10. Rundt og rundt

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk)

Inni magen er en karusell

som snurrer rundt når det er kveld

Inni hjertet er det stein og sand

som skraper opp en supermann

(Christine Sandtorv)

Etter psykologseansen fann vi broren og tante i oppe i fjerde etasje. Timane hadde floge, guten hadde knapt sett mora si. Han og sjukepleiaren hadde funnet rommet til systera, der ho låg i stummande mørke. Tolmodig og stille sat han bak forhenget og såg film på iPaden. Tapre, flinke guten.

Ballongbukett frå skulen

Systera mi gjekk ned til ungen medan M og eg spelte fotballspill med guten.

Det fekk me gjere i 7 minutt, då kom barnenevrologen og ville ha eit ord.

– Vi hadde forventa oppvakning og betring etter kvart. Men slik me vurderer tilstanden til dottera di, seier sjukehuset i heimbyen din nei til å ta i mot ho. Dei tilrår åtte veker på rehabiliteringssjukehus her på austlandet.

 

Verden snurra. Golvet forsvann. Eit mørkt hol opna seg, og saug meg ned i dypet.

 

Sjukehuset heime sa nei.

Åtte veker.

Rehabilitering.

Sto det så gale til med henne?

Var ho så dårleg? Så hardt skada?

Sjukehuset heime sa nei, åtte veker på rehabilitering.

 

Dette rehabiliteringssjukehuset er det beste i landet. Nyhende gjennom åra hadde fortald om idrottsutøvarar med store skadar som vart trilla inn og som gjekk ut att på eigne bein. Men ein får gjerne ein del assosiasjonar i hovudet når ein høyrer namnet. Mine var ikkje oppløftande.

Eg hadde oppfatninga av at det er der dei verkeleg ille skadane hamnar, og eg såg for meg at ho ville kome heim og male med munnen. Det at ungen skulle nettopp til det sjukehuset var dropen som fekk angstbegeret til å flaume over.

Då den verste dødsangsten hadde roa seg dagen før, dukka no det nest verste skrekkscenarioet opp. At ho ville kome til å sitje i ein stol, gapande og siklande, stirande apatisk ut i lufta.

Ei jolle i storm. Ein smårolling som hadde mista foreldra i folkemengda på 17. mai. Ein skigåar teken av snøras. Slik kjende eg meg.

Konsekvensane sto i kø og hamra på spreng i hovudet. Vi hadde mista jenta slik vi kjende ho. Ho var borte, sjølv om ho låg i sjukesenga si nede på rommet.

Åtte veker borte frå guten min, vekke frå heim, mann og kvardag. Borte frå livet vårt. Logistikk med jobb, ungar og reising. Økonomi! Korleis ville det påverke økonomien til ein frilansar avhengig av å seie ja til oppdrag som kom inn?

 

Der og då plog eg gjennom almanakken, og rydda plass. Ingenting anna var viktig. Den einaste store krisen var guten. Han og tvillingsystera har aldri vore borte frå kvarandre. Han og eghar aldri vore borte frå kvarandre, utanom ei helg no og då.

 

– Superkrefter no, mor, superkrefter! Eg mana meg sjølv innstendig, men kjende sikringar ryke i hjernen og verda, ‘as I knew it’, raste saman.

 

Det vart ikkje meir fotballspel med guten den dagen.

 

Vår tiltenkte plan med å ta guten ut for å ete middag på kafé gjekk så heidundrande i vasken.

Han var sliten. Eg var bortanfor all fornuft.

 

Då vi kom ned att til sengeposten hadde ungen vore på MR. Legane ville sjå om det var skadar som var gått djupare i hjernen. Dei ville og nytta narkose-høvet til å leggje inn sonde på henne. Men dei var for sein, og ho hadde fått panikk.

Eg hadde to born som no desperat trong mor si, på kvar sin kant og kvar sin måte.

Mamma er her. Mamma passar på.

Ikkje i ville helsike. Ikkje ein gong den beste mor i verda kan vere to plasser samstundes, superkrefter eller ei.

 

Det tikka inn melding om at bestemor hadde vippsa pengar til noko godt og glad. Det var så kaotisk rundt oss at eg knapt fekk det med meg der og då, men omtanken varma. Særleg fordi det var ei naudsynt oppmuntring for guten.

Han var så utsliten alt han ikkje hang saman, og no M tok han med seg heim til lovnad om pizza og godteri. Ungen vart stornøgd. Godteri midt i veka. Drit i prinsippa, du hadde gjort det same,.

 

Eg kan vanlegvis tole mykje stress. Men denne dagen altså, denne dagen!

Eg var så glad då dei gjekk, for superkreftane måtte snart ladas opp.

 

Pårørande ser alltid mykje fresh’ere og nøktern ut på Grey’s når dei raknar i saumane. Eg ser meir ut som ei udefinerbar klump som ligg og vrir seg på golvet.

Det hjelpte ikkje kor mykje mor mi enn prøvde å trøyste gjennom telefonen. Alt velta fram. Usensurert, fuktig og høgst usjarmerande sett utan i frå.

 

Ho skal vere glad ho slapp så lett unna, trøndersjukepleiaren som insisterte på at dei måtte gjere eit nytt forsøk på å setje inn sonde, med eller utan narkose. Det var Rosenborg mot Brann. Og Brann smadra Rosenborg.

 

Nok ein ny lege kom for å gje oss resultata frå MR’en. Dei fann ingen djupare skadar i hjernen, men blødingar i temporallappen på venstre side og i pannelappen vart bekrefta. Han la ut om kognitive funksjonar og seinskadar før han bekrefta at det vart åtte veker på rehab. Eg sa ‘ha’ og ‘ja’ og nikka.

Det dukka uventa opp sushi-levering på rommet då kvelden kom. Det er ikkje akkurat den slags mat ein finn i menyen til eit sjukehus, for å seie det sånn, sjølv om maten der ikkje ville vore så verst dersom ein berre klarte å ete.

Det var to gode kollegaer frå heimbyen som hadde organisert og tinga. Omtanken varma sjela, sjølv om eg vart flau over at magen ikkje orka tanken på mat.

Sånn elles i livet, når eg ser etter dei små glimt av lukke i kvardagen, er første biten i eit sushimåltid høgt oppe på lista. Utruleg nok slo det ikkje feil denne gongen heller. Ein skal ikkje undervurdera effekten litt næring i løpet av ein dag. Eg hadde ikkje ete noko heile dagen, så trøndersjukepleiaren fekk nok merke effekten av lågt blodsukker i tillegg til ei i utgangspunktet sjokkskadd mor.

Godt det ikkje gjekk verre enn det gjorde

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.