje hadde noko særleg kontakt med elles. Ho var der då det gjaldt. Eg merka at banda mellom oss vart tettare, og det gjorde godt å snakka med henne.

Sjølv om ho åt opp alt godteriet mitt før ho gjekk.

‘Suiten’ såg ut som eit klassisk tenåringsrom, og vi måtte rydde og pakka. Begge hadde fått sendt kofferter med det aller mest naudsynte over fjellet, og rommet var prega av kaotisk tempo i tilværet. Det såg med andre ord ikkje klokt ut.

Eller heimekoseleg, som eg og kunne velje å kalla det.

Vi hadde håpa å få avlasting til å sitje hos ungen medan vi pakka og åt. Til trass for at vi var saman døgnet rundt, såg kvarandre nesten heile tida – fekk vi minimalt med moglegheiter til å prate ordentleg saman. Det var  mykje å snakke om, og vi håpa på ei salig stund med samtaler og rå fisk.

Men denne kvelden var dei travle og underbemanna på avdelinga. Ingen hadde tid til å avlaste. Vi måtte pakke på skift, og sushibitane vart liggande og lokke til  klokka vart nærmare elleve. Då gav vi opp.

– Greitt!! Systo tok ansvar.

Ho drog treningsmatta til ungen bak forhenget, og anretta. Det vart reine piknik’en der i mørket, mellom døra og sjukesenga. Godt vi visste kva vi hadde tinga, for vi såg ikkje ein skit, det vesle grøne lys-skjeret hjelpte ikkje det spøtt. Det set jo ein ekstra piff på eit sushimåltid når ein ikkje anar kva slags bit ein tek inni munnen.

Vi kjende oss ravande galne då vi hadde gøymt ein boks med lettøl på del inne i skåpet, og smugopna skåpdøra og stal oss til små slurkar av forboden glede. Eg kan skjøne kvifor ungdom prøvar seg, det er eit visst snev av spaning som faktisk er ganske moro (ikkje sitér meg på det til ungane våre!).

Det er det snodigaste og beste sushimåltidet eg nokon gong har vore borti! Det finaste var at det heile var så absurd at tårene den kvelden var grunna latter.

Konklusjonen var at dersom vi etter dette kom til å gå ut for å ete sushi på restaurant, ville vi be om å få sitje på golvet og be dei slokke lysa! Anbefalas!

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.