23. Eggløysing, diamantar & pur lukke

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Varje dag sker små under
Men så lätt det är att ta dom för givna,
Så lätt att sitta nöjd och bara ta.
Tack ska Du ha, Herre, för allt jag har fått idag,
Tack för idag, tack för en underbar vanlig dag.

Morogåve frå gamle barnehagen

Det er ikkje ein tur for pinglar, det å reise frå heimen til sjukehuset. Sonen min fekk etter kvart stålkontroll på ruta. Bil – fly – tog – båt – buss. Han visste nøyaktig kva nummer toget og bussen hadde, og haldeplassane frå kaia til sjukehuset. Han lo like begeistra kvar gong stemma annonserte ‘Flaskebekk’, det var det løgnaste namnet han hadde høyrt.

Sjølv ei heilt vanleg påske går eg på ein smell når det gjeld påskeegg.

Tradisjonen tru hadde eg svidd av ei lita formue på egga. Det måtte jo vere litt ekstra i år. Men det var den smellen…

Familien vår er stor, og kvart år vankar det påskeegg frå både besteforeldre, tantar og onklar. Eg har måtta lage snop-depot både her og der i huset og fordele godsakane utover fleire laurdagar. Du må ikkje tru det vart betre denne påska. Alle syntes ekstra synd på ungane, og egga hagla. Det var reine eggløysinga.

Det kom til og med påskeegg frå skulen.

Sju alt i alt.

Til kvar!

Då vi kom tilbake til sjukehuset viste jenta meg stolt den nye løyndomen sin. Med andakt og sans for dramatikk opna ho skåpet på rommet. Inni skåpet var ein safe. Ho låste opp, svinga armen elegant ut og openberra eit arsenal av smågodt.

Ingen kommentar…

Eg valde å ikkje fortelje henne kor uklokt det var å vise meg dette, og kor direkte dumt det var at ho forklarte meg kor ho gøymde nykkjelen.

 

Facebook-glansbilete kan irritera vatnet av ein gråstein har eg fått med meg gjennom åra med sosiale mediar. Ein må for all del ikkje leggje for mykje lukke ut på det vedunderlege internettet. Det kan bli overveldande mykje glede å ta inn for dei som gjerne slit litt. Ein bør og passa seg for å bli for negativ. Ein bør leggje seg på ei nøktern linje for ikkje å erta på seg nokon. Normalt sett bryr eg meg ikkje katten om glansa ‘beina høgt og raudt i glaset’-statusar. Folk må leggje ut det dei vil for meg.

Men no erta alle meg på seg. Eg fekk brekningar av blå himmel og kvite vidder, boblar i stettglas og lukke over heile påskelinja.

Men no prøver eg hardt å stå fram som eit godt eksempel når det gjeld å sjå gleda der ein er. Så vi gjorde det beste ut av det. Vi organiserte og aktiviserte det vi var gode for. Resultatet var overraskande fine opplevingar (når ikkje familiestresset tok overhand, noko det til stadigheit gjorde). Det vart fiksa påskeegg-jakt, påskepiknik i lavvoen utanfor sjukehuset og påskeverkstad. Rommet vart dekorert med påskeliljer, høner og gul duk på bordet. Det var nummeret før rommet såg heimekoseleg ut.

 

Frustrasjonen tok overhand mellom både mannen og meg opptil fleire gonger, men siste kvelden han var der, kom vi på at vi hadde 10-års jubileum. Samlivet passerte i revy for oss begge. Vi lo og grein om ein annan, og reflekterte over alt vi hadde klart oss gjennom. Det planlagde giftarmålet vart det aldri noko av, tvillingane kom til verda drygt tre veker etter oppsett bryllaupsdag. Invittane ligg framleis i skåpet.

Når folk giftar seg, snakkar presten om å halde saman i gode og vonde dagar. Det løftet fekk vi aldri gitt kvarandre offisielt. Derimot er det godt utprøvd.

Så her sat vi. I største krisa eit jubilerande par kan finna seg i. Det fine var at det gav oss styrke. Hadde vi klart desse ti åra, skulle vi ikkje gje oss no. Krise eller ei. Pakta vart forsegla med Kinderegg og kaffi før vi velta i seng. Kvar vår, sjølvsagt. I kvart vårt rom for sikkerheits skuld.

Eg sov med guten min i eit ledig pasientrom vi fekk låne på ryggmargsskade-avdelinga. Det var der vi skulle budd, ungen og eg! Utsikta var ubeskriveleg. Guten og eg fekk nokre vedunderleg rolege leggestundar dei kveldane, der vi låg tett saman til han sovna.

Kvar morgon vakna han og oppdaga lukkeleg at eg framleis låg der.

Dei små armane om halsen min. Lukta av håret hans. Auga som strålte om kapp med sola som fekk fjorden utanfor til å glitra. Freden i sjela når han såg Asterix på iPad’en, og den trillande latteren Obelix utløyste medan eg sneik meg til å slumre nokre minutt til. Døra som opna seg, og dei to andre som kom kvitrande inn med kaffi på senga.

Det finnes ikkje større lukke enn slike stunder. Eg ville ikkje tenkje på kva som nærma seg anten eg ville eller ikkje.

For etter den søte kløe kjem den sure svie. Avreisa nærma seg, dei to hine skulle heim att. Fire dagar var alt vi fekk. Her kunne eg lagt skulda på legane, men det var eg som tok avgjerda. Fire dagar var meir enn nok for oss alle fire. Det er avgrensa kor lenge ein kan sysselsetje ungar innelukka på eit sjukehus. Særleg friske ungar. Og om det var aldri så godt for hjarta, så var det og ei påkjenning.

Men det var ei verre påkjenning å måtte sjå kor guten vegra seg for å dra.

– Eg har så vondt i kneet, mamma, kan eg ikkje berre bli her eit par veker til..?

– Kan vi ikkje byte vaksen? Så kan pappa bli her og du kan kome heim med meg?

– Eg vil ikkje dra, mamma, eg vil ikkje dra!

Eg tenkte at denne historia skulle vere krydra med små humoristiske og fornøyelege augeblikk. Men eg har ikkje klart å finne noko morosam vinkling akkurat her.

Eg treng ikkje utdjupe avskilet.

Det var berre smertefullt, og eg grein blod.

 

Systera var prega ho og. Fann ikkje roen då ho skulle kvile dagen dei drog. Var irritabel og rastlaus. Så lenge det varte, vi rakk knapt lande før neste pulje påskegjestar inntok staden.

Ungen var i lukkerus!

Mora og systera mi skulle vere der resten av påska. Det vil seie, både mor mi og eg vart overflødige – tante kuppa showet.

Eg kan ikkje seie kor glad eg var for å få avlasting.

Avlasting på å spele DET HELSIKES SPELET ‘DEN FORSVUNNE DIAMANTEN’!

Å i heitaste kor lei eg var av det av Den Forsvinne Diamanten.

Og Yatzy.

Og DyreLotto.

Nemnde eg Stigespelet..?

Om att og om att og om att.

Med ein unge som nærma seg Noregsmeister-tittel i fusk, og som var like dårleg vinnar som tapar. Det vart til og med nemnd i den tverrfaglege rapporten:

Ved ulike spel og meir konkurranse- og sportsaktivitetar visar jenta at ho svært gjerne vil vinne, sjølv om det kan innebere å endre noko på reglane eller spelets gong undervegs.

Eg prøvde. Eg gjorde verkeleg det. Og veldig ofte klarte eg det. Å vere til stades. Finne roa. Nyte augeblikka, der eg og ungen min hadde eit hav av tid og ingenting viktigare som kravde ein. Ei av mødrene eg seinare møtte, sa at ho aldri skulle seie nei viss ungane ville ha henne med å spele spel. Aldri utsetje det til i morgon eller ein annan gong, fordi ein ‘skal berre’… Både ho og eg og alle fekk eit brått møte med sanninga om at det kanskje ikkje blir noko i morgon eller ein annan gong. Det er carpe diem og grip dagen og lev i augeblikket og alt det der. Det er verdas største klisjé, men nokon gonger får ein servert klisjéane midt i fleisen, og ein skjøner at det ikkje berre er flokslar.

Så eg prøvde. Eg spelte. Og eg oppdaga at eg gleda meg over det. Ho og eg. Mor og dotter – og uendeleg mykje tid. Det var vakre stunder.

MEN EG VART SÅ LEI!

Det var ikkje det at eg ikkje likte å spele og gjere ting med henne. Men i lengda vert ein sliten av å ikkje ha eit minutt på dagen der ein berre kan vere seg sjølv, berre trekke pusten og tenke ein tanke til endes. Har ein ungar på sjukehus er ein der for dei to hundre prosent, heile døgnet. Sjølvsagt. Og eg kan lova ein rimeleg høg prosentsats der eg var med, heilhjarta både fysisk og mentalt. Men innimellom klikka det for meg. Så eg let resten av prosentane tale når eg seier at eg var lukkeleg då systera mi let seg dra inn i runde etter runde med forsvunne diamantar.

 

Same dag som mann og son drog attende sendte min andre halvdel meldingar og spurt om eg ante kor katta vår kunne vere. Ho var meir forsvunne enn diamanten.

Mysteriet vart løyst utpå kvelden, då han skulle leggje seg. Katta hadde vore innesperra på soverommet vårt heilt sidan eg reiste heime frå tre dagar tidlegare. Det stakkars dyret hadde vore utan mat og vatn – og verre – utan moglegheiter til å kome seg ut å gjera sitt naudsynte…

Senga vår hadde fått æra å fungere som provisorisk kattedo. ALT var dynka i kattepiss – dyner, puter, sengeteppe – det hadde til og med trekt ned i overmadrassen.

Kva skal ein seie? Velkomen heim, liksom.

Noko kunne reinsast, anna måtte kastast. Madrassen til dømes. Sjølv om det var mest freistande å slenge katta i bosset. Det tok litt tid før eg kom inn i varmen att, hos både mannen og dyret.

Men langt vekke frå illeluktande senger og misnøgde kattar bestemde våren seg brått for å kome, og vi naut sola. Og då meiner eg naut! Det var ikkje mange moglegheitene til å vere ute i det heile tatt, frå vi kom til vi drog. Særleg den første tida, det var beinkaldt og enorme mengder snø. Då vinteren pakka saman og drog måtte vi vere inne likevel, og eg følte eg klorte på ruta i lengsel etter luft og lys.

Mormor og tante hadde med seg påskeegg nummer tre og fire – eit frå onkel og tante heime – og eit frå dei sjølv. Størrelsen ja, kva skal ein seie om den? Full sympati for den høna som skulle ha verpa det egget!

Dei varme strålane fekk snøen til å kapitulera, og openberra ikkje berre ein leikeplass – men hagemøblar og! Vi rigga oss til i solveggen med gul brus og kaffikrus.

Sola skein, vi drakk kaffi og ungen velta seg i påskegodt (ho fekk plass sjølv oppi det eine). Påskeegget frå onkel og tante var til meg! Det er eit av dei beste påskeegga eg nokon gong har fått! Ein blom og ei flaske vin fekk eg og. Eg tør ikkje skriva det høgare i tilfelle dei på rehabiliterinssjukehuset les det. Det var ei oppmuntring til å bli glad av.

Det var verkeleg ikkje noko spesielt vi gjorde der vi rigga oss til i solveggen. Alt var provisorisk, med ei sjukehusskjorte som bordduk for at sola ikkje skulle reflektere for mykje i auga på ein lyssky unge. Lunken kaffi. Påskenøtter. Eg fekk til og med lese tre sider av dagens avis då ungen var inne for sin daglege lur. Det var reine luksusaugeblikket.

Ei herleg stund!

Ei usedvanleg herleg stund.

Eg tenkte det var rart å kunne ha det så bra i den situasjonen vi var tvinga inn i. Der og då, med ro i sjela og sol på andletet slo det meg at dette var sjølve definisjonen på lukke. Minnet varmar framleis.

Det var spennande å sjå korleis nokon heime frå ville oppleve henne, mor mi hadde jo ikkje sett barnebarnet sidan ulukka. Ville ho sjå dei same tinga som eg? Dei kortlunta reaksjonane, svartsinnet gjorde seg gjeldande allereie då. Men mor mi uttrykte at ho verka heilt vanleg. Heilt som før, meir eller mindre. Eg skjønar det, ho såg jo sprett frisk ut. Men det gjorde meg frustrert og irritert, og fekk meg til å tvile på mitt eige hovud. Var eg den einaste som kjende at ho var annleis? Såg eg fanden på flat mark?

Det var ikkje lett å avgjere kva i åtferda hennar som skuldast skaden, og kva som skuldast reaksjonar og frustrasjon over brått å vere rive vekk frå heimeliv og stengd inne på sjukehus i fleire månader.

Men sjølvsagt var folk glade for å sjå at ho var seg sjølv, anten det var i større eller mindre grad. Det var eg og, sjølv om eg allereie då merka ei annleisheit i henne. Noko udefinerbart, subtilt.

Dagane flaug, prega av stigar, terningar og diamantar. Det var måltider og prat. Tårar av både frustrasjon og latter. Ved heisen attmed avdelinga er det ein stor open plass med panoramavindauge ut mot fjorden, og ein utsikt som tek pusten frå ein. Der står ein sofa, nokre stolar og eit bord der ein kan sitje å filosofere eller kva som passar best. Ikkje uventa vart denne plassen døypt ‘Utsikten’.

Utsikten romma mykje moro. Der sat vi med hakeslepp på kveldane og betrakta kor mange ein av dei andre pasientane hadde på helgebesøk. Vi gjekk tom for fingrar då vi talde. Dei bidrog stort til kjensla av å vere på høgfjellshotell i påska. Mor mi hadde med seg ein klunk med kvitvin, det gjekk no vel ikkje an å sitje låst på eit sjukehus i påska, utan noko normale gleder, meinte ho (ja eg skuldar på ho dersom nokon frå sjukehuset les dette – DET VAR MOR MI SOM TVANG MEG…!)

Godsakene vart kamuflert i kaffikoppar, og tynna ut med isbitar. Så det var ikkje mykje syndigheita att viss ein skal sjå rasjonelt på det. Det var her omgrepet ‘sjukehus-kaffi’ vart til. Eit ord som gjer gode assosiasjonar og ein klang av fryd i ei merkeleg verd og tid. Utruleg kor nokre ytst få forbodne dropar med isbitar, i kombinasjon med gode samtaler kan gje så mykje latter og glede.

Delar av fryden vart og til i eine treningsleilegheita i etasjen under oss. Den fekk vi låne til matlaging og måltid, og den gav avbrekk, avveksling og stoveforandring.

Eg fekk til og med løyve til å forlate fasilitetane for ei stund, og fòr med båten over til Aker Brygge der eg fekk nyte sola på ein uterestaurant saman med gode vener. Det var så frigjerande og gjorde så godt at det ikkje ein gong øydela stemninga då eg vart dusja ned av ein solid dose måseskit.

 

Men alt godt har ein ende. Påska kunne ha blitt lang med alle heilagdagane. Alle terapeutane hadde ferie. Det ville vore monotone og tomme dagar viss vi ikkje hadde hatt så mykje besøk. No kjentes det som når ein har hatt lenge ferie, og ein gleder seg til at kvardagen byrjar att og ein skal på jobb igjen.

Alle besøk gav todelte kjensler. Frå å vere berre oss to, måtte vi omstille oss når nokon kom. Eg var sliten allereie før mor og syster mi kom. Ungen måtte og ‘skru om’ i topplokket, kor kjekt det enn var med besøk. Tidvis syns eg det var anstrengande, med kjensla av å måtte vere sosial når eg eigentleg trong å flata ut eller berre sitte stille utan å seie noko som helst. Men eg verken kunne eller ville seie noko. Det var jo fint med besøk, det var berre eg som mangla overskott.

Og igjen, når vi fann sporet og hadde det kjekt, då var ‘besøkstida’ over, og ein vart einsam att. Ungen var frykteleg lei seg då tante drog, sjølv om ho skulle kome attende allereie helga etter. Saknet var uhaldbart, dei hadde knytt tettare band enn nokon sinne i tida på det første sjukehuset.Eg undra meg over at ein del av meg hadde gledd meg til at vi skulle bli åleine att, få roen attende. Men når dei drog, kjende eg meg berre forlate og botnlaust einsam. Det var ikkje til å bli klok på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.