35. HEIA BRANN & DEI del 2

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du ikkje ein skit. Men ta det bitvis, det er mykje etterkvart)

…følede Freden, blev glad i min Aand                                                                                                        og greb til min citar med legende haand.

No kjem eg til den delen som viser for ei uansvarleg mor eg er. Eg trossa sunn fornuft og alle anbefalingar for å gje ungane (som ikkje var spesielt fotballinteressert dei heller) ei oppleving og moglegheit ein ikkje får servert kvar dag.

Eg hadde ikkje akkurat turt å seie til sjukehuset og dei at pasienten deira, ho som var på skjerming og ikkje tålte verken lys eller lyd, skulle springe inn på Stadion, hand i hand med Brann-spelarane til full jubel frå 6000 tilskodarar.

Vi over-skjerma ho tidlegere på dagen, gjorde alt vi kunne for å lade batteria mest mogleg.

Utanfor Stadion var det full halloi, med telt og hoppeslott og musikk og folk. Ungen gjekk med stivt blikk og såg framfor seg.

Dei hadde sagt vi skulle møte tidleg. Det vart gjerne ikkje heilt optimalt, for ventetida var lang. Det vil seie, den ekstra tida kom godt med til å godsnakke med ein motvillig maskot som ikkje ville ha så mykje som ei raud strømpe på seg.

Det var gratis pølser og brus i presserommet, der vi fekk vente.

Mor mi var starstruck allereie då trenaren kom inn og tok seg ei pølse. Eg hadde ikkje visst kven han var om han så hadde sete seg på fanget mitt. Trenaren rufsa broren hennar i håret. Det kunne jo vore fantastisk for han det, om han hadde visst kven det.

Eg veit nemleg eit og anna om å bli starstruck og rufsa i håret av store idol.

Då eg var på alder med tvillingane tok mor mi meg med i Grieghallen på konsert. På den tida var eg dødeleg forelska i den franske pianisten Richard Clayderman, og det var ikkje til å tru at han var i Bergen! Mor mi sydde ny kjole for anledninga, og eg stilte hand i hand med henne, nystrigla og fjong. Grieghallen var stappfull. I følgje mor mi var eg einaste ungen (han var vel ikkje heilt på høgde med stjernestatusen Markus og Martinius har på dagens ungar).

Eg minnes enno kor bratt det såg ut nedover benkeradene mot scena. Taklysa vart slekte, scenelysa var tent, spot’en leita seg fram – og der entra han scena og lyset, min helt, mitt idol, mi stjerne – sjølve Richard Clayderman. Ingen over, ingen ved sida!

Eg gapte. Eg stira. Eg fann meg i ei tilstand av vantru og febrilsk glede. Då applausen hadde lagt seg, mannen hadde vifta ‘pingvinhalefrakken’ sin vekk med ei elegant handrørsle – då vakna eg av transen. Før mor mi rakk å reagere, ‘vakna’ eg av transen – reiste meg opp og skreik

– AAAAAAAAAAAAHHHHHHHH!!!!!!!!!!!!

-Sitt!! Mor mi trakk meg kjapt ned i setet, før ho gjorde seg så usynleg ho kunne der ho sat.

Meir hugsar eg ikkje av konserten. Men etterpå, då mannen i mitt liv sto og signerte LP-plater – og mor mi hadde brukt sine siste kronar på ei til meg – sto eg heilt nær han. Eg meiner, kloss oppi han. Då han omsider oppdaga meg, som drukna i mengda, signerte han plata, strauk meg på kinnet – og rufsa meg på håret. Eg svima nesten av!

No, i den forventingsfulle stemninga i presserommet på Brann Stadion, ønskte eg det var litt sånn det kunne vere for sonen min når trenaren ruska han i håret. Eg meiner, når vi først hadde frårøva moglegheita frå ungar som verkeleg var Brannfans.

Det nærma seg kampstart. Stemninga var fortetta av spaning. Speakeren kom og helste på ungane og instruerte dei utanfor spelargarderoben der dei, tanta og eg fekk løyve til å vente.

– Kven heier du på då, vart guten spurt.

– Det raude laget!

– …som heiter..?

– Eg veit ikkje.

Bluss…

Viss Brann tapte no, ville vi bli kjeppjaga frå byen. Ansvaret tynga.

Det var ei oppleving! Eg hadde aldri trudd eg skulle seie det, men det var det.

Då oppvarmingsmusikken ljoma utover bane og garderobefasilitetar tredde vi hørselsvern nedover hovudet på jenta.

Spelarane kom ut for å varme opp, og gjorde ‘høg fem’ med maskottane sine. Kampen vart direktesend, og kamera fanga opp to små dansande raudkledde smurfar.

Guten fekk halde keeperen i handa (for all ettertid omtala av han som kompisen hans). Han var til og med austerrisk, og syns det var stas då han forsto at den vetle guten var tysktalande han og. Systera fekk æra av å gå hand i hand med sjølveste kapteinen. Eg ante ikkje kven han var eller at han var kaptein, eg syntes berre han såg litt alternativ ut på håret.

Startskotet gjekk, to litt stolte og veldig flaue tvillingar marsjerte saman med laga ut på banen, følgt av ei Branngal tante og uvitande mor luskande bakarst.

Det var fyrverkeri.

Det var musikk.

Det var øyredøyvande lyd frå 6000 fotballgale fans.

Ungane vart introdusert ved namn på høgtalaranlegget til sinnsjuk applaus og jubel.

Det var tikkande sms’ar frå stolte vener og familie som hadde sett ungane på tv.

Og eg bad.

– Kjære Gud, viss du finst… IKKJE la nokon frå sjukehuset sjå denne kampen!

Og så hende det. Det eg aldri trudde skulle skje.

Eg vart reven med! Gud forby, men eg vart det. Eg som ikkje ein gong likar fotball.

Då Nystemten runga over Stadion, klaska eg høgrehanda mot hjartet, og song med av hjartans fryd og lyst.

Og då eg såg ungane der ute på banen, ho med knallrosa hørselsvern, og han som klødde seg litt fråverande mellom begge stortærne – då dei oppdaga meg og vinka, og eg såg dei stråle meir enn fyrverkeriet – då grein eg!

Eg har aldri brydd meg om verken fotball eller Brann. Men dette slo den einaste andre kampen eg har vore på – 16. mai-kampen då eg var russ – ned i støvlene.

Faren deira kom heim frå Italia denne laurdagskvelden, perfekt tima så han kunne henta oss utanfor Stadion. Han fekk pent finne seg i å vente, dottera gjekk nemlig ikkje glipp av at kapteinen hennar sendte ballen i mål før ho forlét åstaden. No fekk dei klare seg på eigen hand, ho hadde gjort sitt.

Det høyrer med til historia at Brann knuste Stabekk. 3-0.

Ikkje overraskande.

Dei hadde jo ikkje kven som helt til maskottar heller.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.