Kategoriarkiv: ny kvardag

42. Trampolinehelsike og ein ny kvardag

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

Orker ikke, gidder ikke, passer m’ække, raker’ække
Vi’kke, ha’kke, må’kke, ska’kke, få’kke, bø’kke, ta’kke, tø’kke

Kvardagen altså. Vi kom i alle fall heim til rette tida på året. Mai. Sol. Fuglekvitter. Varme. Frukttre i blomstring.

Og trampolinar…

Trampolinar, eller fandens verk som eg  vel å kalla dei. Nabolaget var fylt av nyerverva konfliktgrunnlag. I somme stunder tenkte eg at det ville vore enklare å koma heim på vinterstid, sol eller ikkje. For kva seier ein til ei 6-åring som sjølvsagt berre vil hoppe på trampolinen med dei andre ungane, men som ikkje kan gjere nett det? Ein 6-åring som helst vil vere som andre 6-åringer og gjere det dei andre 6-åringane gjer. Som fell utanfor når ho er den einaste som ikkje får lov. Eg har berre takka min skapar for at me er velsigna med ungar som ikkje spelar fotball eller driv med andre sportslege aktivitetar, då hadde ho flytta heime frå. For godt.

– Ein bør vere ekstra forsiktig MINST heile det kommande året’, var instruksen frå sjukehuset, – elles kan og bør ein prøve å leva som normalt’. Vi nikka og forsto. Heilt til vi møtte problemstillinga i praksis, ca. 2 timar etter vi landa heime.

Dei to jentene i gata vår kom jublande mot henne då ho steig ut av bilen.

Sjølvsagt fekk ho leike med dei trass i at det var seint på kvelden, reisa hadde vore eit mareritt, og ho snarast burde i seng.

…men dei hadde fått trampoline…

Eg er blitt verdas verste mor. Ungen ønskjer meg ofte alt verst tenkeleg når ho har møtt igjen kvardagen med sine nye avgrensinger. Det hjelp ikkje med logiske forklaringer om at ho ikkje bør skada hovudet sitt igjen, og at eg seier nei fordi eg elskar henne. Ho opplev det som stikk motsett, at eg er vond, og ikkje vil henne vel. Og eg skjønar det.

Det var sommar og sol, og kva gjer ungar då? Dei hoppar på trampoline. Det er jo sjølve definisjonen på norsk sumarhageidyll der det bur ungar.

– Jenta mi, vil du ikkje høyre litt lydbok i staden for..?

SØK DEKNING…..

Ein heil del av raseriutbrota hennar er for oss foreldre komplett umogleg å begripe. Men slike som dette kan eg lett forstå. Eg kan veldig lett forstå henne. Men det hjelp så forsvinnande lite å forstå. Livet hennar etter skade, sjukehus og utskriving er fullstendig endra. Framleis er det mykje ho ikkje kan, får, eller orkar å vere med på. Ungen, som tidlegare elska bursdagsbesøk, har fleire gongar takka nei, fordi ho merkar sjølv at det blir for mykje for henne. Sjølv om enkelte ting har betra seg, er det somme ting som har sett seg fast. Batteriet hennar legg store føringer på livet og kvardagen hennar. Får ho ikkje nok kvile, så rasar alt. Ingen veit om det vil betre seg eller forsvinne. Alle veit berre at det har vart lenge, lenger enn alle har trudd og håpa. Utan mengder av tilrettelegging og tilpassing fungerer ho ikkje. Det fine er at vi byrjar å bli gode på det, det har snike seg inn som ein naturleg del av tilværet.

Uansett kom eg attende til livet vårt med ambisiøse intensjoner. Alt eg skulle gjere då eg kom heim!

Eg hadde nokolunde innfunne meg med lagnaden som heimeverande mor i uviss tid framover, og eg tenkte å gjere det beste ut av det. Nyte roa heime. Den ein sjeldan får kjent på i travle jobbkvardagar.

Vèret så lovande ut. Mai er favorittmånaden min, då naturen vaknar for fullt, og verda er like lysegrøn som håpet. Heimbyen er særleg vakker i mai, det ville bli ei fin tid å kome heim på.

Eg skulle ta ungen med ut i hagen. Skulder ved skulder skulle mor og dotter sitte og grave i beda, plante blomar og dyrke i drivhuset.

Eg skulle baka rundstykke, og vi skulle gå turar i skogen saman.

Det skulle bli idyll og harmoni.

– Eg trur du har gløymd kva du har vore gjennom, sa psykologen tørt då eg hulka sjølvmedlidande over at eg ikkje ein gong orka å gå på do sjølv, – kanskje du skal jekke ned forventningane dine kraftig…? Det er ein grunn til at mange foreldre er sjukemeldt i månadsvis etter slike traumatiske hendingar, og kor lenge har du vore heime..? Var det 8 dagar..?

Forventningane mine til meg sjølv var ikkje berre skyhøge, dei var fullstendig urealistiske. I tillegg til dei forventningane eg følte – eller trudde – at andre hadde til meg. At no som vi endeleg var komen heim, skulle alt vere som vanleg og gå som normalt. Eg skulle vere den gamle meg, den som folk smilande rista litt på hovudet:

– Skjønar ikkje kor du tek energien din frå, du får jo til så utruleg mykje, har eg alltid fått høyre.

Og eg FEKK til mykje.

Eg kunne spele to-tre framsyningar per dag. Teaterkompaniet mitt hadde 3-4 premierar i året. Eg skreiv nye stykke. Eg var tvillingmor.

Eg haldt huset plettfritt.

(…det siste der var blank løgn, det såg like bomba ut hos oss som hos andre barnefamiliar. Som regel verre.)

Men eg fekk gjort mykje. Sjølvsagt vart eg sliten, ofte kjende eg meg som ei vridd vaskefille, likevel fekk eg gjort ting.

No gjorde eg ikkje det. Tiltakslysta og energien var gått ut på dato.

Ingenting vart som eg hadde førestilt meg. Og ein kan jo undrast på kva det var eg eigentleg hadde førestilt meg.

Nokon gav meg eit godt tips. Ein skal prøva å re opp senga kvar morgon. Dersom ein ikkje får gjort noko som helst anna den dagen, kan ein i alle fall sjå på ei ryddig og velstelt seng før ein legg seg, og tenkje at ein i det minste fekk ein ting til denne dagen.

Det var faktisk ikkje så dumt, merka eg då eg prøvde det. Det funka. I alle fall i fire-fem dagar.

Livet er framleis saktegående. Verda utanfor går i rasande tempo, og eg lever i ei forvirrande blanding av å roe ned karusellen i magen, døyve uroa og rastløysa, den som i alle år har drive meg framover – og det å klare å setje ned tempoet. Rett og slett tillate seg å leve litt saktare enn andre – og ein tidlegare versjon av seg sjølv.

 Somme stunder klarar eg det. Og då nyt eg det. Inni hovudet mitt veit eg at livet er kort, og tida går så altfor fort. Og då zoomer eg inn til mikronivå. Og opplev til mi store overrasking at det faktisk er noko eg burde byrja med for lenge sidan.