38. Tjue bøy & tøy – peisa på!

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Opp og gå, gå, gå,
et troll har satt seg i magen
Opp og gå, gå, gå,
gå og venta på dagen.
Ein bør’kje gå og tråkkå
der minner og spøkelser bor,
men dei gir meg’kje fred
¬dei gir meg’kje fred

 

Sjølv om dagane var sosialt lettare, var dei utfordrande og.

All rastløysa. Frustrasjonen. Sorga. Og ingen plass å gjere av det. Ungen var saman med meg så godt som tjuefire timar i døgnet, så eg måtte halde att. Måtte halde inne.

Det var ikkje heftig heile tida, men dei gongane det var knute på tråden mellom mannen og meg, når eg fekk brakkefeberen over meg, eller vi fekk dårlege nyhende, då var det ikkje lett å vete kor ein skulle gjere av seg.

Så eg trava.

Eg vandra kvilelaust og mållaust rundt i korridorane. Att og fram, rundt og rundt. På eit tidspunkt byrja eg å leite etter slitasjemerker i golvet, av den sorten Onkel Skrue lagar når han går i ring i Pengebingen og grublar.

Bestevenninn M løyste det på eit vis. Ho fekk meg til å kjøpte skritteljar-klokke då eg var heime i mars. Endeleg fekk eg mål og meining med all trakkinga.

Eg vart ein jækel i konkurransar og utfordringar som handla om kven som gjekk flest skritt og trappetrinn i løpet av ei helg eller ei veke. No gjekk det sport i det.

På eit av team-møta om jenta mi vart det konstatert at ho var dekondisjonert.

Eg var kraftig dekondisjonert sjølv. Eller pill ròte, som ein og kunne seie, om ein skulle kalla ein spade for ein spade.

Eg elska ordet.

Dekondisjonert.

Mykje snillare ut enn min variant, så eg tok det til meg på flekken.

Skal seie den klokka gjorde susen.

Då eg sat på det første sjukehuset og grudde meg til overgangen og ny plass, prøvde eg å vende det til noko positivt. Eg hadde bilete i hovudet om korleis rehabiliteringssjukehuset såg ut (stemte ikkje litt ein gong), og eg hadde planen klar. Ikkje planar om at eg skulle kome heim som ei sekk med fjorårets poteter.

Eg hadde nett byrja på ‘Prosjekt Overskot’ då vi drog på vinterferie. Eg var godt i gang med yoga på stovegolvet kvar morgon, og hadde teke rosenrot for å gje energien ei lita dytt. Og eg merka det. Gnisten i kroppen byrja å vakne, no skulle eg nytte vinterferien til å sove godt, og komme frisk og pigg og opplada heim til mann og daglegliv. No gjekk riktig nok ikkje det akkurat som planlagt. Men når det vart som det vart, skulle eg bruke tida fornuftig, nytte mange, lange sjukehusveker til å bygge opp både mental og fysisk energi. Eg skulle gjere yoga kvar dag. Eg skulle gå turar. Eg skulle ete sunt.

Ja ja. Kva skal ein seie? Det gjekk ikkje heeeilt som planlagt det heller. Når ein opplever eit traume går energien med til heilt andre ting. Som å kreke seg gjennom dagane.

Men eg prøvde, den skal eg ha. Skritteljar-klokka fekk opp farten på meg. Å kor eg gjekk. Passerte pasientar som målmedvitne trakka spor i golvet dei og. Ein vart på nikk og på hels med folk. Det var nett som turgåarar på fjellet. Då helsar ein hjarteleg, på vilt framande folk.

Det var ein eldre mann eg la særleg merke til. Først såg eg han i rullestol. Deretter stavra han seg bestemt framover med preikestol, det er ein slags høg gåstol, og til slutt kom han gåande utan hjelpemiddel. Eg hadde teke meg ei pause på Utsikten,og kommenterte kor sprek han hadde blitt den relativt korte tida eg hadde sett han. Han sette seg ned og slo av ein prat. Han fekk høyre om ulukka til ungen, og eg fekk høyre om hans. Han hadde sklidd på ein isholk utanfor huset. Det eine beinet hans mista fotfestet, han velta omkull og rutsja ned mot huset der han knalla hovudet i veggen. Han kjende det small, men klarte å kome seg rundt hjørnet og inn i huset der han sette seg på ein kjøkkenstol og ringde etter sjukebil. Rommet snurra, men han fekk likevel låst opp kjøkkendøra så ambulansefolka kunne kome seg inn, før han la seg ned på golvet slik han hadde fått beskjed om å gjere.

Då dei kom for å hente han, hadde han ikkje kjensle i beina. Nakken var brote på to stader, og han vart lamma i beina.

No hadde han vore av dei heldige utvalde som hadde fått plass på sjukehuset her, og akta å gjere maksimalt ut av opphaldet.

– Du veit, i min alder kan det vere vanskeleg å kome på beina att dersom ein først vert satt ut av spel, og det aktar eg ikkje å utsetje meg sjølv for.

Skal seie vilja og staheita gav resultat!

Eg var glad den dagen eg ikkje trefte han att på rundane mine, det tydde at han hadde blitt bra nok til å reise heim. Eg fekk vere litt sta eg og, då.

Eg kunne gå opp i 16000 skritt om dagen, og kjende lukkeleg på noko som i det minste likna stølheit i beina. Forma vart betre, steg for steg, bokstaveleg talt. Heilt til E og H kom (eg vel å legge skulda på dei, eg). Det vart jo så utruleg sosialt og fint! Eg hadde ikkje tid til å kjenne så mykje etter på vanskelege ting, og det var mykje kjekkare å sitje i sofaen og sludra med Mødremafiaen, drikke Pepsi Max og ete smågodt. Du vil ikkje tru den smågodtdisken dei hadde på nærbutikken! Det skulle ikkje vore lov!

Dei andre var like dekondisj..- nei drit i, la oss vere ærlege. Vi var like pill ròte alle tre. E hadde planar om å ta Trolljegerprøva når hausten kom, og sveitta kaldt berre ved tanken.

– Kom igjen, piska ho oss ein dag, – eg har nokre øvingar til oss.

Treningsmattar vart henta inn på rommet hennar, og ho køyrde i gong. Hopp og sprett, brett og vreng, rumpeløft og tjue bøy og tøy (stemora mi hadde elska det, tjue bøy og tøy er universalmidlet hennar mot alt i frå luft i magen til kjærleikssorg og brotne bein).

Sjokkerande. Det finnest ikkje noko betre måte å beskriva det på. Forma var sjokkerande. Dårleg altså.

Eg sleit meg gjennom fire og ein halv armheving, før eg kollapsa på matta.

– Godt vi allereie er på sjukehus, pesa eg.

Slavedrivar, det var det E var. Gav seg ikkje heller veit du, berre pusha på. Ho er det nærmaste eg har vore personleg trenar.

Då H kom forbi vart ho og shanghaia, og vi flytta oss inn i leikerommet der pininga haldt fram.

Var det noko som fekk trena seg, så var det magemusklane. Ikkje fordi vi følgde instruksane hennar så godt – men vi lo sånn.

Då ungane våre kom attende frå timane sine lurte dei på om mødrene deira hadde vippa over galskapen ein gong for alle. Blikka deira på dei tre slakta med mørkeraude andlet som prusta på golvet var ubetaleleg.

Det vart med den eine treningsøkta, for å seie det sånn. Vi drog heim like utrent og dvask i skinnet som då vi kom.

Men gladare

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.