Månedlige arkiver: desember 2019

42. Trampolinehelsike og ein ny kvardag

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Orker ikke, gidder ikke, passer m’ække, raker’ække
Vi’kke, ha’kke, må’kke, ska’kke, få’kke, bø’kke, ta’kke, tø’kke

Kvardagen altså. Vi kom i alle fall heim til rette tida på året. Mai. Sol. Fuglekvitter. Varme. Frukttre i blomstring.

Og trampolinar…

Trampolinar, eller fandens verk som eg  vel å kalla dei. Nabolaget var fylt av nyerverva konfliktgrunnlag. I somme stunder tenkte eg at det ville vore enklare å koma heim på vinterstid, sol eller ikkje. For kva seier ein til ei 6-åring som sjølvsagt berre vil hoppe på trampolinen med dei andre ungane, men som ikkje kan gjere nett det? Ein 6-åring som helst vil vere som andre 6-åringer og gjere det dei andre 6-åringane gjer. Som fell utanfor når ho er den einaste som ikkje får lov. Eg har berre takka min skapar for at me er velsigna med ungar som ikkje spelar fotball eller driv med andre sportslege aktivitetar, då hadde ho flytta heime frå. For godt.

– Ein bør vere ekstra forsiktig MINST heile det kommande året’, var instruksen frå sjukehuset, – elles kan og bør ein prøve å leva som normalt’. Vi nikka og forsto. Heilt til vi møtte problemstillinga i praksis, ca. 2 timar etter vi landa heime.

Dei to jentene i gata vår kom jublande mot henne då ho steig ut av bilen.

Sjølvsagt fekk ho leike med dei trass i at det var seint på kvelden, reisa hadde vore eit mareritt, og ho snarast burde i seng.

…men dei hadde fått trampoline…

Eg er blitt verdas verste mor. Ungen ønskjer meg ofte alt verst tenkeleg når ho har møtt igjen kvardagen med sine nye avgrensinger. Det hjelp ikkje med logiske forklaringer om at ho ikkje bør skada hovudet sitt igjen, og at eg seier nei fordi eg elskar henne. Ho opplev det som stikk motsett, at eg er vond, og ikkje vil henne vel. Og eg skjønar det.

Det var sommar og sol, og kva gjer ungar då? Dei hoppar på trampoline. Det er jo sjølve definisjonen på norsk sumarhageidyll der det bur ungar.

– Jenta mi, vil du ikkje høyre litt lydbok i staden for..?

SØK DEKNING…..

Ein heil del av raseriutbrota hennar er for oss foreldre komplett umogleg å begripe. Men slike som dette kan eg lett forstå. Eg kan veldig lett forstå henne. Men det hjelp så forsvinnande lite å forstå. Livet hennar etter skade, sjukehus og utskriving er fullstendig endra. Framleis er det mykje ho ikkje kan, får, eller orkar å vere med på. Ungen, som tidlegare elska bursdagsbesøk, har fleire gongar takka nei, fordi ho merkar sjølv at det blir for mykje for henne. Sjølv om enkelte ting har betra seg, er det somme ting som har sett seg fast. Batteriet hennar legg store føringer på livet og kvardagen hennar. Får ho ikkje nok kvile, så rasar alt. Ingen veit om det vil betre seg eller forsvinne. Alle veit berre at det har vart lenge, lenger enn alle har trudd og håpa. Utan mengder av tilrettelegging og tilpassing fungerer ho ikkje. Det fine er at vi byrjar å bli gode på det, det har snike seg inn som ein naturleg del av tilværet.

Uansett kom eg attende til livet vårt med ambisiøse intensjoner. Alt eg skulle gjere då eg kom heim!

Eg hadde nokolunde innfunne meg med lagnaden som heimeverande mor i uviss tid framover, og eg tenkte å gjere det beste ut av det. Nyte roa heime. Den ein sjeldan får kjent på i travle jobbkvardagar.

Vèret så lovande ut. Mai er favorittmånaden min, då naturen vaknar for fullt, og verda er like lysegrøn som håpet. Heimbyen er særleg vakker i mai, det ville bli ei fin tid å kome heim på.

Eg skulle ta ungen med ut i hagen. Skulder ved skulder skulle mor og dotter sitte og grave i beda, plante blomar og dyrke i drivhuset.

Eg skulle baka rundstykke, og vi skulle gå turar i skogen saman.

Det skulle bli idyll og harmoni.

– Eg trur du har gløymd kva du har vore gjennom, sa psykologen tørt då eg hulka sjølvmedlidande over at eg ikkje ein gong orka å gå på do sjølv, – kanskje du skal jekke ned forventningane dine kraftig…? Det er ein grunn til at mange foreldre er sjukemeldt i månadsvis etter slike traumatiske hendingar, og kor lenge har du vore heime..? Var det 8 dagar..?

Forventningane mine til meg sjølv var ikkje berre skyhøge, dei var fullstendig urealistiske. I tillegg til dei forventningane eg følte – eller trudde – at andre hadde til meg. At no som vi endeleg var komen heim, skulle alt vere som vanleg og gå som normalt. Eg skulle vere den gamle meg, den som folk smilande rista litt på hovudet:

– Skjønar ikkje kor du tek energien din frå, du får jo til så utruleg mykje, har eg alltid fått høyre.

Og eg FEKK til mykje.

Eg kunne spele to-tre framsyningar per dag. Teaterkompaniet mitt hadde 3-4 premierar i året. Eg skreiv nye stykke. Eg var tvillingmor.

Eg haldt huset plettfritt.

(…det siste der var blank løgn, det såg like bomba ut hos oss som hos andre barnefamiliar. Som regel verre.)

Men eg fekk gjort mykje. Sjølvsagt vart eg sliten, ofte kjende eg meg som ei vridd vaskefille, likevel fekk eg gjort ting.

No gjorde eg ikkje det. Tiltakslysta og energien var gått ut på dato.

Ingenting vart som eg hadde førestilt meg. Og ein kan jo undrast på kva det var eg eigentleg hadde førestilt meg.

Nokon gav meg eit godt tips. Ein skal prøva å re opp senga kvar morgon. Dersom ein ikkje får gjort noko som helst anna den dagen, kan ein i alle fall sjå på ei ryddig og velstelt seng før ein legg seg, og tenkje at ein i det minste fekk ein ting til denne dagen.

Det var faktisk ikkje så dumt, merka eg då eg prøvde det. Det funka. I alle fall i fire-fem dagar.

Livet er framleis saktegående. Verda utanfor går i rasande tempo, og eg lever i ei forvirrande blanding av å roe ned karusellen i magen, døyve uroa og rastløysa, den som i alle år har drive meg framover – og det å klare å setje ned tempoet. Rett og slett tillate seg å leve litt saktare enn andre – og ein tidlegare versjon av seg sjølv.

 Somme stunder klarar eg det. Og då nyt eg det. Inni hovudet mitt veit eg at livet er kort, og tida går så altfor fort. Og då zoomer eg inn til mikronivå. Og opplev til mi store overrasking at det faktisk er noko eg burde byrja med for lenge sidan.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Annonser

41. Pasientreiser & dei (eller heimreisa frå helvete om du vil)

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Nu är vi här och du ler emot mig
fast resan varit svår
Och vi glömmer att det varit vinter
se nu är det vår
Vi försvann, vi var långt, långt borta
Nu kan vi gå hem

Pasientransport tinga til klokka elleve. Herleg. Taxi. Ikkje etappevis med buss og båt og tog. Sutalaust og fint.

Det tek si tid å ta farvel med alle ein har vorten glad i, både tilsette og utsette. Vemodet var stort då vi gjekk dei faste rutene ein siste gong.

Livet rundt oss haldt fram. Folk kom og gjekk frå treningar og behandling, kantina fylltes opp med svoltne pasientmagar, travle sjukepleiarar hasta forbi.

Systera mi var komen for å hjelpe oss å pakke, og hjelpe oss på heimreisa. Det som hadde vore heimen vår i lang tid forsvann ned i kofferter. Veggene vart reinska siste kvelden, og tredde fram like nakne og uvelkomne som då vi kom.

Den morgonen vi skulle reise heim ville ikkje ungen stå opp. Ho kraup opp i gjestesenga til tanta, og snudde ryggen til verda. Alt var feil, klede, frukost – alt. Vrangsida ut. Det hjelpte ikkje same kva vi sa og kva vi gjorde, vi fekk henne ikkje ut av senga.

Eg kan berre spekulere i kva som plaga ho. Det var ikkje lett for nokon av oss å dra frå sjukehuset, og ho var nok like uroleg og til og med lei seg som eg. Det var merkeleg vemodig.

Teamsjukepleiaren vår, EM, gjorde ein aller siste innsats, og nådde som alltid gjennom. Fekk stelt henne, kledt på henne og sett håret opp i ein klassisk ‘EM-tutt’, av den sorten berre EM kunne. Og fekk lov til…

E vart og ei redning, ho hadde ekstra risgraut å dele.

Det var organisert slik at E og A skulle dra saman med oss, det var deira tur å teste ut daglegliv på permisjon, og dei skulle fly ein halvtime før oss.

Tre vaksne, to ungar, fire koffertar, to ryggsekkar og ei barnevagn. Alt var godt førebudd.

11.08

Stor bil var tinga. Liten bil kom.

Sjåføren klaska handa i panna og okka seg. Hjelpepleiaren frå teamet vårt hadde følgt oss ned. No vifta ho med rekvisisjonen der alt sto svart på kvitt, alt skulle vere rett og riktig. Det hjelpte ikkje, bilen vart ikkje større.

Ja ja, det ordnar seg nok. Då sender dei stor bil.

Stor bil var ikkje å oppdrive, hjelpepleiaren kasta seg inn i kampen, og to vanlege bilar vart tinga.

Sjåføren sa at dei andre bilane ikkje hadde barneseter. Vi kunne få låne dei dersom dei kom frå same selskap. Han tok dei ut. Vart usikker på om det var rett avgjersle, og lempa dei inn att.

Pleiaren drog dei ut att.

Sjåføren tok dei inn att.

Pleiaren drog dei ut att.

Sjåføren drog inn.

Pleiaren drog ut.

Hjelpepleiaren var ei eldre, ganske lita og veldig søt dame, lys og mild i røysta. Vi kunne ikkje førestelle oss å sjå ho noko som likna sinna. Men dette likna. Veldig.

– Du dreg ikkje herifrå med dei setane! Røysta var like lys, men med ei klang som ikkje let seg ta feil av.

Setene vart ståande, og taxien køyrde. Vi kjende lukta av svidd gummi og hissige ord.

 

11.39

Telefonen til hjelpepleiaren vår byrja å lukte svidd den og. Hadde ho hatt skritteljar, hadde ho fått full pott på dagkvota av steg og trappetrinn.

Småjentene var slitne, det nærma seg kviletid. Det ville ikkje bli kviletid. Auge og humør nærma seg raudt.

Klokka tikka og gjekk ubønhøyrleg. Flyene våre venta ikkje. Vi hadde avgangstid klokka 15.30, E og A ein halvtime tidlegare.

Ein sjukepleiar vi berre hadde hatt som vikar på avdelinga ein gong sat og mata ein pasient som var lenka til rullestolen utan førlegheit, og oppfatta den prekære situasjonen. Han kom med kald drikke og is til jentene før han trilla pasienten sin inn frå solsteiken.

– Men så kom igjen’a, vi ha’kke hele dagen på oss! Han klappa i henda for at pasienten skulle sette fart.

Vi lo. Sjukepleiaren lo. Og pasienten lo aller mest.

Eg har ikkje oversikt over kor hjelpepleiaren vår ringte og kven ho snakka med, men apparatet vart sett i gong. To bilar skulle kome. Pust ut!

Vèrgudane feira utskrivinga med full sumar, solen steikte, og vi sette oss ned i hagemøblane og naut omgjevnadene til sjukehuset på sitt beste. Vi saug inn eit siste inntrykk av den mirakuløse utsikta over fjorden, og prøvde å prente inn kvart einaste glimt i minneboka i sjela.

 

11.53

Ingen bil.

Hjelpepleiaren vår kom, ringte og gjekk.

12.07

Pasientreiser ringte. Fekk kjeft fordi tinginga av bil var gjort feil. ‘En kunne ikkje berre tinga felles bil til to ulike pasientar, det var ikkje reglement.’

Fornuft versus regler. Fornufta tapte.

Det spelte ikkje noko rolle at vi skulle same veg, at det var enklare å fylle opp ein bil og at to mødrer med ungar med hjerneskade kunne hjelpe kvarandre undervegs og på flyplassen. Det hjelpte heller ikkje at ei av mødrene – og ei tante (heldigvis i kvar sin familie) hadde utprega flyskrekk, i tillegg til å reise med eit funksjonshemma barn.

Regler er regler.

Ingen bil.

Hjelpepleiar kom, ringte, og gjekk.

 

12.16

Ingen bil.

Pleiaren kom, sa det skulle kome to bilar. Pleiaren gjekk.

Ein unge hylte.

Systera mi lufta tanken om å tinga om flyet til litt seinare.

Mor mi sendte sms.

 

12.32

Ingen bil.

Hjelpepleiar kom.

– Er ikkje bilen komen?

Ho ringte, ho gjekk.

To ungar låg på bakken og vrei seg.

Mor mi ringte.

 

12.40

Bil kom.

Ein bil.

Halvanna times køyretur til Gardermoen.

– E og A dreg først, sa eg, – dei må rekke flyet sitt, vi har litt betre tid.

Barnesete og kofferter inn.

A inn.

 

12.41

Taxisjåføren spør om det er A som er jenta mi.

– Nei, svarar eg og peiker på jenta mi, – det er ho.

Sjåføren viftar med bestilling.

– Då kan eg ikkje ta dei hine med. Det står dykkars namn på bestillinga, eg har ikkje lov å køyre andre.

A ut.

– Det er ikkje ein kjeft som veit kva ungen som sit i bilen din heiter, og dei må rekkje flyet sitt.

– Reglar er reglar. Berre dykk i min bil.

 

12.57

Kofferter ut.

– FLYET DEIRA GÅR FØR VÅRT OG VI VAR LOVA TAXI KLOKKA ELLEVE OG NO ER HO SNART EITT OG EG DRIT I REGLANE SÅ LENGE  VI ALLE REKK DEI FLYA VI SKAL REKKE FÅ DEN MINSTE JENTA INN I BILEN!

Kofferter inn, A inn.

Sjåføren står på sitt.

– Det er ikkje min feil, reglar er reglar.

Kofferter ut.

 

12.58

Småjentene er snart små tidsinnstelde bombar. Mødrene og. Viss ikkje dette ordnar seg snart kjem vi ikkje gjennom sikkerheitskontrollen utan at alarmen går.

 

12.59

– Drit, eg skjer i gjennom, no er eg raud i toppen, – då tek eg og dottera mi den bilen – MEN DEI TO ANDRE SKAL VERE MED!

Sjåføren tør ikkje protestere, han har lese ein plass at ein ikkje skal argumentere med ustabile menneske.

Systera mi (ho med flyskrekk) skrik ut.

– Du dreg ikkje frå meg, eg flyr ikkje åleine viss eg må dra seinare!

Eg kan ikkje ta slike smålege omsyn no.

– Vi dreg. Neste bil kjem snart, du kjem rett etter oss, dette fiksar du!

– Ikkje dra utan meg!!

– NO GJER DU DEG, DET MÅ BLI SLIK, DEI TO ANDRE REKK IKKJE FLYET SITT ELLES.

Dei andre to hadde billigbillettar, vi hadde dei dyrare som kunne tingast om.

Vi drog. Ungen hylgrein. Tante sto att.

Det var som ein dårleg film der eg såg avstanden gjere ho stadig mindre gjennom bakruta.

 

13.02

På veg.

Pust ut. Svingete vegar. Kokvarm bil. Gal sjåfør.

– Er du kvalm, jenta mi?

– Nei, eg fekk bilsjuketablett.

Det fekk ikkje eg.

 

13.03

Sms frå systera mi. Ingen bil

 

13.04

Sms frå systera mi. INGEN BIL!

 

13.05

A sovnar i bilen. E og eg vekslar blikk og veit ikkje om vi skal le eller grine av sjåføren. Karakter, er å seie det mildt.

 

13.06

Eg ring systera mi. Ingen bil. Eg snakkar med hjelpepleiaren som og er der.

Bil er lova seinast 13.10.

 

13.10

Ingen bil.

 

13.15

Ingen bil.

Ungen søv ikkje.

Sms frå systera mi:

‘Eg sit her framleis.’

Ny sms:

‘Vi rekk ikkje flyet’

Enda ein:

‘EG KLIKKAR SNART’

 

13.19

INGEN BIL.

Ungen mørknar både i og under auga.

– Dette går fint, jenta mi, eg er kald og roleg, – tante kjem snart. Mamma er her. Mamma passar på.

Sms frå systera mi:

‘Kva er det latinske namnet på noverande traumatisk stressreaksjon?’

 

13.20

Eg ring pasientkoordinatoren på avdelinga. Kjem ikkje gjennom. Dei sporar opp taxier for harde livet.

Sender panisk Facebook-melding til H, mora til åtteåringen på avdelinga:

‘MÅÅÅ SNAKKE MED KOORDINATOR, FINN HENNE OG BE HENNE RINGE’.

 

13.22

Ungen søv ikkje.

Eg ring systera mi att. Vi prøver å byte fly.

Koordinatoren ring. Dei står på vent på linja med Pasientreiser på ein annan telefon. Dei skal sjekke om endring av billetter og ringe attende.

Eg ring SAS:

«Ver venleg hald linja, du er no nummer femte -»

Eg legg på og googlar SAS og flytider. Vi flyg allereie, sjåføren køyrar som ein galning. Eg finn ikkje info om endring av billettar, nettet er dårleg. Eg spyr snart.

 

13.24

Ingen lyd frå sjukehuset eller Pasientreiser. Eg ring SAS.

 

13.29

Eg kjem gjennom til SAS. Jau då, vi kan byte, det er nokre få ledige plassar  på 17.15-flyet, og berre to plassar att klokka 22.50.

Det er himmelsprett og langhelg – alle flyg.

Det er ikkje noko gebyr, men mellomlegget kjem på 10.000,-.

– Takk for meg, kanskje eg ring attende, kanskje ikkje.

 

13.31

Eg ring sjukehuset, nemner ikkje mellomlegg. Dei ring Pasientreiser.

Eg ventar på tilbakemelding.

Ungen søv ikkje.

 

13.34

Sms frå tanta:

‘Nettopp kjørt, 120 i 90-sona. Det einaste som manglar no er ein fartskontroll’.

Sjåføren vår ønskjer dei lukke til, no startar rushtida gjennom byen.

 

13.35

Ungen søv framleis ikkje. Treng ikkje vera sporhund for å lukte stresset i mora, kor avbalansert ho enn forsøker å vere.

 

13.51

Eg ring mannen min.

– Vi rekker ikkje flyet.

– Scheisse! utbryt han på høveleg høgtysk. – Kva skjer?

– Har ikkje tid å forklara, det er ikkje vår feil Må legge på no.

Sjukehuset ring. Pasientreiser går med å booke om fly. Dei er på saka, skal gje tilbakemelding.

 

14.01

Gardermoen. E og A rekk flyet. A er nettopp vakna, og heilt på tulletur.

 

14.09

Eg hjelp dei med bagasje og innsjekk samstundes som sjukehuset ring. Dei har ikkje høyrt noko frå Pasientreiser, og lurer på om eg har det. Det har eg ikkje.

 

14.12

E og eg innser at dette er eit avskil. Vemod, sakn og mykje kjensler. Alt vi har delt og vore gjennom – no er det brått slutt på dagleg kontakt og felles opplevingar.

I slike tider elskar eg Facebook!

Så går dei frå oss, og forsvinn dei gjennom sikkerheitskontrollen.

 

14.17

Ungen er farleg sliten. Eg er rådvill. Peilar ut service-skranken til SAS, og trekk kølapp.

Min tur.

– Hei du, byrjar eg rasjonell og sakleg, – vi har altså hatt ein relativt tøff dag, taxien frå sjukehuset der vi har vore i ni veker og no er utskrive frå kom ikkje, fordi at Pasientreisa- uhuuhuuuuuu…OG UNGEN MIN ER SJUK SJØLV OM DET IKKJE SYNS PÅ HO OG UHUUUUHUUUU……!

Eg bryt saman.

SAS-dama trommar med fingrane på disken. Det er fleire med kølapp.

Eg tek meg saman, formidlar problemstillinga. Har dei billettar i våre namn? Det har dei, til 15.30-flyet – ikkje noko anna. Eg forklarar at vi ikkje kan dra med det. Dama i skranken gjentek det eg visste,  det er få billettar og dyrt mellomlegg.

 

14.25

Eg ring Pasientreiser.

‘Takk for at du ring, ver venleg å halde linja, du er no nummer…’

Eg held linja. Får ein mann på tråden. Forklarar i mindre venlege ordelag at eg i halvanna time har venta på info om nye billettar og at eg no står i skranken og kan få tre av dei siste og at dei kostar 10.000,- og at eg ikkje har tenkt å betale det sjølv fordi at det er DEIRA skuld!

– Vi fann ikkje bestillinga på namnet ditt –

– EG STÅR I SKRANKEN OG SER JO BESTILLINGA FRAMFOR MEG!

Hysteriet er i ferd med å ta meg.

– Ja det er beklageleg, seier han og legg seg så flat han kan. Det er ikkje i nærleiken av flatt nok, høyrer eg.

Når eg nemner prisen må han konferere med ein kollega og ringe meg opp att.

– Gjer det kjapt, snart er alle fly fullbooka, og då lovar eg deg trøbbel!

 

14.29

Ungen er sveiseblind av trøyttheit. Og svolten. Eg har trekt ny kølapp og er redd for å hamne bakarst viss eg går.

– Kan du vere så snill å halde auge med jenta i 43 sekund medan eg spring rett bort der og kjøpar mat til henne?

– Vi har ikkje lov til det, diverre.

– Men ungen er sju-

– Eg er lei for det.

Eg vurderer lynsnart. Kva kan skje om eg spring frå henne dei sekunda?

Ho kan skade seg. Det har ho allereie gjort, og verre kan ikkje det bli.

Ho kan springe vekk. Det orkar ho ikkje.

Ho kan verte kidnappa (då ønskjer eg kidnapparen lukke til på dette tidspunktet, og veit at han snart kjem til å returnere henne)

– Jenta mi, eg set innstendige auge i ho, – BLI HER! Eg må hente mat!

Ho lovar.

 

14.33

Eg spring baklengs til kiosken med auga på henne. Kjøper pølse og bolle. Spring tilbake.

 

14.36

Ungen et, eg ser på telefonen. Pasientreiser skulle ringe tilbake. Eg ventar.

 

14.41

Eg ventar.

 

14.44

Eg ventar.

Trekk ny kølapp, og høyrer andre fly fyllast opp, og håpefulle passasjerar bli avvist i skranken.

 

14.47

Eg ventar framleis. Enda ein kølapp.

 

14.51

Ring Pasientreiser.

‘Takk for at du ring, ver venleg å halde linja, du er no nummer fire’

Eg bannar, men ventar.

 

14.53

Eg rykk stadig framover i køen.

Pling. Min tur i skranken. Ikkje på telefonen.

Det einaste flyet heim går 17.15 via Stavanger, og det er nesten heilt fullt.

– Kva skjer om Pasientreiser tingar billetter og eg gjer det same? Kan noko refunderas?

– Berre med full flex.

Et augeblikks overveiing. Framtida passerar i revy. Eg, systera mi og ein sjuk unge på ein benk på Gardermoen midt på natta.

– Drit og dra, eg tek dei siste tre og eg betalar gladelig kontant for det er ikkje eg som skal betale det!

Eg får dei siste tre moglegheitene til å kome heim, og det luktar svidd visa rundt oss.

 

14.55

Pasientreiser ring.

– Ja hei du, då har eg klarert at du kan kjøpe de-

– EG HAR ALLEREIE KJØPT DEI OG DE SKULLE HATT I RÆVA MED ØKS HEILE GJENGEN, KVA I HELSIKE GJORDE AT TRANSPORTEN IKKJE KOM OG DE IKKJE FIKK FIKSA BILLETTER TIL OSS TIDLEGARE DETTE HAR TEKE TO TIMAR OG EIT MAGESÅR!

– Ja, det er beklageleg-

– EG SKA GJE DEG BEKLAGELEG!

Eg legg på, og forbannar at ein ikkje kan smelle på røret med mobiltelefonar.

 

15.01

Sms frå systera mi:

‘Er der snart. ‘

Boardingkortet ligg til henting i skranken.

Leverar kofferter, kjem oss gjennom kontrollen, og opp i loungen.

Eg pustar ut, ein gong for alle.

 

15.31

Lukkeleg familiesameining. Alle samla. Billetter i boks. Gratis mat. Gratis brus til ungen, gratis vin til mor (som eg har sagt før – vin eller valium!).

Fryd og gammen. Hell og lukke.

Tvungen lydbok-kvil for frøkna, aktiv skuldersenking for dei vaksne.

– Gud, for ein dag, seier systera mi, – men no kan vi le av det.

– Ja no kan vi le av det, stemmer eg i.

– Kofferten min hadde overvekt, eg orka ikkje meir då, seier ho, – så eg brukte det siste eg hadde – grinekortet. Eg sa eg måtte finne systera mi og den sjuke ungen hennar snarast. «Eg hadde dei nettopp her, berre gå du, det ordnar seg»

Vi stranda ikkje på Gardermoen. Vi var på veg, overvektige eller ikkje.

Men det er ikkje over før den tjukka dama syng.

 

16.01

Sms frå SAS:

‘SK4043 Oslo (OSL) – Stavanger (SVG) 17.15 – ny avgangstid: 17.50’

Vi ser på kvarandre. Kva då med flyet vidare frå Stavanger til Bergen. Vi reiser oss samstundes. Systera mi ring mora vår. Ungen må tisse.

Eg går for å finne eit SAS-menneske som kan seie noko vettig, og finn eit venleg andlet ved inngangen til loungen.

– Hei du, byrjar eg rasjonell og sakleg, – vi har altså hatt ein relativt tøff dag, taxien frå sjukehuset der vi har vore i ni veker og no er utskrive frå kom ikkje, fordi at Pasientreisa- uhuuhuuuuuu…OG UNGEN MIN ER SJUK SJØLV OM DET IKKJE SYNS PÅ HO OG UHUUUUHUUUU……!

Eg bryt saman.

Denne SAS-dama trommer ikkje med fingrane, men ventar tolmodig.

Eg tek meg saman.

Formidlar problemstillinga.

– … og no står vi i fare for å ikkje kome oss vidare frå Stavanger til B… UHHUUUHU!

– Pasientreiser ja, fnys dama, eg har lese ein del i media om dei. Vent her du.

Dama tek telefonen og seier kven ho har med seg her.

– …dei ja… ja? Jaha? Ho tastar på maskina framfor seg, – Den er grei. Takk, du.

Så vender ho seg mot meg.

– No vert det slik at de blir sendt med direktefly klokka 17.45.

– ?

– Er ikkje det flott då?

– Jammen, stotrar eg mellom snott og tårar, – var ikkje alt fullbooka då..?

– Du veit, då er det nokon andre som ikkje får reise då, auga hennar glitrar konspiratorisk, – men nokre passasjerar er viktigare enn andre. Ho blunkar til meg

– Men ikkje sei det til nokon.

– UHUUUHUUUUU, kaukar eg, denne gongen i takksamheit, – kan eg få gje deg ein klem?

Ho rekk ikkje svare før eg kastar meg over henne.

– Eg berre elskar SAS, eg skal aldri fly med nokon andre, aldri. Eg elskar deg og, forresten!

Mor mi ring.

– Då er eg eit tastetrykk frå å tinga billetter med Norwegian i kve-

-Iiiiikje gjer det, nærmast skrik eg, – Drit i Norwegian, vi kjem heim, VI KJEM HEIM og eg ELSKAR SAS!

 

17.30

Ungen er segneferdig, og det kan smelle korti som helst. Det er eit under at det ikkje allereie har skjedd. Vi hamnar langt bak i boarding-køen.

– Orsak..? Vi har snike oss fram til skranken, kviskrande viftar vi med sympatikortet for alvor. Flydama bøyer seg fram.

– Ehm… vi har ein unge som er har skada hovudet, og som snart har nådd tålegrensa, er det mogleg å få gå først inn i flyet..?

Blikka til dei andre passasjerane då vi får lov er ikkje vanskeleg å tolke.

– Frekt, tenker dei, – snike seg i køen på den måten.

Det var oppe til vurdering å henge eit skilt rundt halsen på ungen:

«Eg har ein usynlig sjukdom/skade, som ikkje kan sjåast på meg. Svært få menneske har  forståing for det, og det er utroleg vanskeleg til tider. Lik og del viss du kjenner nokon som slit med den slags du og.»

Vel inne på flyet brakar det laus. Det går i ball for ungen. Det ligg an til å bli ein av dei flyturane, slike du veit, når du sit som barnlaus passasjer og anten får vondt i hjartet i sympati, eller ergrar deg grenselaust over udugelege foreldre som ikkje får kontroll på rabiate ungar.

Atter ein gong takka eg himmel og univers for tantekløkt, velvillige passasjerar som bytte sete, og ei dropseske vi hadde på lur.

– Er ikkje livet ei pussig greie, fjasar eg til flyverten som kjem forbi med tralla si, – i går var det siste kveld på sjukehuset vi har vore heile våren, og der trefte vi ei dame som hadde knekt nakken i eit flykrasj for 25 år sidan. Og i dag sit eg her og berre elskar SAS og dei!

– HYSJ! freser systera mi.

Turen over fjella vart ein smule turbulent, og då snakkar eg ikkje om flyet. Men vi flaug, vi landa – vi kom heim.

Eg kan ikkje ein gong førestelle meg korleis det var for ungen. Men då vi gjekk ut av flyet, i strålande sol – vart eg så overvelda av det heile at tårane fløyma fritt. Det var ikkje til å fatte at vi var komne gjennom og ut på den andre sida, at livet på sjukehus no var over, at vi var heime. Eg skulle ikkje dra frå guten min fleire gonger!

Vemodet spilte ei sterk rolle, det var mykje godt å reise frå og.

I rulletrappa gav eg berre opp å ta meg saman, det hjelpte ikkje uansett. Andre passasjerar skjegla på meg frå augekroken. Betrakta i smug denne mora, som med dottera i handa gjekk i oppløysing framfor auga på dei og hulka seg opp rulletrappa. Eg undrar på kva dei tenkte og trudde, kva slags historie eg vart tildelt.

Eg er av den observerande sorten, og når eg ser andre som på ein eller annan måte utmerkar seg, tillegg eg dei bakgrunnshistorier og fantaserer livleg på deira kostnad.

Mann og son venta på oss på flyplassen. Mor mi og dei var der og, klare med flagg.

Men det var guten eg kasta meg over, før eg drukna skuldra på dei andre. Gud hjelpe, kor glad eg var for å vere heime hos han att. Eg såg at han vart skeptisk i blikket då eg klemte han så hardt, og måtte forsikre guten om at det berre var gledestårer som fløymde.

Vi var heime.

Det var ikkje til å tru.

Vi var heime.

…no gløymde eg nesten å nemne at systera mi hadde kjøpt ‘velkomen heim-gåve’ til ungen.

Det var Den Forsvunne Diamanten

HO SKULLE HATT I RÆVA MED ØKS!

PS…For orden skuld… dei 10.000,- fekk eg aldri tilbake frå Pasientreiser. Mannen eg snakka med, som gav muntleg klarsignal for at eg kunne legge ut og få tilbake, loggførte det aldri. Det vart ord mot ord, og medførte ei uoverkommeleg oppgåve å ‘sannsynleggjere og gjere greie for’ midt oppi alt anna vi sto i då vi kom heim.

Annonser