21. Sentrum i solsystemet

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

I blant kan ein sjå tilbake og finna
at tårene er blitt til perler
Ei skinande rad av minne 
Gode minne å varma seg på
Tunge minne som gir ballast
Helst ville vi ha surfa på gleda
Men i blant er gleda ein skatt
vi må erobra gjennom kamp
Forunderlig er dette livet
og den vegen vi får å gå

(Bente Bratlund)

Dei første dagane etter den vanskelege ‘premierehelga’ openberra meir og meir av det gode ved sjukehuset.

Det var enormt mykje hjelp og støtte å få til alt som var vanskeleg. Praktiske byrder og problem vart løfta av slitne skuldrar. Eg trong ikkje springe til Rema i snøstorm fleire gonger heller. Ryggmargsskade-avdelinga rett ved hadde kjøkenkrok med eit kjøleskåp fullt av kald jus og andre godsakar, kaffimaskin og naudproviant til kveldssvoltne magar.

Snart var det team-møte, der heile teamet til jenta var samla. Ti stykk. Ti stykk! Berre for ei einaste lita jente! Det var lege, sjukepleiar, hjelpepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, nevropsykolog, logoped og koordinator! Ungen var sentrum i eit lite rehabiliterings-solsystem.

Då legen samanfatta ulukkeshendinga og tida etterpå, sat psykologen røynd parat med papirlommetørkle. Akeulukke. Hovudskade. Kraniebrot. Hjernebløding. Berre det å høyre orda sikra full lekkasje i tårekanalane.

Eg vart informert om at det ville bli mykje kartlegging og testing framover. Dei vart litt paff då dei høyrde at vi var førespegla åtte veker. Nei, nokre gonger var det mykje mindre. Nokre gongar meir. Eg fekk kjensla av at dette ikkje var så gale, og at vi ville kunne reisa heim lenge før vi trudde.

Eg visste det! Godt eg ikkje handla meir eplejus enn eg gjorde.

Eg merka fort kor fine folk vi hadde fått tildelt. Og det beste av alt, eg skulle få hjelp eg og. Hjelp til å handtera traumet, og få system i det indre kaoset. Dette var ein del av rehabiliteringa. Skulle ein få skikk på ein sjuk eller skada unge, var det like viktig å hjelpe foreldra. Musikk i mine øyrer!

Det var ein vedunderleg heilskap i behandlingsopplegget, der heile familien skulle hjelpast. Så allereie måndagen etter første helga var eg sett opp til samtale med psykolog. Deretter var det avtale med sosionom.

Gud, eg elskar sosionomar!

Eg vart jo ‘navar’ før eg rakk å blunke. Og er det noko eg har lært i mitt liv,så er det at det rett som det er kan vere krevjande å forholde seg til NAV og dei. Men akkurat no var eg tvingande nøydd. No vil eg presisere at det er heilt fantastisk at det finnes løysingar i Noreg som gjer at ein ikkje treng å selje hus og bil og ungar dersom ein vert sjuk eller av ein eller annan grunn ikkje kan jobbe ein periode. Men det har vist seg at det enklaste er å vere heilt normal, standard A4 arbeidstakar. Skulle du vere så syndig å vere sjølvgåande i den forstand at du har din eigen bedrift, kan du i mange tilfelle berre gå å hengje deg langsamt. Det er ikkje nødvendigvis det at ein ikkje får noko, det berre gjer heile prosessen inn i helsike mykje meir intrikat. Men no skal eg fokusera positivt og tenkje på for eit fantastisk system vi er velsigna med. Dei viste til og med heilt NAV-utypisk eksepsjonell velvilje nokre gonger.

Sjukepleiarar som avlastar så ein ikkje får totalt brakkefeber, er og høgt verdsett. Ungen sjølv hadde det stort sett som plomma i egget, trass i grunnen til at vi faktisk var der. Rehabiliteringa og opptreninga kom fort i gong, noko som for henne medførte mye kjekt.

Vi fekk hjelp og støtte til alt når det gjaldt å omorganisere livet. Sosionomen (nemnde eg at eg elska ho?) sat klar på slaget avtalt tid, rett etter eg var ferdig med psykologsamtalen. Sosionomen sendte inn reiserekningar og informerte om rettighetar og moglegheiter.

– Berre skriv under fullmakta her, så tek eg meg av kontakten med NAV, sa ho.

Eg kunne kysst ho der og då. Men eg har eit rykte å ta vare på, så eg grein heller ein liten skvett av lukke og letnad.

 

Terapeutane kom og gjekk og henta ungen til all slags opplegg. Det var mykje ho skulle gjennom. Ho fekk gjere alle slags morosame ting. I byrjinga sat ho for det meste i rullestol, og ho elska det. Det var ikkje fordi kroppen var skada, men ho var framleis svimmel og ustødig og vart fort sliten i beina og kroppen.

Dagane gjekk seg til på et vis, ein leiter og finner små rutinar og ‘luftelommer’. Det vart konstatert at kroppen hennar verka som den skulle, etter ein testveke med treningar og behandlingar saman med ymse ‘pedahøyter’.

Det er ikkje til å tru. Ungen ramla tre meter rett ned, og forstua ikkje ein gong tommelen. Englevakt, langt over fatteevne.

Det som var vanskeleg å forstå seg på var at vi såg ‘gode gamle’ jenta vår, som tilsynelatande var seg sjølv og verka som før. Samstundes så var ho ikkje det. Skaden var så frustrerande usynleg.

Ergoterapeuten klarte omsider å forklare kva det handla om. For å seie det veldig enkelt: Skaden i hjernen gjorde at den ikkje var i stand til å ta inn verda. Alle sanseinntrykk, og inntrykk elles vart enormt mykje sterkare. Sjølv små lyder vart store og plagsame, farger og synsinntrykk vart meir intens, lys vart skarpare, og opplevingar/inntrykk vart større. For å seie det med enkle ord – ho var på ein måte blitt høgoktan høgsensitiv. Märtha Louise kunne berre gå å leggje seg. Ho var ikkje i nærleiken.

Korttidsminnet var påverka, og hukommelsen elles var litt av og på. Det var desse tinga som trong tid og måtte ‘jobbas’ med, og usikkerheita vår handla om korleis det ville prege henne i framtida. For ingen kunne seie sikkert om ho ville bli 100% bra igjen eller ikkje.

Eg nytta sjølvsagt høvet til å minne henne på kor ekstremt glad ho er i å rydde og å gjere som eg seier…

Nevropsykologen, som og forbarma seg over både meg og andre pårørande, hadde eit eiget lag med ungar, og den første timen ho hadde med jenta mi inne på rommet vårt, satt eg i senga og prøvde å gjere meg usynleg utan å fnise for høgt. Jenta teikna, og psykologen kamuflerte spørsmåla godt i lett kvardagsprat. Dei snakka om oss heime, og ho spurte jenta om rydding .

– Det er det mamma som gjer, pappa driv ikkje med sånt.

Hoho, knegga eg inni meg, det er frå fulle folk og ungar ein får høyre sanninga. Ungen skal få is i dag!

– Men pappa støvsuger og vaskar, dét er ikkje mamma så god til.

…den isen kunne ho berre gløyme!

Ho trong enormt med kvile, sjølv om ho ikkje verken forstå eller kjende det sjølv. Batteriet hennar var konsekvent full-lada på hundre tusen, men ti sekund etter kunne ho sove tungt i tre timar.

Med kviletider følgde tankar og sakn etter vener og heimeliv. Ho følgde med på klokka på veggen.

– No er broren min på veg til skulen.

– No et han lunsj.

– No er han på veg heim.

Slik var ho med han gjennom heile dagen hans.

Ho hata å ‘tvingas’ til å kvile fleire gonger dagleg. Bortskjemde skitunge, ho skjøna ikkje kor heldig ho var.

Viss nokon hadde tatt styring og pressa meg til å kvile så ofte hadde eg jubla!

 

Eg grubla mykje.

‘Kva om’. ‘Tenk viss’.

Tenk viss ho faktisk hadde døydd den dagen, slik eg trudde ho gjorde – og det siste eg gjorde var å små-kjekle med henne om at hun ikkje ville ta på lue og vantar.

Eg vart klissent tilgjevande. Livet er for kort og uføreseieleg til tussakonfliktar, krangel, usemje og ting som visar seg eigentlig å være bagatellar når det verkeleg kjem til stykket.

Tenk om ein aldri får ordna opp med dei ein er glad i, også smell det.

Tenk om ein aldri får sagt ‘Eg er eigentlig veldig glad i deg!’

Det er verkelig mykje tull ein driv og styrar med som er passe talentlaust å bruke tid og krefter på. Eg hadde ei heil liste sjølv. Det er ikkje så hyggjelig måte å bli minna på sånt, men eg var likefullt glad for at eg vart det. Sjølv om eg oppdaga at eg hadde – og framleis har stort forbetringspotensiale etter at vi kom heim.

 

Det vart overraskande nok mange små, gylne augeblikk. Ho fekk ikkje så mykje som sjå på ein skjerm, det vere seg iPad, tv eller telefon på sju veker, så eg fekk endeleg realisert planen min om å byrje å lese høgt for ho.

 

Eg satt ofte i senga, med henne tett i armkroken min og las. Vi las Marikken. Vi las Tonje Glimmerdal. Vi las Mio min Mio. No veit eg ikkje kor mykje ho er i stand til å fortelje att, for problema med korttidsminnet byrja å gjere seg gjeldande. Eg haldt på å gå frå konsepta av at ho heile tida lurte på kven Miramis var.

 

– MIRAMIS ER HESTEN TIL MIO FOR HELSIKE, HAN ER NEMNT FJORTEN GONGER PÅ KVAR SIDE, FØLG NO MED DÅ, UNGE!!!

 

Eg tenkte det. Men eg sa det ikkje. Eg berre forklarte det med små og milde bokstavar som dryppa av moderleg tolmod.

Superkrefter…

Ein er nøydd til å finne små fine ting og augeblikk i eit elles så absurd tilvære, og vi vart faktisk flinke til akkurat det.

Klarar ein berre slå seg til ro og akseptere situasjonen kan ein opne ein seg på ein annan måte – og alt kan hende. Og særleg dei siste to vekers hendingar viste meg at augeblikk ein ikkje heilt skjønner poenget med der og då, kan vise seg å bli nydelege minner når ein tenkjer tilbake. Vert ein skikkeleg proff, registrerar ein desse augeblikka medan dei er der og.

Ein kan og lære at den største gleda kan finnes i dei minste ting. Som ei pakke fargeblyantar. Og eit kvitt ark.

Og å finne ut at dei hadde isbitmaskin der og

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.