30. Lovbrot og ei forbanna drittkjerring

(Er du ny lesar, så anbefaler eg at du les innlegga kronologisk – elles skjønar du nok ikkje ein skit:)

Du ska ikkje meste håpet
det e dett
Det e ikkje tungt å bære
det e lett
Ta det med dæ, det tar nesten 
ikkje plass 
Du kan legge det i veska
som et pass

Nest siste dagen av besøket tok eg guten min med meg på overnattingstur til besteveninna mi M, og familien hennar. Dei vi var hos då ulykka hende. Dei kom på sjukebesøk til ungen, og skulle ta broren og meg med seg heim. Då M var og besøkte oss på det førre sjukehuset var jenta reservert, som om ho hadde dårleg samvit for at ho ikkje hadde lystra ake-instruksane hennar. Men no var det varmt attersyn med både henne og mannen hennar.

Det vart ein av dei dagane…

Slike som har eit tempo ein ikkje heng med på.

Ungen starta dagen med å gå i vranglås på grunn av ei misforståing. Det hjelpte lite at den vart oppklara. Frukosten vart dermed forseinka, og innverka på den påfølgjande skuletimen hos logopeden langt borti gangen på naboavdelinga. Vi skulle vidare på bassengtrening, og klokka tikka så ubønhøyrleg fort at eg måtte hente både jenta og broren som skulle få vere med. Faren fekk oppgåva å få badeklede på dei, medan logopeden oppdaterte meg på den kognitive ståa. Då eg kom attende til rommet ti minutt før badetimen hadde ungen sprunge sin veg i sinne for eit eller anna, medan broren (som eg høyrte hyla frå langt bort i korridoren) hadde klemstra seg. Tikk takk, tida sprang nådelaust, men det var berre å skjula stress og tidsnaud. Det er som å kaste bensin på bålet og hjelp ikkje eit gram når dei låsar seg. Mengder med trøyst, forhandling og godsnakk fekk omsider begge ungane i badebuksa.

Seint ute.

Alt innestengd stress kokte no i toppen, parallelt med klede hadde ungane skifta ham frå krakilske puddingar til sprudlande masekråker. Dei skulle fortelje og snakke og seie. Alt. Samstundes. Mannen meinte eg kunne svara på spørsmåla hans om kva logopeden hadde sagt. Eg klarte ikkje tenkje, og endå mindre svara. Eg vart sur. Han og.

Vi kom oss i bassenget ti minutt for seint. Men vi kom oss i bassenget! Skuldrene senka seg, sjølv om irritasjonen dirra mellom mannen min og meg. Han skjøna ikkje kvifor det var eit problem for han å ta bilete av badande ungar. I ettertid skjønar eg at han kjende seg avvist av meg og ikkje forsto kvifor eg ikkje berre kunne svara, mens eg var så til dei gradar stressa at eg ikkje såg klart.

Etter bassengtreninga skulle guten ha psykologtime. Det var ikkje lett å bli klok på kva psykologen eller han fekk ut av det. Ho spelte Dyre-Lotto medan ho diskret sneik inn spørsmål og innspel om kva han tenkte og kjende om at han var til stades og såg ulukka. Guten er sjenert av natur, men ho er flink med ungar. Ved hjelp av  ‘kjensle-kart’ og kjensle-spel’ klarte ho å kartlegge nokolunde at han ikkje hadde vore redd.                  – Berre veldig lei meg, ifølgje han sjølv.

Kor dumme vi var som trudde ein skulle få hjelp etter slike hendingar. På sjukehuset var det tryggleik og oppfølging kvar dag. Men i livet etterpå… kor blåaugde vi var som trudde det fantes eit system til å ta i mot sånne som oss.

– Held fram med å snakke om kjensler heime, det ser eg at de så gode på.

§ 10 a.Helsepersonells plikt til å bidra til å ivareta mindreårige barn som er pårørende til foreldre eller søsken

Helsepersonell skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn kan ha som følge av at barnets forelder eller søsken er pasient med psykisk sykdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sykdom eller skade.

Helsepersonell som yter helsehjelp til pasient som nevnt i første ledd, skal søke å avklare om pasienten har mindreårige barn eller mindreårige søsken og vedkommendes informasjons- eller oppfølgingsbehov. Når det er nødvendig for å ivareta behovet til pasientens mindreårige søsken, skal helsepersonellet blant annet tilby informasjon og veiledning om aktuelle tiltak. Så langt det er mulig, skal det gjøres i samråd med foreldre eller andre som har omsorgen for søskenet.                          (Kjelde: Lovdata.no)

Etter elleve månader hadde eg omsider fått gjennom eit snev av traumekartlegging for guten. Han var der. Han såg ulukka. Han opplevde tvillingsystera medvitslaus og ugjenkjenneleg. Han lever kvar dag med endringane hennar.

Tre timar hos barnepsykolog. Deretter foreldresamtale.

– …korleis syntes du det har gått…? Barnepsykologen feste dei milde auga på meg. Eg visste kor det bar hen.                                                                                                       – Nei eg ser jo at det ikkje har fungert så godt. I hovudet såg eg kor han vrei seg på kontoret hennar. Så sjenert og utilpass at han ikkje visste kor han skulle gjere av seg. Bak fram på stolen. Oppå bordet. Under det. Full i distraksjoner. Påfunn for å sleppe å svare på spørsmål om ulukka. Sleppe å snakke om det ubehagelege.

Det milde blikket att. – Han er ikkje den enklaste å kome inn på, ho snurra på pennen sin, – og ja.. eg er ikkje sikker på om han har noko traume.                                                    – Men heime ser vi at han har endra seg, eg ville ikkje gje opp, – han er meir engsteleg. Redd for at noko skal hende, for at nokon skal døy. Og han slepp meg ikkje, det er som om navlestrengen har grodd fast att.

‘Vi får sjå det an’

‘Seinare’

‘Etterkvart som han modnast’

Det var berre å gje seg. Eg tok opp att googlinga. Nokon sa at hjernen kan gløyme traumer, men at kroppen og nervesystemet gløymer aldri. På Norsk Psykologiforening finn ein mykje om emnet.

Barndomstraumer antas å være spesielt alvorlig fordi de virker inn på barns utviklingsprosesser. Symptomene kan vise seg på ulike måter avhengig av barnets alder. For barn i barneskolealder kan man se tegn på atferdsvansker og opposisjonell atferd, hyperaktivitet og sosiale vansker. De kan virke overdrevent opptatt av egen og andres sikkerhet og virke engstelige. Eldre barn kan reflektere mer over sine egne handlinger og ansvar. De kan derfor oppleve mer skam og skyld enn yngre barn. De kan rapportere om fysiske helseplager, for eksempel magevondt og hodepine, og rapportere om konsentrasjonsvansker og nedsatt læringsevne.                                 Barn og ungdom kan altså utvikle alvorlige nevrofysiologiske-, emosjonelle-, sosiale- og psykologiske vansker etter traumatiske hendelser. De kan utvikle depresjon, atferdsvansker, psykoser, rusavhengighet, spiseforstyrrelser og symptomer på posttraumatisk stress diagnose(PTSD). 

Å ta hand om barn som pårørande er lovpålagt. I skrivande stund kjenner eg altså eit stort antall ungar som er utsett for lovbrot. Sonen min er ein av dei.

 

Etter guten sitt aller første møte med psykologer, bar rett vidare til pårørandemøte med heile teamet til systera. Ho hadde time med psykologstudenten som deltok i kartlegginga hennar, og broren vart sysselsett av ei sjukepleiar.

Dei mest merkbare konsekvensane hennar var at konsentrasjon, oppmerksamheit og hukommelse var ramma. Ho hadde reguleringssvikt, altså problem i den delen av hjernen som husar dirigenten for korleis ein regulerer reaksjonar, kjensler og åtferd.

– FORBANNA DRITTKJERRING! Rektor hadde knegga då ho refererte til raseriutbrotet  nyleg, der ungen var raudglødande på alt og alle rundt seg. Med tanke på alle dei eg no kjenner som strever i samarbeidet med skulen, er det ei lukke å vete at akkurat den biten fungerer. At vi har lærarar og ein rektor som ikkje lagar drama når ungen får raptus. At dei tek situasjonar som oppstår med humør.

– Vi måtte byte på å vere den vaksne som prøvde å roa henne ned, fortalde rektor etter ein episode, – vi vart så lattermild at vi ikkje klarte å halde oss alvorlege.

No vel.

– Hjerneskaden ikkje blir borte, fekk vi til svar på pårørandemøtet, på håpefulle spørsmål om akkurat det. – Betringa vil halde fram i fleire år, og følgjene av skaden vil kunne endre seg, dei andre i teamet nikka då legen snakka, – noko vil kunne bli betre, samstundes som andre utfordringar kan dukka opp.

Det vart mykje snakk om korleis det skulle fungere med skuledagar og skuleskyss, og vi forsto at det ville bli mykje heimeliv på henne ei lang tid framover.

Koordinatoren hadde vore i kontakt med både kommunen og habiliterings-tenesta på sjukehuset heime, og det gav oss tryggleik å vete at vi ikkje ville stå åleine etter utskrivinga.

Kor dumme vi var som trudde det.

Etter lunsj var jenta var lite klar for å avslutte Diamant-spelet med ein av dei andre små pasientane for å kvile. Ergo-timen hennar hadde vore flytta litt att og fram den dagen, men vi vart redda av at ergoterapeut-vikaren kom for å hente henne til time. Det gav ei naudsynt pustepause med venninna mi og mannen i sola utanfor. Det hadde blitt uventa mykje venting på dei. Min kjære og eg hadde fått ekstra samtaletid med psykologen klokka to. Det var eit stressmoment, men likevel naudsynt. Ungen kom attende ein halvtime før psykologtimen, og eg var desperat etter å få henne i seng. Eg såg ei kommande krise når ingen av oss var der, viss ho vart lagt medan vi ausa av oss frustrasjonane våre to etasjar under – og eg eventuelt var dratt av garde før ho vakna att utan at ho fekk seie ha det. Ho var ikkje veldig glad i endringar og overraskingar, kan ein seie, og langt i frå leggemodus. Ingen av oss skjøna kva det handla om. Ho gjekk så i lås som det gjekk an. Klarte ikkje å gjere greie for kva problemet var. Klarte ikkje formidla kva som plaga henne.

– Det er ikkje ferdig, det er ikkje ferdig, gjentok ho innstendig, men fekk ikkje fram kva som ikkje var ferdig.

Ei oppegåande sjukepleier forsto, og kunne informere om at ho hadde laga smoothie på ergo-kjøkenet, og den sto no i kjøleskåpet på avdelinga.

Eg kopla!

Ho ville leike kafé, nett som ho hadde gjort med tanta for nokre veker sidan. Kafé! Klokka var no kvart på to, og eg sveitta kaldt og varmt.

Tryll tryll, nokre glas, oppi med smoothie, fram på bordet – to kronestykke som betaling – og vi var i mål.

Trudde eg.

Ungen mørkna fullstendig og strauk av garde inn i leikerommet. Eg strauk etter. Fekk omsider ut av henne kva som no var gale: Det mangla krem i glasa. Attende til ‘kaféen’ i sofakroken utanfor rommet. Fann (HELDIGVIS) ein boks med spraykrem i kjøleskåpet, toppa smoothien med uanstendige mengder – og vi var i mål.

Trudde eg.

Ungen mørkna att og sprang attende til leikerommet. Faren og eg såg himmelfalne på kvarandre. Vi skjøna ingenting. Tida gjekk, og floka verka uløyseleg. Denne gongen var det pynt som mangla. Takk gud for at eg alltid henta for mykje frukt med frå frukostbufféten, og hadde nokre kiwibitar som gjorde nytta som pynt.

NO DÅ!

Eg fekk ho med attende. Denne gongen var vi i mål. Men klokka var to på to, og vi måtte skåle i hui og hast og springe medan vi overleverte problemet til sjukepleiaren. Ungen var no overtrøytt bortanfor all fornuft. Då vi kom attende ein time seinare, kunne ei av dei andre mødrene rapportere at det hadde vore rimeleg høglydt frå rommet vårt.

Mannen og eg fekk ein tiltrengt halvtime med psykologen, og eg ønskte eg kunne ta henne med heim i kofferten. Det var ikkje lett å få til felles samtaler med ein partnar i kvar sin by, og vi trong det verkeleg.

Takk og lov for at ein har vener med stort tolmod, og ungar som er glad i dei og trygg på dei når ein treng nokon til å steppe inn på i nauda slik det vart på ulukkesdagen.

Eg la sjukehus og kviletrøbbel og alt bak meg, og let faren styra løpet der. Guten og eg sette oss inn i bilen med venene våre. Vi la sjukehuset bak oss og køyrde mot eit nokså normalt døgn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.